onsdag, mai 28, 2008

KUBJELLE OG LITT SKRAMMEL

Kika gjennom mai-bilda mine og
kom over biletet av
ei kvit Kubjelle.
I April mappa var det
eit bilde av...................
Kva er egentlig dette?
Det nyaste i undertøyskuffa,
kan vel på ein god dag brukes
i staden for den vanlige spile-BHen.
Er det knebeskyttere?.........
BH fra jernalderen?
Hmmm....
Det var ein del delar av ein gamal
båtmotor i nærleiken.
TENKE - TENKE - NOKO Å PYNTE MED I HAGEN?
Må vel bruke alle mine beste overtaleses
evne om eg skal få denne frakta heim.
Det er sikkert at dette er noko som ikkje alle har.
Eg har min eigen traktor så......

Flower from my garden, and some old "thing" from a boat.

mandag, mai 26, 2008

NY PRISUTDELING.............

Det er alltid kjekt å få ei oppmuntring.
tida har ikkje strekt til dei siste månadane
så det har ikkje blitt så mykje nytt.
Derfor var det ekstra godt med ein pris
sjølv om ein ikkje produserer så
mykje nytt inne på bloggen.
Strikkepinnane og heklekroken trimmast daglig,
så må vel ta meg saman og ta bilete og leggja inn det eg har laga.
Etter 6 veker i Kina snur Mr. Fargerike båten
og kjem heim på torsdag rundt nons tida.
Dei to i Trondheim saman med Eline, sin kortvokste hamster,
(det er vel ikkje lov å kalle nokon for dverg lengre)
kjem også heim på torsdags kvelden for å tilbringe sommaren saman med oss.
Det blir litt av ein overgang å få husa full berre på nokre timar,
sidan det er berre eg og guten saman med kattane som styrer heimen no.
Men vi har gjort det før og er godt trent.
.
Da har eg vert innom nokon av "inger" bloggane eg besøker,
og sjekka om dei har fått ein pris.
Det hadde dei ikkje så da får dei ein kvar,
pluss ei eg traff på under årsmøtet.
Dei nominerte er mange men dessa vart utplukka:
ingeranne.sprayblogg.no
ingerskarsmo.blogg.no
lappeinger.blogspot.com
hegesquilteliv.blogspot.com
Dei er alle verdt eit besøk, stikk innom og sjå.
**************************************************************************************

søndag, mai 18, 2008

BURSDAG og 17. MAI

Vi har fått ein fjortis i huset,
på 16. Mai skjedde det.
Da vart guten 14 år.

GRATULERE MED OVERSTÅTT DAG!!!!!!!

Det vart ikkje så mykje feiring på dagen,
Det var klassen hans som sto for 17 mai feiringa i år.
Så da er det mykje arbeid på førehand med møter,
utkjøring av 17 mai hefter, henting av kasseroller og kaffitraktarar.
Så etter å ha pynta skulen, laga til 6 kaffear og kiosk,
der vi selgte kaffe og kaker, rømmegraut og lapskaus.
I kiosken var det pølse med stappe og anna "17 Mai tilbehør".
Seint på kveldenkunne vi sette oss med med litt godis og gjere oss
klar til å "mate rundt 300-400 stk" neste dag.

Sidan han spelar i korpset og måtte ha uniforma på seg.
(Kan ikkje rote seg til med den på.)
blei til at han og ein kar i klassen som
losa oss gjennom programmet.

Dei delte på oppgåva, då den eine spela i korpset
og han andre spela trekkspel var det greit å vere to.
Dei var flinke begge to.

Spurte han om han var nervøs kvelden før,

då såg han på meg og sa:" skal jo berre snakke da mamma".

My son just turn 14 year on 16 Mai.

Here when he and a classmate was leading the entertainment

on our celebrating of Norwegian national day the 17 Mai.

>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>


fredag, mai 09, 2008

HANDLENETT. NETT

Tilegare i vår kom eg over noko garn som var på salg,
da greip " bare må ha det" syndromet inn.
Blandt anna kjøpte eg noko turkis garn,
vart litt usikker på bruksområdet.
Plutselig ein kveld slo "kunstneren" til,
fann fram mine tjukkeste pinner og strikka i vei
men bruksområdet var ennå ikkje klarlagt.
Nokre veker seinare tok eg å sydde strikkinga fast på svart stoff,
ikkje fornøyd då heller.
Vart no redd for at dette vart ein heilt ubruleleg UFO.
Men fekk spørsmål om eg kunne lage handle nett til tausa,
tenkte litt....tenkte ennå meir.
Veit ho ikkje må ha det "alle" har
så eg tok ein sjangse og sydde ei veske av "kunstverket".


På årsmøtet i april kjøpte eg
meg ein kniv som skar ut rundingar.
Er ikkje kjent for å ta i bruk nye
ting eg kjøper meg raskt.
Så eg overraska meg sjølv med
å stå og skjere ut rundingane,
med det nye apparatet.
Fungerte faktisk!
Nettet ville ho ha.

For å vare på den sikre sida laga eg eit nett til,

det vart fleire ringar.

For å få glamorfaktoren opp på handlinga

tok eg og sydde fast nokre gull farga paljett blomster,

som var frå den tida ungane dreiv med klipping og liming.

Kom på at kjærasten kanskje ikkje ville bruke

oppstasa vesker så han fekk eit som var berre svart.

Shopping bags for our daugther.

-------------------------------------------------------------------------------------------------

søndag, mai 04, 2008

PENALHUS

På ønskelista var det eit penalhus,
da tausa vår likar godt sommarfuglar
måtte eg prøve å lage noko slikt.
Hadde ferdig ein "dings" som var laga på filtemaskina,
den passa både i farge og fasong.
Idet eg skulle sy den fast
kom eg på at om eg delte den i to
kunne den bli ein fantasi sommarfugl.

Har samla på gardin kappane frå svigermor,
Så da tenkte eg kunne bruke litt av den
på penalet til tausa vår,
då ho var mykje saman med "beste"
då ho brukte dei i huset sitt.

"Hankane" er plastikk tau som eg har siksa saman.
Det har fått namn og ei lita hemmeleg helsing frå mor.
Det skulle vere stort,
så eg håpar det fell i smak.


Pencil box to my daughter.
;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;