onsdag, desember 31, 2008

GODT NYTT
ÅR TIL ALLE!

onsdag, desember 24, 2008

ENDELEG JULAFTEN

Endelig julaftan.

Siste veka før jul er det mykje å stå i med.
Vi har henta dottera og kjærasten.
Henta fram to gamle mjølkespann til mjølka i kakaoen.
For bygdekvinnelaget kjøpte vi inn
dukar, koppar, asjettar og anna utstyr
som trengtes til å lage til ein koseleg julefrukost til 240
elever og ansette på skulen.
Ost, ulike kjøttpålegg sortar, agurk, tomat, mandarin
og margarin nok til alle.
Hente 300 rundstykke på bakeriet.
Kakao laga vi og så det vart nok til alle.
Vi hadde og kjøpt inn ein kasserolle i gave til
skulekjøkkenet.
Dei ønska seg ein som dei kunne koke graut i,
etter mykje om og men greidde vi å skaffe ein
det var vist slutt på å lage tjukkbotna kasserollar no.
Vi var så mange som hjelpte til at pyntinga
kvelden før tok ein liten time.
Trur all mat og drikke var ferdig på rekordtid.
Ordna og med blomster til ei i laget
som fylte 70 år den 22. des,
det vart ei konfekteske til dei om
var så snill og ga oss mjølka til kakaoen.

Juleavslutning her, juleball der,
mannen blir opp ringt for dei treng
vikar på ei eller anna fergje.
Julekonsertar og lysmesse.
Ungdommar som skal hentast og køyrast,
ein gong hit og ein snartur dit.
Var vikar på biblioteket på måndagen,
og kom heim til pynta juletre.
Det var ungdommen i huset og venner som
stod for pyntinga.
I går hadde vi dei i kårhuset på julegraut,
nabo tausa kom innom med julegåver
og ville ha graut med oss.
Det var ho som fekk mandelen og fekk
ein premie.
Sidan Mr. Fargrike er heime(så langt vi veit no)
i jula har vi i alle fall ikkje for lite mat,
han er nesten verre enn mor si
og det seier vel mykje.
Var einige tidlegare at vi skulle ete opp litt i frysaren,
to dagar seinare hadde han kjøpt seg ein heil hjort.
Gjett om eg er glad han er heime.
Gløymte nesten å leggje julesjokoladen
til postbodet i raudkassa
men vi vart ikkje for sein heldigvis.
Då er Tre nøtter til Askepott ferdig,
og da er vel tida inne for å sjekke om
mannen i huset er i rute med julemiddagen
og eg skal ha den "vanskelege" oppgava
å koke sviskekompotten og lage sausen.
Ønsker alle som er innom på jule besøk
ei fin og fredeleg jul.

Ønsker alle som er innom på jule besøk

ei fin og fredeleg jul.

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

fredag, desember 19, 2008

TINGA TIL UKRAINA ER SENDT...

Har sendt avgårde det som skal til Ukraina.


Strikka litt labba i tillegg.




Ho som utfordra meg
har strikka alt dette.
Mange fine huer og labba.


Det var ein stor haug
på kjøkkenbordet då vi samla alle.
Håper at det kan varme
mange små og store.

Vi sendte nedover til saman
80 strikkede huer og labba.

Sendte med ein del andre
ting frå heimen og
vottar, skjerf og
refleks vestar som ingen passar i.


Reknar med dei treng slike
der og og ikkje berre oppe i Norge.
Då er det vel berre å leggje opp
til 2009 kolleksjonen.

*****************************

mandag, desember 15, 2008

LEFSER OG..............

Bakedag 1.

Semulegrynslefse.

Semulegrauten og
poteten forvandla vi til lefse.
Laga dobbel porsjon men
det blei for mykje for mine kne,
å stå så lengje om gangen.
Så det blir heller oftare og
ein porsjon neste gong.


Bakedag 2.

Rømmelefse.

