onsdag, februar 27, 2008

Meir styggevers bilder

Er nok ikkje heilt enig med PC min,
plutselig nektar den å laste ned bilder.
Så her er restene av dei bilete eg vil vise frå søndagens tur.
Nokon gjekk tur og andre surfa i bølgane,
og dei her hadde fått opp ein drage.

Fleire bølger på Atlanterhavsveien.

More pictures from the trip on sunday.
**********************************************************************************************************************************************

tirsdag, februar 26, 2008

Farstadsanden

Før vi for på Atlanterhavsveien og tok bilder, måtte vi
sjå på vår lokale "helt" Farstadsanden.
Som vanlig var det mange som gjekk tur.
Det var også nokon som benytta "finveret" til å surfe på bølgane.

Pictures from the beach where i live, Farstadsanden.




Atlanterhavsveien

Da vart det tur på Atlanterhavsveien for
å ta bilete av at stor båra bryt igjen.
Det blir ein del bilder av styggeveret denne gongen fordi
Mr. Fargerike vil vise dei til mannskapet sitt på båten.
Dei er uti havet på Filipinene og passar på ein båt,
så det lokalt mannskapet er spendt på korleis det ser ut her.
Borrefartøyet var så heldig å finne olje og dei var "happy",
men i går kveld var ikkje så hyggelig for meg
då eg "sappa" innom sky news og oppdaga
det var sendt ut tsumami varsel i området
etter eit kraftig jordskjelv i havet utom Sumatra.
Då vart eg bekymra sjølv om eg veit bølga først
blir skapt når den nærmare seg grundt vatn.
Det var vanskelig å finne meir informasjon om tsumami
varslet så eg måtte sjå på mykje sport før eg endelig
fekk sjå at tsumami varslet var trekt tilbake.

Pictures from Atlanterhavsveien in poor weather this weekend.











lørdag, februar 23, 2008

Slik blir det av og til.

Anki frå Molde som arbeider på Kid,
der eg kjøpte gardinane, etterlyste eit bilete av dei og her er det.
Kanskje ikkje det ho var ute etter men syntes
dette fekk ein fin effekt med bladet bak gardina.
Haustutstillinga neste?
Denne pungen var det som hadde passa på
minnekortet mitt til kameraet sidan i sommar.
Brukar denne til alle mine dameting, leppestift, brillepuss,
penn og alt anna ei dame må ha med seg.
Så Mr. Fargerike treng berre pengbok og mobil når vi skal ut av huset.
Enkelt å flytte frå veske til veske.
Den blomstrete delen er frå ein vest eg kjøpte meg.

Har fleire slike pungar så det er vel det som

er grunnen til at det gjekk så lenge før eg kika i den.
**************************************************************************************************************

onsdag, februar 20, 2008

Den som leitar............. finn noko anna.

Har sidan i sommar sett/leita etter eit minnekort til kameraet,
la det på ein lur plass då eg leverte inn apparatet til rep.
Viste eg hadde sett det ein stad og tenkte da
at det var ein rar plass å oppbevare det.
Mangla også leppestiften min i dag,
har for sikkerheit skuld har eg kjøpt meg tre
som no var borte vekk alle saman.
Så mens eg leita etter dei fant eg minnekortet,
men ingen leppestift, men fekk sommaren
rett i stua
da eg sjekke kva for bilete det hadde.
Så da tenkte eg kunne dele dei med mine lesarar.

Tiriltunge.

"Muserter blomst" veit ikkje anna navn på denne.

Strand nellik.

Tiriltunge.


Strand nellik.

Denne syns eg var spesielt fin,
merk sigaretten nest såg den ikkje før no.

Tiriltunge.

Alle bileta er teke på Atlanterhavsvegen mens resten fiska frå brua.

Dette er til alle som ventar og lengtar etter sommar.

Wild flowers from Atlanterhavsveien, to everybody who is longing for the summer.

***************************************************************************************************************************************************************

tirsdag, februar 19, 2008

Mine aller første

Hurra for meg......
Har for første gong strikka meg eit par labbar som har
gått gjennom ei gransking og er godkjent av kontroll komiteen,
som består av: meg og berre meg.
Det var jammen på tide for etter mange
mislykka forsøk starta garnet å bli prega
av til stadig heit å ha blitt rekt opp mange gonger.
Dei var litt små for meg, så eg må vel
leggje press på tausa vår i Trondheim og få ho til bruke dei.

My first knitted pair of socks.

*********************************************************************************************************************************

mandag, februar 18, 2008

Vinter i hagen

Hadde tenkt å finne fram hage bilete frå sommaren,
men enda opp med bilete av bautasteinen i hagen vår.
Dette biletet tok eg mens eg venta på rørleggjaren,
det blir lite fotografering sidan junior som
eg trudde var på bedtringen veg har fått feber igjen.
Den som lurer på kva eg har gjort i dag,
så har eg venta på.................. rørleggjaren igjen
og vore vikar på biblioteket.
Det blir ikkje mykje sying når det er nokon med feber i huset,
og det er ikkje så lenge før Mr. Fargerike kjem heim igjen (ca tre veker)
så no begynner eg å få dårleg tid for dei siste
14 dagane før han kjem heim går så utruleg fort.

