torsdag, januar 31, 2008

Hagetur til ein hage på Frei sommeren/hausten 2006

Hagelaget fylte ein buss og dro på tur.
I den første hagen var vi på Frei.
Dette var karen som møtte oss,
han låg på "kvelvet"
som var taket på inngangsporten.

Lenger inne i hagen var det ein stor hagedam,
då vi kom nærmare skimta vi noko.
Vi nærma oss og då var det sjølvaste draugen
som hadde kika opp for å sjå på oss
som hadde uroa han på ein laurdag.

Det var ikkje så mykje blomster,
det hadde vert ein våt sommar.

I enden av dammen var det ein fin og lun sitje plass.

Dei som hadde hagen var kreative og fulle av idear,
Dei hadde sett to trebåtar på høgkant og
brukte tofta som sete.
Fekk ikkje tatt skikkelege bilete av dei båtane
da det var hage entusiastar over alt.

Ei fin stokkrose,

sjølv om ho var litt prega av regnet.



Rundt ein busk stod denne dama

og koka sitt spesial brygg.

Eg torde ikkje smake!

Litt lenger bort satt denne munken,

han hadde tydelegvis smaka på brygget

til naboen.

Til høgre skimtar vi hund huset,

Der taket var ein klippfisk flake.


Turen gjekk vidare til fleire plassar

men det gjemmer eg til litt lengre ut på vinteren.

Likar godt å sjå på hagebilde om vinteren.


onsdag, januar 30, 2008

Mitt lille nye venn.......

Her er mitt lille vidunder,
ei nålefiltemaskine.
Har hatt den sidan tidleg på hausten
men no har eg virkelig følelsen at eg får det til.
Har brukt ull til filtinga og da vart det finare enn med berre tråd.
Resultata av filtinga blir vist fram seinere.


tirsdag, januar 29, 2008

FEKK EIN PRIS

Har fått utdelt ein pris frå Lillemy,
kjekt at nokon sett "pris" på det ein gjer.
Fekk den 17. januar men sidan eg og
blogen ikkje har vært heilt enige.
Tok eg først imot prisen i dag.
(Hmm.... måtte ha hjelp til å kopiere den,
derfor tok det nok lengre tid enn nødvendig)

Anne Maries quilt og Inger Anne, Tirilsol, Toja, Tone og Tuja
er dei som får den hos meg.
Så det er berre å kopiere den hos meg.

PÅTRENGJANE FYR......................

Katten James er ein litt påtrengjande fyr til tider,
eit blikk på den karen er nok til at han kjem stupande
og skal ha klapp uansett kva du gjer på.
Han trengte seg slik på,
at eg måtte berre knipse litt bilete av han.
Med 4 katter i huset er vi litt preget av hormoner for tida,
så alle kattane er litt ekstra i farta og på tuppa.


LITT AV HELGAS PRODUKSJON

Denne lille pungen skal Else O. få,
det var ikkje lett å skrive navn
med garn sjølv om eg hadde snorfot.

Her har eg brukt filtamaskina,
og laga eit innfelt stykke.
Må prøve meg litt fram med denne teknikken,
kjempeartig,
har kjøpt meg ull så eg håper "onna" kjem over mmeg

søndag, januar 27, 2008

SOLA

Det er godt å ha heimen for seg sjølv igjen,
Mr. Fargerike har reist ut på havet,
det er vist viktig å seie at han er på havet og ikkje på sjøen.
Er han på sjøen er han fisker og det er han jo ikkje.
Han ringte heim og da hadde kokken laga til grillselskap på dekk,
og her haglar det, lyn og torden flerrar himmelen.
................. litt urettferdig?
I kveld har eg og guten kosa oss med
Løvebiff (løvbiff) med chips og god saus.
Sidan han ikkje har vert heime,
har eg tilbrakt både laurdag og søndagen på syrommet.
Måtte byrje med å ha ei skikkeleg opprydding
og fann ennå fleire ufoar.
Har no gått laus på ein veskeufo
som berre manglar hankar no, bilete
kjem seinare av helgas produksjon.
Sola skein for første gong i år på kjøkkenet,
då vart alle beordra på kjøkkenet for å sjå underverket.
Merkar godt at sola har kommet seg bortom fjella
før ho går ned og tek kveld.
No er det berre snakk om dagar før sola går over alle fjelltoppane,
etter at ho har kara seg over det første og nærmaste fjellet.

Sit og høyrer på den klassiske radiokanalen og kosar meg.

Tidlegare i kveld høyrte eg på balett, likar best musikken og ikkje dansen.

Plutselig tilbake............

Mens bloggen var vanskeleg,
vart gleda over å ha funnet igjen strikkepinnane
og restegarnet vart det strikka ein dukke genser.
Regner med Maria treng nye klee til dukka si.
Denne er strikka i mamsell,
eit garn som vi husker som er over 40.



fredag, januar 25, 2008

Håp i hengane snøre?