Desse er raske å lage.
Mr. Fargerike var raskare enn meg,
han hadde pakka nesten alle
før eg fekk ta bilete.


Bakedag 3.
Først baka eg lysekakemenn,
kjevla deigen ut og
bruke pizza rulla på den,
sidan det var ikkje var nokon
som ville bake kakemenn i år.
Det var vist smaken som var
viktigast og ikkje fasongen.
Fann ei oppskrift som berre
hadde 125 gr. sukker
mot den som vi hadde
før med 500 gr.
Baka ein prøve deig først,
og den var kjempegod.

Vi laga tjukk lefse etterpå,
det gjekk ganske fort
sidan den stekte vi i steikeomnen.
Etter eit raskt overslag har vi sikkert
laga 200 lefser.


Avslutta med kokos bollar.
Då er alle fornøgde,
til tausa har eg laga "nonstoppkjeks".
Det eg kunna tenkt å bake til meg
sjølv er aniskringler,
men forkjølinga har ikkje blitt
betre så vi får sjå kva det blir til.

Telefonen ringt midt under lefsebakinga,

så vi hadde kvite "slippersmjølspor" på

løparen i stua til telefonen.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

mandag, desember 08, 2008

FORBEREDER OSS PÅ..........


No har eg koka semulegraut
og gubben har koka potet.
Dobbel porsjon, så her blir det
lefsebaking i morgon.

Håper dei kjem dei som skal
reparere sofaen i morgon.
Den har laga pipelydar sidan i sommar,
når vi setter oss ned i toseteren,
då ei fjør mista festet sitt.
Har til no fått to nye sitte-deler
som vi ikkje greier å bytte,
har ikkje lyst heller for da
gjelder ikkje garantien lenger.
Såda får vi sjå om dei kjem
som lovet.

TOVING AV TØFFLER

Har prøvd meg på garnet Rosendahl
hos -Nille.
Hadde fått ei bestilling på tovete tøflar.


Hekla dei kjempestore,
(gløymte å ta bilete)
Då dei var tova,
(sikkert litt for mykje)
hadde dei blitt rar.
Må nok lage nye,
fargane likte eg godt.
Så eg må vel prøve igjen.

Har lovt dei i Trondheim
at dei skal få tova sitte underlag,
dei var på Hopp konkurranse
i Granåsen i helga.
Og det var vist kaldt til dei.
Har laga fleire ting men dei må nok vente til,
gåvene er opna.

+++++++++++++++++++++++++


søndag, desember 07, 2008

JULEDUK-UFO

Forkjølinga vil ikkje sleppe taket,
i går tenkte eg jippi i morgon
kan eg gå meg ein tur.
Både Mr. Fargerike og eg hadde blitt verre i dag,
enklare for meg som kan sitte og kose meg inne,
mens han har hatt nattevakt på ferga heile veka.
Var sopass i går at eg forbarma meg over ein
av jule-ufo-ane mine i går.
Men så er det det med vinteren, at dei sender sport.
Dei ivrigaste tittarane her i huset
er eg og katten Jorunn.
Det er ei travel helg med skiskyting, langrenn,
handball-EM og curling.
Blir sveitt bare å tenke på det.
Eg greier å beherske meg,
men Jorunn blir så ivrig
at ho hoppar opp og stiller seg framom Tven.
I dag har eg mogligheita til å sjå all sporten
eg ville sidan mannen i uniform ikkje kjem heim før
i åtte tida i kveld.

Sola viste seg nokre minutt i eit skar
då eg skulle ta bilete,
men eg vart for sein sidan
vinden tok tak i duken min
i det eg skulle ta bilete.
Gler meg til sola "snur".
Fram mot solsnu har vi på
slutten berre 20 min,
då sola er over fjella.
Ynskjer meg sol på julaftan......og litt snø.

onsdag, desember 03, 2008

JULEBRØD MED OG UTEN..........