This is a picture from my garden.

Denne veks ikkje i hagen men synes
dei har ein fin eleganse over seg,
så eg går aldri forbi ein "honneslengje"
(Hundekjeks) utan å ta bilete.

Weeds....ratsbane.

Soloppgang skyar.

Morning sky behind the mountain.

************************************************************************************************************************

lørdag, februar 16, 2008

Fint ver

Fint ver på Fredag,
guten hadde friskna til og var på teater øving.
Eg tok meg meg kameraet og gjekk ein tur,
det var innmari kaldt til fingrane
men greide å ta nokre bilder.
Dei er frå vegen til Male og Vikan.


Snø på stranda og ikkje på marka.

Kjaurte meg ein tur utover ein veg eg aldri hadde vert før.
Der var det både molo med fiskebåter og ei fyrløkt.
Stoppa ved eit elveutløp og fann dette fine myr holet,
med heilt nydelige blåfargar i isen som eg måtte forevige.


Då eg snudde meg var det bare å ta nytt bilde.

Fekk ein følelse av sommar da eg fann desse skjela.

Rart kor fine ting blir når du tek bilde av dei.

På tide å gå til fotografen?.......................


****************************************************************************************************************************





mandag, februar 11, 2008

Fotosida til Linda

Vil du sjå fine bilder frå distriktet
som eg bor i gå inn på Lindas fotoside
og kos deg med mange fine bilder.
Sjå på mine linke liste.

Fri som fuglen

Frå naustet ser vi rett over til turistsentret her,
kven som har beste utsikta er uvisst.
Det brukar å vere ein god del med svanar inne i bukta her,
så vi lista oss inn i vika bak naustet og der var det nokre som låg.
Men dei sette opp farta då vi kom.



Denne staselege karen kom ein sving rundt til oss
for å sjekke kva vi gjorde nede ved naustet.
Her satt han lenge og venta før han
sjekka oss som var på søndagstur forrige helg.

Oppreks avdelinga vil gjerne
vil gjerne komme med ein uttalelse,
sidan det har skjedd ein del ting der i det siste.
Etter å ha strikk ein og ein halv labb av det spraglede garnet,
og ein turkis labb.
(eg har greid for første gang i livet å fått til å strikke ein hæl..... godkjent av Inger Anne).
Tok eg like godt å rekte opp alt som eg hadde strikka.
Så med godt mot og ny oppskrift har eg gått i gang på nye labba.
No må eg vel bli fornøyd snart.
Litt vanskelig dame for tida...........trur nok det.

søndag, februar 10, 2008

Vent litt.......

Dette har vart ei veke med heilt uventa innhold.
Måndag kom rørleggjaren,
mens eg venta på han kom desse to forbi hushjørnet.
Fekk så vidt ta bilete før dei flaug bak kårhuset.
Tirsdagen gjekk til å vente på rørleggjaren som
kanskje skulle komme å bytte klosettet i kårhuset.
Ventetida blei forkorta med besøk av naboen,
og ei som skulle besøke naboen.

Onsdagen var kloakken tett i kårhuset så da venta eg på slambilen.

Torsdagen venta eg på rørleggjaren igjen som måtte spyle kloakken i kårhuset.

Fredag måtte eg avlyse eit møte, mens eg venta på at guten som hadde vert sjuk sidan onsdagen skulle bli betre.

Laurdagen var eg så heldig å få besøk av Inger Anne fra blogglista mi. Ho hadde eg ikkje snakka med på 26 år så ho hadde eg venta aller lengst på.

I dag har eg venta på at den sjuke skal bli betre, er ikkje feberfri men det går rette vegen.

Fredag kunne eg ikkje vente, så da eg fekk tilbud om kurs ombord på båten til Kjøpenhavn i mars. Då måtte eg berre slå til og skaffe barnevakt etterpå.

Kanskje rørleggjaren kjem med klosettet denne veka



torsdag, februar 07, 2008

Stille tur.

Frå søndagens tur til Naustet,
det var litt snø så vi tok fram sparkane.


Det var ein stille tur
sjøen var rolig,
ikkje vind eller bilar.

Sparken er eit stille framkomstmiddel.


Heilt til ein treff grus eller asfalt.

****************************************************************************************************************

STOFFLAGRET..........VEKST VIST IGJEN

Har vært hos lappoglitt.no og kjøpt meg stoff.
Plana er klar og mønstret har eg teikna,
hadde sett for meg ein sy dag i dag
men har ein gut som har feber og er "kjempedårlig",
som alle kara er.
Han er veldig sjelden dårlig så han husker
ikkje korleis det var sist han var sjuk.
Var fast bestemt på å dra på skulen i dag,
sjølv om han har nesten 40 i feber.
Det er litt konkurranse her i huset om ikkje å skulke skulen.
Storesøster var også veldig sjelden dårleg,
så ein dags fråvær kan gjer at han tapar årsreknskapen med ho.
Men han måtte berre leggje seg igjen sjølv
om han kunna tenkt seg dit likevel.