Har fått teknisk og moralsk støtte på bloggen.
Det var nok dataguruane i Trondheim som måtte trå til.
Problemet er kanskje over med å få lagt ut bileter.
Men å få frem det gamle oppsettet på egenhånd blir vel ei anna historie.
Det var nok ikkje eg som hadde rota det til ser det ut som.
Problemet var enklere å løse enn eg trudde, nesten litt flaut.
Men kan ein det ikkje så kan ein det ikkje.
Det var nok Firefox som var ute og tulla med meg,
mangler nok ei fil eller to.
Så grunnen til at eg greide det på mannens data
var at han har Internett Explorer som sin nettlesar,
og der var alle filane intakte.
Så da var det berre å starte opp min explorer
og vips så kom blogg-himmelen så
mykje nærmare igjen enn dei føregåande vekene.

Dette biletet er frå Romsdalsmuseet i Molde



tirsdag, januar 22, 2008

RARARE ENN RART...................


Forstå det den som kan
på min manns bærbare,
pc greier eg å opprette nye blogger.

Gjekk da inn på dei to nye bloggane eg laga
med min bærbare pc,
det fungerte i går og no.............
vips kom "ikkje få det til syndromet"
for fullt igjen.

Irriterande ..................

Så no sett eg og lagar innlegg på min manns pc,
så no blir det både bilete og tekst.

Men har jo ikkje så mange bilete
på denne da som eg kan boltre meg med.

Oppussinga går sin gang,
har fått av all tapet og lim.
Brukte slik maskin med damp så no står
det varme på for fullt for å få ut noko fuktig luft.
Det verste er vel at det blir pause
i arbeidet til mannen kjem heim igjen.

I kveld blir det smågodt og litt anna snacks,
bruker ha ein slik kveld når mannen dreg på båten.

Dette bilete er teke på Håholmen
under eit årsmøte i hagelaget M&R i 2006.
Fin og roleg plass med mange fotomotiv,
både i vind og stille.


søndag, januar 20, 2008

No gjer eg opp snart

Greier ikkje å få til noko lenger på bloggen min, tok ein kopi av heile bloggen min for nokre dagar sidan men det hjelper ikkje nå det kjem opp igjen.

Er super frustrert og lei av heile greia, ikkje greier eg å finne ei mail adresse så eg kan få hjelp heller.

La inn nokre bilete som eg hadde lagra tidlegare dei kom langt ned på sida, det var også rart.

Dagens glad melding............. vi har fjerna all strietapet og no står øverste delen med papirtapet igjen, så no blir det slutt på to delt tapet.
Det skal bli godt å flytte frå barnerommet og inn på hovedsoverommet igjen, sonen fekk ha det største soverommet nokre år før han flytta på loftet og eg har brukt det som syrom heilt til det flytta på loftet.

Så etter ein månad med oppussing fri er det "påan igjen", blir vel ikkje ferdig med alt med ein gong sidan han reiser ut denne veka og blir borte i 6 veker minst. Må vel prøve å grunne og male taket og vindauget til han kjem heim så det er berre tapet og lister igjen.

Da er det vel barnerommet som står for tur + bad og stue, føler eg er hamna i ein sirkel med oppussing, har ein stor kjellar som står for tur ein gong i nær framtid blir sveit berre eg tenkjer på det. Puhh, hett ja.

fredag, januar 18, 2008

Fremdeles uten Browser

Greide med ein del kunstgrep å redde mine innstillinga, men får framleis ikkje til å leggje til bilete sidan menyen på "nytt innlegg" er borte.

Var så heldig at eg fann min pose med stikke-pinnar og hekle-krokar, og ein ein del garnnøste frå den gang da eg strikka då i rosa og lilla til vår dotter då ho var baby (har greid å overføre min rosafobi på ho).

Garnfunnet resulterte da i ein genser til babyborn dukke, tenkte eg skulle strikke bukse til. Då eg hadde komme over halvveges då eg oppdaga at den fargen var det slutt på, rekte eg like godt opp alt.

Så no har eg kasta meg over heklinga og er godt i gang med tøffel nr. 4.
Prøvde å smiske meg inn på mannen min om han ville ha med seg tøflar sidan han dreg på båten neste veke og blir vekk i minst 6 veker. Han himla med augo og rista på hovudet og sa litt oppgjett: I ska nå t Filippinene, båten e der å d e hett der. Treng nå vell ikkje tovatøfflå der i da".

Så no har eg da eit par tøfler til overs, kanskje han vil ha dei når han kjem heim.

torsdag, januar 17, 2008

Rota det skikkelig til for meg sjølv

No har eg rota bort alle innstillingane min, da må i vel på han igjen

Fytti katta altså!

PUSSIGE SAKER

RART, HADDE TENKT Å LEGGJE INN EIT BILETE, MEN MENYEN ER BORTE VEKK OG DA BLIR DET IKKJE NOKO BILETE Å VISE FRAM.