Julebrød er noko som
vi berre må ha til jul.
For oss som er oppvekst med rosiner og sukat,
er det det som smakar best.
Eit julebrød med sukat og rosiner
skal bli med inn i Norddalen,
når vi dreg på førjuls besøk.

Dei unge sitt alternativ.

Dei er kjempe gode,
vi har allerede smakt og
funne dei i orden.


Vil takke mi kjære varmepumpe
som atter ein gong har assistert
meg med hvinga av deigane.
Trur mine bakeferdigheiter er auka
mange prosent etter at
den kom i hus.

<<<<<<<<<+>>>>>>>

mandag, desember 01, 2008

IRRITERT SÅ DET HELD.....2

Då korpset hadde spelt under julegran tenninga,
hadde presten Sindre Stabell Kulø ei andakt
som oppfordra folk til fred og forsoning.
Folk møtte opp og støtta opp om han der.
Trur alle var like irritert som eg.
Heldigvis var kyrkja både i Bud
og Hustad fulle
av folk under lysmessene som
var der på søndag.
Reknar det hadde ein effekt
det som indremisjonen
hadde å seie om presten vår.
Lysmessa var fin både for oss vaksne
og konfirmantane våre.
Konfirmanten her i huset
følgjer at det går utover årets kull,
og ikkje minst kulla som kjem etter han.
Han føler seg ikkje særleg velkomen
til Leirstaden Frænabu når
dei skal dit over nyttår på leir,
når presten ikkje er bra nok.
Sidan dei er siste kullet som får komme dit,
men presten må ikkje forkynne,
er det vel økonomien som gjer at
dei får komme i år da.


Det var nyheiter både lokalt- og
riksdekkjande tv
om denne saka.

Eit bilete frå Farstadsanden på "vår"

side av elva.

***************************************

søndag, november 30, 2008

IRRITERT SÅ DET HELD.....

Blir så irritert, frustrert og sint
at eg har ikkje godt av det.
Då er det igang igjen,
blir det aldri slutt?
Vi er så heldig å ha fått oss
ein ny prest det siste året her ute.
Ein ung kar med pågangsmot
og vilje til å møte ungdomen
med eit ope og fritt syn.

Dette er det indremisjonen synes om presten vår.
Denne gongen var presten for at homofile
kunne arbeide i kyrkja.
Det at dei hadde partner og papir
på forholdet,
er vist for mykje for nokon.
Men å nekte presten å komme til leirstaden,
der konfirmantane skal vere er vel mykje.

Det som kanskje skremmer meg mest er
at desse folka frå indremisjonen,
ikkje har forandra synet sitt på kvinner og homofile.
Hadde det vert min bestefar som var født
for 120 år sida hadde eg forstått det,
men no i år 2008, nei.

Kjenner det knyter seg i meg.
Då eg var konfirmert 1979 hadde vi
ein prest som lærte oss gammaldans,
lærte oss å lage gode alkoholfrie drinkar,
at gleda å vere saman og bud skapet var viktig.
Han var også på lokalet då det
var arrangert dansefester,
han spela på fela i pausane og
var saman med sambygdingane.
Han sto ikkje ute og peika
med "nei-fingeren" sin.
Men han slutta som prest etter kvart,
etter press frå dei som syntes det ikkje
var slik ein prest skulle vare.

I nabokommunen vart det også styr då
dei fekk kvinnelig prest for ca. 30 år sidan.
Tenk å vere dame og attpåtil døype ungar som
ikkje hadde gifte foreldre.
Vi døypte faktisk begge barna der,
eit barn utanom ekteskap og eit same
dag vi gifta oss.
Om ei halv time skal vi på julegran tenning,
og der skal presten halde andakt.
Håper mange kjem og støtter han.
Seinare i kveld skal konfirmantane
ha lysmesse med same presten.
Hadde eg ikkje tenkt meg dit likevel,
så skulle eg i allefall gått berre
for å vise sympati med han.
Spennande å sjå om det blir full kirke i kveld,
det er vist stor aktivitet om dette på facebook.
Det er ein SMS aksjon i følgje avisa.
Håper alle slår ring rundt presten,
vi treng slike folk her.
No må eg slutte for snart skal korpset spele.

