søndag, mars 30, 2008

Turkise labber

Har strikka eit par labbar i turkis,
brukte Mr. Fargerike som model.
Oppskrifta fann eg i Gerd Fjellanger
si bok "Myk design".
Dei har forlatt reiret og flytta til Trondheim.

Knitted socks with Mr. Fargerike as model.
**********************************************************************************************************************

fredag, mars 28, 2008

Snø på Atlanterhavsveien


Påska er over og hadde med meg kamera på tysdag
da dattra og kjærasten skulle ta hurtigbåten
frå Kr. sund til Trondheim.
Det er vanskeleg å køyre over Atlanterhavsveien
utan å stoppe og ta nokre bilete når veret er så fint som no.
Møntret i ei vegskjæring kom tydeleg fram når det
kom sigande smeltevatn nedover berget.
Eg syntes det ligna eit blad eller ein pilspiss.
Då eg skulle sjå nærmare på dette bilete,
var det ein hegre som sto i vasskanten godt kamuflert bak skarvane.




På andre sida av vegen ser eg fjella heime,


eg bur litt lenger bak men heil ytterst mot høgre.



Det er ikkje ofte snøen ligg så lenge så langt ut,
den ligg heilt uti Orskjæra.

Her har eg tatt bilete av Farstadsanden,
frå hovedvegen som ikkje går så langt unna.


Pictures from Atlanterhavsvegen and the beach Farstadsanden in snow.

mandag, mars 24, 2008

Varme og ....

Varme og regn før påske,
og lilja mi trudde det var vår.

Men sidan jula varar heilt til påske og no endå lengre,
har lilja kosa seg i det kvite element i påska.
Fint ver før påske og om ettermiddagen 2. påskedag.
Naboar vart kalla inn for grilling
på verandaen og ein påske sigar til dei tøffaste.
Då er ferien over og tapetseriga
må vel få fart på seg igjen.
The spring went white again.
*********************************************************************************************************************

onsdag, mars 19, 2008

Trudde det var.........

Var klar over då eg hadde navn på bloggen min,
at det ein gong i tida at det var ei malerkjede som heite Fargerike.
Men kjede skifter ofte navn og eg rekna med denne og hadde gjordt det.
Derfor vart overraskinga stor da eg var
og lufta fotoapparatet ved Hotel Seilet i Molde,
og eg skulle gå inn i bilen og rett bak meg vart eg var dette skiltet.


Min første blogg som heiter Trådsnella har og fleire navnesøstre.
Ukebladet Familien har no i det siste lansert
ei internettside som heiter det samme,
pluss ein del andre nett stader.
Konklusjonen er vel ein er vel ikkje så orginal som ein skulla ynskje seg.
No vart det no berre slik,
eg likar navnet på bloggen min godt og slik blir det.
***********************************************************************************************************************************************

tirsdag, mars 18, 2008

Endelig var våren her, men.......

På forrige søndagstur var det varmt i været

det var Hestehov i vegkanten

og det var litt igjen av Krokusen i hagen.

Ei lilje hadde teke sjansen på komme opp mens det var varme,

og så fekk vi litt snø og kuldegrader som takk.

Vil ikkje ha snø no eg, vil ha ut hagemøblane og kose meg i solkroken.

Crocus and some other flower that grow by the road, and now we have some snow again.

I hope it is the last, I want to have some spring!

***********************************************************************************************************************************************

tirsdag, mars 11, 2008

20 år i dag

Vil gratulere vår datter med 20 års dagen i dag.
Sender ho ein blomst mens vi ventar.
Vi gleder oss til ho og kjærasten kjem
heim til helga og da blir det vel feiring.

Flower to our daugther 20 years dag.
Congratulations!

Hotel Seilet


Korpset skulle spele konsert på Seilet Hotell i Molde.
Da var det greit å ha med seg kameraet.

Sjøen har herja på mange plassar i det siste og
her var det parkeringsplassen ved Seilet som hadde fått besøk.

Etter konserten var det litt skimt.

Ser faktisk ut som Hurtigruta ligg til kai ved Hotell Seilet.

Mange fine detaljar i området mellom Aker stadion og hotellet,
det er ein fin promenade langs sjøen der.


Pictures from the environment from Molde and the hotel Seilet.
The vessel is "Midnattsol" from Coastal Streamer Express.

^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^

lørdag, mars 08, 2008

Bake bake kake.......

Har konfirmant til neste år
og kakebakinga er godt i gang.
...................Nei da, bakar meg berre litt frampå.
Bakar til eit bryllaup og får
ei kake igjen då eg har konfirmant til neste vår.
Trur eg har fem seks kaker "til gode" hos kjenninger,
så da blir ikkje så mykje styr til vi skal feire.
Dette er snickerskake eller peanøtt kake som nokon kallar ho,
den er dobla og laga i langpanne.

Denne brukar eg å bake til basarar og liknande arransjement
og det er det fatet som først tomt.
Den er berre KJEMPEGOD.

One of my best cake, it is a Snickerscake

this one is made for a wedding today.

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

torsdag, mars 06, 2008

PÅ TUR TIL KØBENHAVN

Da har Fru Fargerike vert på tur til Kjøben
utan min faste guide, Mr. Fargerike.
Ja, og eg klarte meg bra med litt hjelp frå dei andre.
Kursa som organisasjonen Kvinners Frivillige Beredskap
hadde sydd saman var utruleg engasjerande.
Det var to foredrag frå Folk og Forsvar,
om situasjonen i Midtausten og Forsvarets nye utfordringar.
Dette er døypefonten (frå 1100tallet) i sjømannskyrkja i København,
der vi fekk lære om beredskapen dei har for nordmenn i utlandet.

Pictures from my tour to Copenhagen

Så fekk vi fri nokre timar til shopping og fotografering.

Det vart ikkje så mange foto og vise fram frå byen
då det kom eit skybrudd så vi vart "klissblaute"
.

Vi fekk også kurs i Psykisk Førstehjelp og Beredskap i SAS.
Anbefaler alle å melde seg på dei kursa,
du får eit heilt nytt syn på mange ting.

***********************************''

Ho som var frå SAS hadde ei fantastisk fin jakke som eg kunna ha tenkt meg,
Ikkje til å bruke men til å fått satt saks og nål i, det kalles vel omsøm.

Den trivelege dama vart nesten utsett for eit overfall av oss stoff interesserte damer...
men vi greidde å styre oss litt.

Tax-free butikken vart ikkje gløymt så det vart både noko til meg og mine.

***********************************************************************************************************

lørdag, mars 01, 2008

FJELL OG HAGE

Måtte ta bilete av fjellet Raudtua da
sola skein så fint på den.

Slenger med eit bilde frå hagen i dag,
gleder meg til å få kommet i gang med våronna.

Pictures from a mountain near by and from my garden, hope to start the gardening soon.

******************************************************************************************************************************


HEKLA SKJERF

Har hekla og sydd i hop skjerfet som
har vært UFO sidan i sommar.
Det var mykje artigere å lage det no
enn da eg starta.
Slik blei det når det vart ferdig
My new crochet scarf.
*********************************************************************************************************************************