søndag, juni 29, 2008

HEKK OG REGNBUER...............

Det nærmar seg at vogna og vi skal på tur,
og måtte få opp farta.
Vi skal ha ho på ein campingplass i nærheita av ei fergekai,
der Mr. Fargerike skal vere vikar
medan han ventar på ein annan båt.
Vi blir nok litt til og frå, må klippe plen, passe huset
og mate kattane litt og.
Det tek for lang tid å kjøyre heim og stad til ferga,
så vi får prøve dette ei stund.
Det er ikkje hagen som har fått førsteprioritet
mens vi har måla hus.
Så etter litt att og fram vart det bestemt hekken
skulle plantas her for å prøve å stenge ute nordausten,
den er både hard, kald og langvarig når den kjem.
Fekk hjelp til å grave hola,
her er plantane kome i jorda.
Litt vatn og klipping blir den nok fin om nokre år.
Det skulle vere sergent eple om eg ikkje tek heilt feil,
skal tåle alt "godveret" her.
Som inneheld både kraftig vind og regn frå alle kantar,
lufta har både finsand og salt i seg.

Skyane frå sør.
Det gjekk torever lengre inn i Romsdalen tidlegare,
og fekk då ein fin regnboge som takk.

Fargane blei sterkare då veret trekte seg tilbake,

heldig er naboen som fekk "gullgryta" denne gongen.


New hegde and a visit from the rainbow.

<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<

Ålesund igjen

Onsdag morgen ringte klokka 4.15,
ein time seinare starta vi turen.
Vi skulle til Ålesund og ha sørvis på bilen.
Ungdommane ville bli med
så turen gjekk først på Aksla,
så blandt turistar frå Island og andre land
fekk vi sjå den fine utsikta over Ålesund.


Den høgste blokka bodde vi i mens vi gjekk på skule.
Har aldri hatt så fin utsikt frå ein bopel,
men vi bodde i 11. etasje så det var vel ikkje så rart.

Det kom turistskip og la til kai,

noko som gledar Fru Fargerike.

Må nok berre innrømme at "båtar" er ein av mine ting,

har også skumle planar om å besøke Måløy i august

då det er "Tall ship Festival" der.

Håper det blir noko sia eg har gledd meg i over to år.


Atlanterhavsakvariet måtte sjølvsakt besøkast

sjølv om vi har vore der fleire gongar.

Reknar med dette er "Dame" varianten av berggjyltane.

Ikkje enkelt å ta bilde gjennom glas.

Denne annemona såg ut som ho hadde strikka genser på seg.

I eit hjørne låg denne flate saken som sendte

meg skumle blikk etter den blei fotografert.

Her er det rolig før dykkarane kjem og skal mate fiskane.

Det vart skikkeleg liv då dykkaren kom og skulle mate fisken.

Både stor og små fiskar kom fram,

dei kunne tydlegvis klokka.

Alt ein halv time før tidspunktet byrja fisken å samle seg

i store stimar.

Vi var og såg på årets nykomlingar,

pingvinar er nokre artige dyr.

From our visit in Ålesund and the saltwater-aquariums,

"Atlanterhavsparken".






mandag, juni 23, 2008

SKIFTING AV HUSFARGE

Veka før vi dro til Stryn på korpsstevne,
hadde vi eit fantastisk ver.
Da tok arbeids "ånda" på sonen over
og vi "berre" måtte kjøpe maling.

Da skrapinga var ferdig,
skulle vi sjekke ut nyfarga.....
var den nok ikkkje heilt som vi tenkte.
Det var nok babyblå det vi hadde fått,
og ikkje den gråblå vi hadde sett på fargekartet.
Sjølv om vi mala heile bislaget vart den ikkje finare.
Så etter ein tur hos malingsleverandøren vår
fekk vi den farga vi skulle ha.
Dei hadde skrevet inn eit tal feil på koden.

Etter god hjelp var huset ferdig på nokre dagar,
mens vi damane tok oss av oljeinga av verandaene
med litt hjelp av Mr. Fargerike på slutten.


Da står det "lisje gammel " huset igjen og vårt hus på lista.

Håper på å få ein meir samla fargeskala,

løa er sitrongul og vårt er karamell farga.