******************************************************''

fredag, november 28, 2008

JUL MED NOKO ATTÅT


På torsdag hadde hagelaget
sitt julemøte, vi var godt over 30 stk.
vi varta opp med mat, trekkspel,
allsong og julepynta lokale.
Leiaren og eg viste bilde
frå hagar og natur bilde frå
distriktet.
Som vanlig var det loddsal
og lykkja hadde vist snudd,
eg har faktisk hatt flaks eller
vinnarlykke i det siste.
Eg vann ei raud julestjerne

og ein lilla St. Paulia.
Men vinnar lykkjen har sin pris,
på vei heim frå hagemøtet
("Tusenborg" som er ca. 1km frå heimen )
fekk eg meg ein hurtig voksande
halsverk.
Når eg kom inn døra hadde eg så ilt i halsen,
at eg nesten ikkje greidde å svelgje.
Sidan har eg vert tufs og har brukt
mesteparten av dagen
på sofaen saman med dyne og pute.


I dag hadde eg tenkt meg til Kristiansund
på eit møte gjennom bygdekvinnelaget,
men hadde ikkje meldt meg på
det er eg glad for no.
dyna er nok best for meg i dag.

Det var vel flaksen som var utgangspunktet

for dette innlegget,

så da må eg vel forsette med

det eg hadde tenkt.

Oppdaga til min store overrasking tidlegare i haust

at eg hadde fått litt over 5 tusenlappar

inn på tippekortet mitt frå Norsk tipping.

Ikkje veit eg når eg hadde flaks

eller kva for eit spel som hadde "flaksa" med meg.

Har lurt litt på kva pengane skulle brukast til,

att og fram,

att og fram har eg tenkt.

Dottera meinte eg måtte bruke dei på meg sjølv,

men har ingen store ynskjer akkurat no.

Er litt redd for at eg ikkje får

veldedig gåve i år men er ikkje sikker (hint-hint).

Har allereie fått ein gris og ei geit

som bor i Asia ein plass.

Før eg sjekka tippekortet mitt

las eg på ein blogg om mikrolån.

Kort fortalt låner eg ut eit beløp på 25 dollar,

til nokon som treng å starte for seg sjølv

eller vil utvikle si eksisterande forretning,

og dei tenar pengane inn igjen

og betaler tilbake lånet til meg.

Det eg såg på bloggen var om damer i u-land

som trengte eit lite lån for å utvikle verksemda si.

Om eg har forstått det rett.

Her inne var det eg fatta interessa for mikrolån.

http://miriel.mymanythoughts.com/

Allting har ein slutt,

"knuseavdelinga" kan melde at under seansen

med å leggje på jule dukane.

Kom eg til å dulte bort i min høge kubbelysestake

som datt i golvet og forandra utrykk fort.

JA, Anita det var den eg fekk av deg....:-(

Men har greidd å få opp advents lysa

utan fleire uhell.

Ynskjer alle ei fin adventstid!

*********************************************


søndag, november 23, 2008

IKKJE ALLTID LIKE LETT.......

Ikkje alltid like lett å finne
på kva ein skal gje vekk i gave,
spesielt til mannen i huset.
Mr. Fargerike fylte år mens han
var ombord.
Overraskande nok ynskja han seg ikkje
noko i år heller.
Då bygdekvinnelaget skulle arrangere
"lefsebakingskurs"
meldte eg meg på.
Kom han heim tidsnok kunne
han få plassen min,
men det vart plass til begge to.
Gliset var stort då eg fortalte
kva han skulle få i gave.
Dette er noko han har hatt
lyst til å lære seg i
mange år.
Her er lefsebakinga godt i gang.
Vi laga lefser over to dagar,
tre ulike sortar.
Har aldri hatt så mykje lefse i hus før.
Det blir vel lefse til konfirmasjon uansett,
sidan han har skumle planar om å lage
fleire før jul.

