onsdag, oktober 29, 2008

Snø og handarbeid.

Har fått snø og is allereie,

så i går var eg vêrfast sidan ingen av
bilane ikkje hadde piggdekk på.

Brukte tida til å nålefilte litt,
prøvde å lage to hunda.
Ei mor og ein kvalp.....
Den største er ca. 5 cm lang.
Beingrinda er av pipereinsar.
Har eg ordna ein ny rase?

Har i dag fått køyrt litt traktor :-)))
då dekka var så tung og stor,
at eg ikkje fekk dei opp i bilen åleine
då eg fekk verkstaden her til å skifte for meg.
Den andre bilen får vente nokre dagar
til den verste køa har gjett seg.
Må vel hive meg rundt over helga før Mr. Fargerike
kjem heim og lurer seg til å køyre dekka på verkstaden.

Skunda meg å tå bilete før sola laga alt for lange skyggar.
Det største grasskaret har ein isopor ball inni seg,
dei to mindre har nøste av trådendar og
reste garn som kjerne.

Den største ballen har vel ein radius på ca. 5cm

så det blir vel bordpynt av desse sidan dei er så små.

>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>

fredag, oktober 24, 2008

KAST - GJE VEKK EIN TING KVAR DAG 134 - 152


Ei oppdatering på dette emnet trengs
vel om eg skal kome meg i mål på eit år.
Det eg har gjeve vekk i det siste er
Nr. 134
Veska til Maria.
Nr. 135
Eit sett med gardiner.
Nr. 136
To kvite eldfaste former.
Nr. 137
Ei eldfast form i glass.
Nr. 138
Ein duk i lappeteknikk.
Nr. 139
Ein duk som liknar på den over
som skulle bli gevinst på ein basar.
Nr. 140
Ein dunk med vin.
Nr 141
Baka ei gele/fromasj kake til hagelagsmøtet.
Nr. 141
Ein sekk med for småe klede frå junior.
Nr. 142
Fekk mykje mat som var igjen etter at
linje foreninga der vår datter går
hadde blåtur i distriktet.
Da har eg gjett vekk vidare
12 sitronar
Nr. 143
Fleire posar med parmesan ost.
Nr. 144
Fleire glas med Pesto.
Nr. 145
Seks sko hyller på kleshengar.
Nr. 146
13 pocketbøker.
Nr. 147
To handvesker som eg ikkje likte.
Da er vi over på kastinga.
Nr. 148
Ein paraply som fekk hard medfart i vinden.
Nr. 149
Ei tom såpe flaske.
Nr. 150
Har kasta ein del slitne sommarblomster.
Nr. 151
Ein klassikar... labbar med hol.
Nr. 152
Eit litermål som ikkje likte ferda ned
på benken og vidare ned på golvet.
Hm.......
Kaste lista var lita.....
Mistenksam lita......
Har eg gløymt noko....
Heilt sikkert!

Men eg har fått meg ein kjempefin
og stor orkide frå naboen
TUSEN TAKK.

Fekk også ein mail med to fine bilete,
frå kjenningar i Hammerfest.

++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++

VESKE TIL EI SOM SPELAR FELE

Fekk endelig levert veska til Maria
som går og lærar seg å spele fele,
og ville gjerne at eg sydde ei eiga veske til ho.
Fekk brukt opp noko rosa stoff.
Hankane er korte endå, skiftar dei ut med nokon
som er lengre etter kvart som jenta veks.

Her er den flinke felespelaren med ny veska si,

Stebeste er stolt over ho,

for ho har sjølv prøvd å lære

seg litt på fela og veit kor vanskelig det er.

Lykkje til med fela framover.

tirsdag, oktober 21, 2008

ETTER UVÆRET I HAUSTFERIEN


Utværet hadde roa seg sopass at vi tok med oss
feriegjestane frå Norddalen på ein vindfull tur til havet.
Vi var ikkje åleine,
då nokre surfera ville måle kreftane sine mot været.

Likar så godt å sjå på bølgjer som bryt,
det er storhavet sine blonde kantar.