Får håpe veret holder seg slik at vi blir ferdige i år.

xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx

søndag, juni 15, 2008

Ei fin lita historie

Onsdag rundt klokka fem ringte det på døra.
Det var naboguten som sto der.
Mellom bygane med styrtregn hadde
han teke vegen bort til oss.
Tenk han har blitt så stor at han får lov til å
krysse vegen og gå den bort til oss heilt åleine.
I handa hadde han eit syltetøy glas med nokre "rompetroll",
som han ville forære meg og dei skulle bu i hagedammen vår.
Han hadde tenkt på alt,
til og med niste til "rompetrolla" hadde han med.
Det var ei stor og feit "spyfloge",
som ganske beleilig hadde gått av med døden.
Då "sjøsettinga" av gaven var over og maten levert,
kom det minner fram frå tidlegare gåver.
Vi var begge enige om at 5-6 "rompetroll" hadde
større sjansje for å overleve enn den 20 cm lange
auren vi fekk for nokre år sidan,
som vart slept i dammen og ingen såg meir.
Såg faktisk eit av "rompetrolla" symje rundt i dammen,
dei er vel ikkje så interesante for hverken
pus eller fuglar som den lille auren vi fekk.
Det er kjekt å få gaver som gjer ein glad er praktiske i tillegg.
¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

BILETE FRÅ NORANGSDALEN

På vei til Stryn tok vi oss ein
svipptur gjennom Norangsdalen.
Det var ein idyllisk dal,
kyr og sauer gjekk og beita langs elva.

Etter litt leiting fann vi Lyngstølvatnet,
det var eit ras som stengte utløpet av elva.
Så ein del Sel blei oversvømt,
det var rart å sjå vegen forsvinne ned i vatnet og
at den endte ved Sela.
Heldigvis var det bra fotover den dagen,
det er ikkje så enkelt å ta bilete gjennom vatn.

Hadde høyrt om Øye hotell og måtte ta ein rask kik

på Cabincruiserne som låg ved kaia før vi stoppa utafor hotellet.

Vi fekk ein litan kik inn i hotellet då vi kjøpte oss is,

det var det stilig og fint

både ute og inne.

Dette kunne vore eit bilde frå hagen min,

men då hadde eg nok måtte flytta frå Romsdalskysten,

og skaffa meg meir pengar.

Så dette er eit bilde frå hagen til Øye hotell.

Det er lov å drømme.

Pictures from Norangsdalen and Hotel Øye.

mandag, juni 09, 2008

DU GJØR DAGEN MIN BEDRE

Da eg kom heim frå korps stevne i Stryn,
låg denne og venta på meg.
Vil takke Inger Anne for den.


Det var ein fin tur,
på vei nedover stansa vi og besøkte
kjent folk i Stranda området.
Vil helse til dei og takke for kaffe og kake,
og håper dei kjem på besøk til oss ganske snart.

Vi var faktisk så tidleg ute at vi tok ein tur
gjennom Norangsdalen og til Øye.
Der var det kjempe fint og kameraet vart flittig bruk
både av meg og dottra.
Men no har det seg slik at min bilete
blei lagra på Macen til dotttra.
Derfor må eg vente til ho kjem heim igjen,
kanskje eg må vente heilt til helga.
Hint... Hint...om at ho må komme tidligare heim...

Vi var så heldige å treffe igjen eit par
som vi gjekk på skulen i lag med og som budde i
same blokk som oss, då vi gjekk
på Maritime i Ålesund.
Det var nesten på dagen 25 år sidan på dagen
sidan sist vi hadde sett kvarandre.
Trur vi vart like glad alle saman over å treffast etter så lang tid.

Vi hadde hytte og dei hadde bobil,
vi mangla fyrstikker og spurte dei om å få låne med dei,
og då kjente vi kvarandre igjen.

Ei spennande helg med alle barna våre og nokre av barnebarna,
pluss å få treffe igjen nokon som vi ikkje hadde sett på lenge,
og for min del ei trivelig dame som eg tilbrakte
tre dagar med i Trondheim mens karane var på kurs.

Så noko bilete frå Stryn turen blir det ikkje
før eg får dei over på min maskin.

%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%5


torsdag, juni 05, 2008

HAGETUR FORRIGE HELG, KORPSTUR TIL STRYN I HELGA

1. Juni satte vi oss i ein buss og hadde som mål
å sjå på to hagar på Valderøya,
Alnes fyr og ein hage i Spjelkavika.
Været var vått i den første hagen,
men bedra seg utover dagen.
Regndråper gjer fin effekt.

Ei nyvaska Blå Valmuesøster.

Fekk lov til å prøve vidvinkel linsa til dottra,

derfor vart Alnes fyr litt "sådær".

Herleg å sitte ute og nyte te og kakar.

Det er vel skjelden ein sitt ute her og må kle av seg

fordi det er for varmt.



Skal til Stryn på korpstur i helga,
det er meldt knall ver.
Har desverre ikkje blitt mykje farge på meg i det
knallværet vi har hatt dei siste dagane,
Det har blitt maling av hus
og smøring av verandaen + mykje matlaging.
Skal finne fram bileta over helga,
då blir det vel både hagar, maling og Stryn
som skal vises fram.
Vil ynskje alle ei fin helg med godt ver i kvar ein krok.