mandag, april 28, 2008

FÆRDI.......



Da var tida inne for å leggje ut
"vinterpynten"ut på bloggen.
Den har stått til pynt nokre dagar allreie.

Det er kvit filt som er dekorert,
sydd saman så det vart ein skulptur.

Har blitt veldig fornøyd med
"isfjellet"

The iceberg is finish.
And Im satisfied with the outcome.


********************************************************************************************

onsdag, april 23, 2008

Ein UFO har letta...............

Har endelig gjort ferdig denne duken


Finish at last.


::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::

tirsdag, april 22, 2008

VINTERPYNTEN HAR FÅTT PERLAR

+++++++++++++++++++++++++++++++++++
Har komme eit steg vidare på vinterpynten som
dottera ønska seg.
Med den farta blir det vel kanskje vinter igjen
før den kan takast i bruk.

Sydde på perler og litt meir pyntetråd.

Det var første gong eg lagar noko slikt,

men det var kjekt.


Reknar det blir meir av liknande prosjekt framover,

nokon som ser kva det skal bli?


My daughter asked me to make some "Winter decoration",

hope I can get it finish before next winter starts.

++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

mandag, april 21, 2008

PÅ TUR TIL KYSTSTIENS UTVIDELSE

Forrige søndag var det forsmak på våren.
Vindstille, sol og varme i lufta.
Hestehoven hadde komme seg godt i gang med blomstringa.
Formen var fin sjølv om det vart seint kvelden før.
Det var mange som hadde samme mål som oss,
å gå ut til løkta og sjå korlangt dei hadde kome
med den nyaste delen av kyststien.
Den blir mykje meir svingete og kupert enn den som er ferdig,
det skal bli fint å gå den og.
Det var nokon med hund,
nokon hadde med seg sykkel,
andre hadde familien med,
og vi var med naboane.
Andre hadde med seg dragen sin på tur,
og det var ikkje unger som kom saman med denne.
Kjente eg vart litt misunneleg,
for eg
har aldri geid å få opp ein drage i lufta.

Pictures from the sunday tour last weekend.
zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz


lørdag, april 19, 2008

Kurs

Hadde meldt meg på kurs med Bente Vold Klausen
då eg var på årsmøte.
Ho var flink, energisk og inspirerande kurshaldar.
Vi vart sendt ut rundt hotelet for å ta bilete
så vi kunne få inspirasjon frå.
Dette er rust under eit bilvindu frå ein Van.
Dette kan jo vere så mangt,
synes eg skimtar ein fugel med store fjør.
Dette er eit rustete gelender,
................og blir kanskje ikkje noko anna.......

Som vanlig så har eg kurssperre og greier ikkje å få laga noko.

Men det var artig å sjå kva ho brukte for å få fram sine ting og idear,

alltid kjekt å få sjå kva andre får sin inspirasjon og skaperglede av.

På andre sida av bordet satt det ei frå Mo i Rana,

stille og rolig,

ho berre trylla fram eit bilete med maling og forskjellige "mønster "

(altså alt som kan lage mønster når du malar over det).

Vart så fasinert av den dama som berre trylla fram eit finare og finare bilete,

ho var ikkje i tvil om kva ho skulle gjere eller ville.

Det var like før eg gløymte å ha igjen munnen då eg såg på at ho måla.

Trur nok kursledaren likte det ho hadde laga og.

<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<

Bilder av utstillinga på årsmøtet i NQF

Tek sjansen på at eg ikkje blir straffa
etter å ha publisert desse bileta.
Fekk ikkje med meg heile utstillinga då
eg hadde meldt meg på eit kurs
som gjekk over to dagar.
Dette er innsendte bilete frå Ungarn.
Pictures made in Hungary
Her er det bilete frå Sveits,
from Switserland,

her var det nålkunstnere fra Tyskland som haddde boltra seg.

Made in Germany.

Til slutt er det mange fine bilder frå Italia,

Det er ikkje så godt å sjå alt arbeidet og den fine nålføringa,

Det kribla for å komme heim og få sy.....

og kva har eg gjordt............

satt landingslysa på nokre UFOar som skal forlate heimen snart.