@@@@@@@@@@@@@@@@@


KAST - GJE VEKK EIN TING KVAR DAG.... FERDIG....

Har i kika på desse
kaste/gje vekk innlegga,
og hadde ei rask oppteljing.
Har ikkje alltid skrevet opp nøyaktige talet
men kom til at eg har kvitta meg med
nærmare 400 ting.
Berre det å starte oppryddinga
var godt.
Så då reknar eg med at eg har oppnådd målet ned
å kvitte seg med 365 ting.

Håper eg får fart på meir innhaldsrik blogging
sidan eg har slutta med dette.
********************************

tirsdag, november 18, 2008

KAST - GJE VEKK EIN TING KVAR DAG 153-178

Dagane går fort i den romsdalske heim.....
Trur eg har all verda av tid
til å gjere det eg
ønskjer å gjere mens
mannen er ute på havet.

Han var vekke nesten
seks veker denne gongen.
Da tenkjer eg mest på å
ta seg tida til å gjere litt
hobbyarbeid når man likevel
er heime åleine.

Sidan eg har ein kropp som nektar å
samarbeide når høg- og lågtrykka
står i kø og konkurrer om plassen.
Har eg eigentlig hatt nok med å vere meg sjølv
og få alle fritidsaktivitetane til å klaffe.

Har snudd om på stua og soverommet,
og rydda i skåp og skuffer.
Det eg har gjeve vekk.

Nr. 154
Ei peanøtt-kake.

Nr. 155
To gele-kaker.

Nr. 156
Sveler.

I loppe marked kassa hamna det

Nr. 157
Seks champagne glas.

Nr. 158
Tre stett glas.

Nr.158
Ein glasvase.

Har kasta

Nr. 159
Fire permar med gamle
hagetidende frå 70-90 talet.

Nr. 160
Ein kopp som eg knuste av eit
servise som Mr. Fargerike hadde
kjøpt i Japan. Som hadde ei geisha
i botnen.... gjett om eg vart lei meg da...

Nr. 161
Eit glas som junior knuste.

Nr. 162
Ein tom maskara.

Nr. 163
Ein leppestift som vart ein dag gamal
då den blei gløymt i bilen i sommar,
og smelta totalt til uvante og nye former.

Nr. 164
Ein sommarblomster.

Nr. 165
Ein stueblomster.

Nr. 166
Ei stor bunke med papir.

Nr. 167
Eit handlenett med metall til gjenvinning.

Nr. 168
Huska på å få sendt alle tomme
melke- og juskartongar,
då det var papir levering.

Nr. 169
Har brent opp ein del einslige lys,
og stumpane gjekk i rest avfallet.

Nr. 170
Har kika over mine aller første album,
og fått dei over i ein perm.
Kasta dei gamle øydelagde permane.

Nr. 171
Det har vert O.D i heimen og
junior rydda i sine
leiker/ting/teikningar
i kjellaren.
Det vart fire sekkar med søppel ut av det.

Nr.172
Sjampoflaske.

Nr. 173
Kasta gamal sylte.

Nr. 174
Kjøpte meg ny og større skåp fryser,
då eg ikkje alltid greier å
komme meg ned i kjellaren
og hente ting i den som står der.
Då kasta vi mat som hadde blitt gamal.

Nr. 175
Sorterte ut mat som kattane kunne ete.

Nr. 176
Rydda og kasta diverse ting då
den nye frysaren kom som var mykje
større enn den gamle.

Nr. 177
Den gamle frysaren står ute på verandaen,
og skal enten gis vekk eller kastast.
Skriv den opp på lista sidan den er ute av huset.

Har gjeve vekk

Nr. 178
To par lomme tøflar.