LABBA

Har prøvd meg på å strikke tøffler,
eller som eg villa kalla dei for labba.
Dei to med fleirfarga garn "Tove"er hekla og passa foten min bra.
Den strikkedet i blå og svart passar best til dei med tegneserie fot,
Lesten vart kjempe vid og ekkel å gå i,
sjølv om eg har tova dei fleire gonger.
Det blir nok den øverste av desse to om eg skal lage fleire,
men skal prøve å få den over til bli strikket i staden for å bli hekla.

Biletet er tatt før tovinga.
*************************************************************************************************************'

søndag, februar 03, 2008

LØP OG KJØP

Har den seinare tid tenkt og tenkt, og no ser det ut som eg har kome dit det må handling til.
Ballen har starta å rulle og det er vel på tide å sette tinga ut i livet.

Har vert på bygdeutviklings møte i forbindinga med at det skal/kanskje bli golfbane rett ved eller på min eigedom. Der var det "pepptalk" og vart oppfordra på det sterkaste å starte med noko. Har fleire gode eller dårlege idear, men den eg vil prøve ut først er ein nettbutikk som er retta mot oss likar lappeteknikk og alt rundt det.

Må ha ein marknadsundersøking og tenkte nokon kunne ta seg bryet og skrevet inn på min e-mail eller under kommentarar om kva dei er interessert i eller føler det ikkje er i dei eksisterande nettbutikkane.

Luft dine tankar til meg på e-mail: farstad_eriksen@yahoo.no
eller bruk kommentarfeltet og prateruta mi.

Håpar nokon tør å seie noko så eg kjem i gang fortare med neste steg.

**********************************************************************************************************************************************************************

DUKKETEPPE I GRØNT


Inni mellom UFOane laga eg dette teppet.
Det er meint som eit dukke teppe,
håper nokon får glede av denne.
Vi har jo Maria som sikkert ikkje takkar nei.


Må prøve å få fart på lageret mitt av stoff,
eller som stoffslanking som nokon kallar det.
Men det er vel slik som med mors
beskjedar som går inn det eine øret og ut av det andre.
Har du greidd å sy noko og fått det heilt ferdig,
kan du vere sikker på at det kjem nytt
stoff i huset innan ein par dagar.
Ja, eg har bestilt meg stoff på Lapp og Litt.
*********************************************************************************************************************************************************

TAKE OFF 2

Dette er det siste som har letta frå UFO plassen min.
Det blei ei veske igjen,
denne er ikkje så gammal berre rett før jul.
Har som vanleg ordna om på veska fleire gonger.

Den skal ein runde i vaskemaskina for å få
rufset til hankane skikkeleg.

Må vel berre innrømme det tross rosa fobien,
den var finare på vranga (rosa sida) eller på retten.
Den får bestemme sjølv den som vil ha ho.


Har faktisk mange meter igjen av dette stoffet,
det er nokre stoff du aldri greier å bli kvitt,
uansett kor mykje du har brukt av det.

******************************************************************************************************************************************************************************

TAKE OFF 1

Eg har vert ein runde i ufoavdelinga,
det vart take off natt til laurdag.
Mittstykket laga eg ein gong Pfaff hadde gratis kurs.
Der fekk vi prøve mange effekttrådar og fekk undervisning.
Så etter ein par år i ventemodus vart det ei veske i lin.
Prøvde å lage blomster av ull med filtemaskina.

Har prøvd meg på ein "fiffi" detalj,
tenkte å bruke denne veska til møteveske
og ville ha noko som skulle halde papira inni veska.
Desse krokane har eg funne på ei veske på loppemarknad,
veska var både godt bruk og stygg men med
så mange fine krokar måtte eg berre ha ho.

fredag, februar 01, 2008

Fleire ferdige ting frå syrommet

Det har nok gått utover fotografering og blogginga denne veka.
Har brukt mykje tid på syrommet mellom,
møter og andre ting som skulle foregå denne veka.
Det har vært ein del møter i det siste om
planar omkring golfbanensom kanskje blir "rett rundt hjørnet".
Er ennå ikkje sikker på om min eigendom blir berørt fysisk av banen,
men den er truleg innom reguleringsplanane.
Så denne veka blir det andre møtet i tilknytning til golfen
og bygdeutviklinga her.
Har litt planar om noko "lurt" og kanskje noko anna som er endå "lurare".
Så i dag skal vi treffast nokre og leggje våre
planer fram og sjekke om vi kan samarbeide.
Så er er litt meir av det eg har laga.
Denne skal gjevast vekk.
Dette er andre sida.
Denne tenkte eg skulle ha sjølv
til strikking og heklinga på bilturar.
Vart litt liten men kanskje til små prosjekt.
Blir det ikkje bedre ver i dag er det ikkje
mykje vits i å ta bilde av skyene i dag,
himmelen er heilt kvit og når heilt
i bakken så no er vi fjell laus i tillegg.