ER DET BARE HOS MEG ELLER ER DET ANDRE SOM HAR LIKEINS PROBLEM?

mandag, januar 14, 2008

Yezz.............................

Fekk mitt nye linse til kameraet,
her er eit av resultata så langt.

Siste rest av julestjerna, da blomsteren knakk
tok eg vasen i sølvplett og hadde på ein lysmansjettar.
Desse har no stått i vatn sida nytt års aftan.



onsdag, januar 09, 2008

Dagens gleder.


**********************************************************************************************************************************************************************

Har rydda ut jula,

vaska og hengt opp nye gardiner.
Fått pakke i posten med noko skal på sy-rommet,
vert på fototur saman med naboen
og tok bilete med makrolinsa.


Det beste av alt i dag,
eg og ei venninne har meldt oss på
Norges Quilte Forbund årsmøte i Oslo i April.

Gjett om vi gler oss, kanskje vi treff nokre bloggarar der.

Korleis i all verda skal eg kjenne dei igjen?
Skal vi lage oss eit kjennetegn?


*************************************************************************************************************************************

mandag, januar 07, 2008

Grilling som vart til.....

********************************************************************************************************'''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''

Søndag, naboar og fint ver......grilling tenkte eg.
Etter eit djup dykk i frysaren,
var det ingen spor etter grillmat.

Søndag, naboar og fint ver......julekaker og kaffi tenkte eg.
Etter eit djup dykk i kakeboksane,
så hadde vi ikkje bruk for grillmat.

Turen gjekk til naustet
der vi kosa oss i sola
og finveret i fleire timar.

Måndag.......
kjøpte grillpølser...............

*******************************************************************************************************************************

EIT SKRITT NÆRMARE..............

****************************************************************************************************************************************************************************************

Kom
meg endeleg på syrommet på laurdag,
og tok fatt på mitt nye prosjekt.

Fekk ferdig alle delane,
Det skal dekorerast litt fritt i desse fargane,
det skal vere i kalde vinterfargar.
Har kjøpt meg litt perler som kanskje skal på.
Dette er eit prøveprosjekt
så vi får sjå kva oppdragsgjevaren seier,
og om ho vil ha fleire.


Er spent på om det blir slik som vi hadde tenkt oss det.

****************************************************************************************************************************************************************************************************

søndag, januar 06, 2008

Året 2007 i bilder

Dette var det eg hadde lagra inne på maskina før, alt blei borte får håpe eg greier å få retta opp det som ikkje fungerer snart.


I januar hadde vi faktisk snø,
her er utsikta til litt av hagen frå kjøkkenvindauget.
Har lært meg å ta bilete med slør effekt. Biletet er teke i Norddalen.

I mars hadde vi snø igjen.

Litt av snøen som var igjen ved nausta.

Stemshesten i profil frå feil side,
her ser fjellet ut som eit ansikt som ligg på fjellet.
Frå Nordmør sida ser fjellet ut som ein hest.

Frost i fine fasongar.


Atlanterhavsveien i påska.

10. mai fekk vi snø igjen.

Mine rutaliljer og andre løkblomster tok sjansen


på at no var det endeleg slutt på snøen.

Oversikt over kattane våre første halv år.
Dette er Super Mary.

Så har vi Britt Stråle,

med sin dotter Jorunn.


lørdag, januar 05, 2008

NESTE PROSJEKT....

*******************************************************************************************************************************************
Her er det neste prosjektet mitt,
har mål og meining.

Kanskje eg skal ta meg ein tur på sy rommet i dag,
Fekk sleppe å bli med til Trondheim,
da dottera og kjærasten skulle køyrast oppover.

Men diller eg meg på loftet mellom
ski gåing på TV og katte klapping?
Veit ikkje heilt, når huset blir tomt
blir ein berre sitjande å tenkje på kor god tid ein har
til å gjere det ein har mest lyst til.
POFF ,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,, så for den dagen.

****************************************************************************************************************************************************************************************

fredag, januar 04, 2008

LÅN AV ZOOMLINSE

***********************************************************************************************************************************************************

Fekk låne mi dotter si zoom linse,
eg stod på verandaen og tok alle bileta.

Fekk alt så mykje nærmare.

På fjellet til høgre hadde Kong Øystein si borg,
flat og fin tomt med bratte kantar
men med fin utsikt.

Linsa er så tung og skal ha stått på stativ,
men eg skulle berre...... prøve ho litt.

Vingla att og fram

Men fekk jo nokre greie bilete.

Håper eg får pakke i posten neste veke,

da håper eg mi nye zoom linse kjem og

noko som kan brukast under symaskina.

Her oppdaga eg ei kraftlinje som eg ikkje ser vanlegvis.

Min nye linse har nok ikkje så kraftig zoom
som hennar linse.

********************************************************************************************************************************************************************************