Skal starte på kjøkkenet i morgon,
så kanskje det blir meir då.
------------------
Mens eg skreiv kom eg på at eg har greidd
ganske mykje på dei vekene han var borte.
Overnatting av til saman 12 personar.
Arrangert ein basar.
Hadde vakt på korps øving.
Felleshagemøte.
Levert og fått godkjent regnskapet for hagelaget.
Årsmøte i hagelaget.
Styremøte med våre tre nabo hagelag.
4H si haustfest.
Trene tre gonger for veka.
To kveldar som vikar på biblioteket.
Snudd om på soverommet.
Ost og vinkveld med BKL.
Loppemarknad.
Moldeturar.
To fototurar.
Vaska og sjekka vinterkleda.
Køyring då konfirmanten vår
er med i frilufts gruppa til kyrkja.
Sikkert litt til også.
------------------------------------------------

onsdag, oktober 29, 2008

Snø og handarbeid.

Har fått snø og is allereie,

så i går var eg vêrfast sidan ingen av
bilane ikkje hadde piggdekk på.

Brukte tida til å nålefilte litt,
prøvde å lage to hunda.
Ei mor og ein kvalp.....
Den største er ca. 5 cm lang.
Beingrinda er av pipereinsar.
Har eg ordna ein ny rase?

Har i dag fått køyrt litt traktor :-)))
då dekka var så tung og stor,
at eg ikkje fekk dei opp i bilen åleine
då eg fekk verkstaden her til å skifte for meg.
Den andre bilen får vente nokre dagar
til den verste køa har gjett seg.
Må vel hive meg rundt over helga før Mr. Fargerike
kjem heim og lurer seg til å køyre dekka på verkstaden.

Skunda meg å tå bilete før sola laga alt for lange skyggar.
Det største grasskaret har ein isopor ball inni seg,
dei to mindre har nøste av trådendar og
reste garn som kjerne.

Den største ballen har vel ein radius på ca. 5cm

så det blir vel bordpynt av desse sidan dei er så små.

>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>

fredag, oktober 24, 2008

KAST - GJE VEKK EIN TING KVAR DAG 134 - 152


Ei oppdatering på dette emnet trengs
vel om eg skal kome meg i mål på eit år.
Det eg har gjeve vekk i det siste er
Nr. 134
Veska til Maria.
Nr. 135
Eit sett med gardiner.
Nr. 136
To kvite eldfaste former.
Nr. 137
Ei eldfast form i glass.
Nr. 138
Ein duk i lappeteknikk.
Nr. 139
Ein duk som liknar på den over
som skulle bli gevinst på ein basar.
Nr. 140
Ein dunk med vin.
Nr 141
Baka ei gele/fromasj kake til hagelagsmøtet.
Nr. 141
Ein sekk med for småe klede frå junior.
Nr. 142
Fekk mykje mat som var igjen etter at
linje foreninga der vår datter går
hadde blåtur i distriktet.
Da har eg gjett vekk vidare
12 sitronar
Nr. 143
Fleire posar med parmesan ost.
Nr. 144
Fleire glas med Pesto.
Nr. 145
Seks sko hyller på kleshengar.
Nr. 146
13 pocketbøker.
Nr. 147
To handvesker som eg ikkje likte.
Da er vi over på kastinga.
Nr. 148
Ein paraply som fekk hard medfart i vinden.
Nr. 149
Ei tom såpe flaske.
Nr. 150
Har kasta ein del slitne sommarblomster.
Nr. 151
Ein klassikar... labbar med hol.
Nr. 152
Eit litermål som ikkje likte ferda ned
på benken og vidare ned på golvet.
Hm.......
Kaste lista var lita.....
Mistenksam lita......
Har eg gløymt noko....
Heilt sikkert!

Men eg har fått meg ein kjempefin
og stor orkide frå naboen
TUSEN TAKK.

Fekk også ein mail med to fine bilete,
frå kjenningar i Hammerfest.

++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

VESKE TIL EI SOM SPELAR FELE

Fekk endelig levert veska til Maria
som går og lærar seg å spele fele,
og ville gjerne at eg sydde ei eiga veske til ho.
Fekk brukt opp noko rosa stoff.
Hankane er korte endå, skiftar dei ut med nokon
som er lengre etter kvart som jenta veks.