Here are the works from Italy.


_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:_:

onsdag, april 16, 2008

SLIK GÅR DAGANE.......................



Har ikkje vert så mykje inne og blogga i det siste.
Det har gått litt fort i svingane her i det siste.
I påska feira vi vår dotter og min bursdag,
besøkt ei tante som nyleg hadde 85 årsdag,
og besøkte slekt i Norddalen.

Våre to eldste som begge er på dementavdeling
har begge blitt sjuke.
Min far hadde "små drypp" og svigermor hadde slag.

Begge er gamle og er i Solnedgangen i deira liv,
men det er ikkje lettare for det.
Så mykje av tida har gått til å besøke dei,
og å få ferdig soverommet.

Desse solnedgang bileta minner meg om kor fort ting kan skje.
Ein dag er himmelen blå,
neste dag med mørke skyer,
plutselig ein dag er den den rød
og sola er nesten i havet.

Nytt liv blir skapt,
ei drektig rådyr dame kom spaserande
forbi huset ein morgon då katta ville inn.
I mange år har det blitt født rådyr unger,
mindre enn 100 meter frå huset.
Kanskje det er denne i år.
Gleder meg til å følge med.

Har også vore på kakepynte kurs med Bygdekvinnelaget,
det var artig sjølv for ei som ikkje likar slik "dingel"
det er å pynte kakar.


Some of the things I have done in the last Weeks.

=============================================================================================

tirsdag, april 15, 2008

Innkjøpa på Årsmøtet i NQF

Vi var på besøk hos min manns datter i påska,
og der var det ei jente som hadde byrja å spela fele.
Så heldigvis for meg trengte ho ei eiga veske
til notar ol.
Sidan det rosa stofflageret mitt er minimalt,
måtte eg investere i nye stoff.

Fann også ein god del stoff med spanande mønster,
som trong ein ny heim.

Var heilt sikker på at eg hadde sett nokre kjempefine gardiner

med brunt og turkis,

då svigerinna mi og eg tok oss ein tur til Ålesund.

Så eg kjøpte meg stoff som skulle matche på turen til Årsmøtet i NQF,

men då eg kom på butikken på Molde hadde dei ikkje dei eg trudde eg hadde sett.

Greier vel å få sy noko likevel.

Er nok mest glad i blå/ turkise stoff så eg kjøpte

meg nokre bitar i desse fargane også.

Det som er mest spennande på butikkane ved slike møte

er å finne litt praktiske ting, nye mønster og bøker.

Så eg gler meg til å prøve ei "silikon" matte som gjer at frihandsquiltinga

skal bli mykje lettare.

Kjøpte også ein kniv som kuttar sirklar så det skal bli artig å prøve "vidunderet".

Some new sewings things........

>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>

torsdag, april 03, 2008

KITERE

Skulle finne bilete til fotokonkurransen
før eg dreg på årsmøte i Norges Quilteforbund
på Olavsgårds hotel i morgon.
Gleder meg..........................
Måtte inn på den eksterne harddisken,
der var det mange bilete og mange årstider.
Kiterne på Farstadsanden
fekk minna fram om sol, sommar, sand og varme dagar.
Våren har teke eit kjempe steg ute i hagen,
og skal nyte den,
uansett sommaren er best.
-Så- eg har send inn søknad om ein varm og fin sommar.
Kiting on the beach, Farstadsanden.
****************************************************************************************************************************************

onsdag, april 02, 2008

Tekniske ting....

Har alltid vert fasinert av ting av den meir tekniske art,
syns dei gjennomsiktige grønne glass isolatorane
på høgspentledningane er så fine.
Ser heilt klart at ein del slike vil pynte fint opp i hagen.
Kveldslyset gjorde baljane til naboen heilt blå.
Minte meg om dunjakkane som var frå -78 og utover.


tirsdag, april 01, 2008

Kveldstur

På kveldstur forrige veke var det eit utruleg fint lys,


sola forandra himmelen og havet til gull.

Greide nesten ikkje å snu og gå heim,

det vart både kaldt og mørkt,
så ein gong må ein gje seg.
The sunset turn heaven and sea into gould last week.
'*********************************************************************************************************