Her er den flinke felespelaren med ny veska si,

Stebeste er stolt over ho,

for ho har sjølv prøvd å lære

seg litt på fela og veit kor vanskelig det er.

Lykkje til med fela framover.

tirsdag, oktober 21, 2008

ETTER UVÆRET I HAUSTFERIEN


Utværet hadde roa seg sopass at vi tok med oss
feriegjestane frå Norddalen på ein vindfull tur til havet.
Vi var ikkje åleine,
då nokre surfera ville måle kreftane sine mot været.

Likar så godt å sjå på bølgjer som bryt,
det er storhavet sine blonde kantar.

To tøffe karar som ikkje har kika på kalanderen i det siste.

Måsen har støla seg på berga.

Vi kika på flo- og fjøretabellen og passa
på når det var litt meir enn halv flødd,
då vi drog dit fordi det bryt mest da.

Blir aldri lei.

Ungane kosa seg sjølv om dei syntes det var eit litt
rart påfunn å dra på stranda midt på hausten.


Det er stor forskjell å bu inni fjordane og utmed kysten.
Dei hadde lyst til å plukke skjel,
men her på stranda er skjela knust til sand.


Vi måtte gå lenger utover kyst stien for å finne
dei mellom dei store steinane.

Her beundrar minstemann "dagens funn",

kanskje dette var betre enn dei få skjela vi fann.

Etter ein kvil vendte vi heim over

og bølgja hadde kledd seg i "brudeslør".

Fleire var ute ved havet,

her ser det ut som nokon som vil lære å "kite" som

det heiter på "nynynorsk".

Sit egentleg og ventar på veret som kjem no for fullt,

det var meldt full storm så da blir det vel

øyreproppar i natt på meg.

Får drikke opp glaset med julebrus,

(kjøpte den som bygåve til junior som elskar den)

og slå av tven og la VH1 Classic få ta natta

og leggje meg mens det framleis er litt rolig utafor veggane.

Det roar seg nok i ned etter halv fem då det er full flo,

minkar havet, minkar veret.

*************************************************************

lørdag, oktober 18, 2008

"KJEKT Å HA" PÅ EIN KLESHENGAR

Har den seinare tida fått brukt opp noko restar etter
av klipp frå nokon gardiner eg fekk i forrige år hundre.
Har sydd sju "sko-oppbevaring-posar-på-hengar" av dei.

Greit å henge i kleskåpet for oppbevaring av
sesong sko og paraplyar.
Desse er enkle men har og laga ein
med dobbel rom til meg sjølv.

Fort gjordt og greit å få vekk nokre sko frå gangane.

XXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXX


tirsdag, oktober 14, 2008

På tur fra Kristiansund over Atlanterhavsveien og heim til Farstadsanden.

Hadde med meg kameraet då eg henta junior
som kom med hurtigbåt og fergje
heim frå Trondheims turen.

Til neste vår opnar det ein tunnel
frå Averøya til Kristiansund.

Då blir det vel stille på kaia,

og roligare på stranda vis a vis kaia.

På vegen heim måtte vi berre stoppe og nyte

lyset, varmen og utsikta.

Ei smekker og elegant bru den "Storseisundbrua",

Minnesmerke over dei omkomne på havet,
står og viser oss havet og kysten si bakside.
Reknar nesten med at nokre av mannen sine fjerne
slektningar er omkomne på havet,
sidan svigermor har vokse opp midt ute på
ei av øyane på "Atlanterhavsveien".

Då vi var nesten heime,
stoppa i så vi fekk sjå på Farstadsanden.

Himmel farga og temperaturen på 16,5

fortalte meg at det var uvær

i vente.

Måsen ligg og ventar på veret,

mens kråka kosar seg i restane etter kornåkeren.

Neste dag "koka" havet.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