To tøffe karar som ikkje har kika på kalanderen i det siste.

Måsen har støla seg på berga.

Vi kika på flo- og fjøretabellen og passa
på når det var litt meir enn halv flødd,
då vi drog dit fordi det bryt mest da.

Blir aldri lei.

Ungane kosa seg sjølv om dei syntes det var eit litt
rart påfunn å dra på stranda midt på hausten.


Det er stor forskjell å bu inni fjordane og utmed kysten.
Dei hadde lyst til å plukke skjel,
men her på stranda er skjela knust til sand.


Vi måtte gå lenger utover kyst stien for å finne
dei mellom dei store steinane.

Her beundrar minstemann "dagens funn",

kanskje dette var betre enn dei få skjela vi fann.

Etter ein kvil vendte vi heim over

og bølgja hadde kledd seg i "brudeslør".

Fleire var ute ved havet,

her ser det ut som nokon som vil lære å "kite" som

det heiter på "nynynorsk".

Sit egentleg og ventar på veret som kjem no for fullt,

det var meldt full storm så da blir det vel

øyreproppar i natt på meg.

Får drikke opp glaset med julebrus,

(kjøpte den som bygåve til junior som elskar den)

og slå av tven og la VH1 Classic få ta natta

og leggje meg mens det framleis er litt rolig utafor veggane.

Det roar seg nok i ned etter halv fem då det er full flo,

minkar havet, minkar veret.

*************************************************************

lørdag, oktober 18, 2008

"KJEKT Å HA" PÅ EIN KLESHENGAR

Har den seinare tida fått brukt opp noko restar etter
av klipp frå nokon gardiner eg fekk i forrige år hundre.
Har sydd sju "sko-oppbevaring-posar-på-hengar" av dei.

Greit å henge i kleskåpet for oppbevaring av
sesong sko og paraplyar.
Desse er enkle men har og laga ein
med dobbel rom til meg sjølv.

Fort gjordt og greit å få vekk nokre sko frå gangane.

XXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXX


tirsdag, oktober 14, 2008

På tur fra Kristiansund over Atlanterhavsveien og heim til Farstadsanden.

Hadde med meg kameraet då eg henta junior
som kom med hurtigbåt og fergje
heim frå Trondheims turen.

Til neste vår opnar det ein tunnel
frå Averøya til Kristiansund.

Då blir det vel stille på kaia,

og roligare på stranda vis a vis kaia.

På vegen heim måtte vi berre stoppe og nyte

lyset, varmen og utsikta.

Ei smekker og elegant bru den "Storseisundbrua",

Minnesmerke over dei omkomne på havet,
står og viser oss havet og kysten si bakside.
Reknar nesten med at nokre av mannen sine fjerne
slektningar er omkomne på havet,
sidan svigermor har vokse opp midt ute på
ei av øyane på "Atlanterhavsveien".

Då vi var nesten heime,
stoppa i så vi fekk sjå på Farstadsanden.

Himmel farga og temperaturen på 16,5

fortalte meg at det var uvær

i vente.

Måsen ligg og ventar på veret,

mens kråka kosar seg i restane etter kornåkeren.

Neste dag "koka" havet.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

tirsdag, oktober 07, 2008

TO FEIRINGAR PÅ SAMME DAG


Er ikkje så flink til å huske bryllaupsdagen vår som er i september,
men i år greidde eg det for første gong etter 14 år.
Jippi
Vi vart i lag på min fødselsdag og
forlova oss på
Mr. Fargerikes bursdag,
så det greier eg å huske,
men ikkje bryllaupsdagen vår.
Derfor hadde vi 25 års dag for trulovinga på
måndag då mannen i mitt liv fylte år.
Diskuterte faktisk dette
før han drog ut på båten,
og han hadde rett i at det var 25 år sidan.
Trur eg må skjerpe meg på datoar og antal år framover.


***************************************************************************

STRIKKAR OG STRIKKAR........

Her er dei noko av tinga eg har strikka,
har strikka labbar dei
siste vekene.
Håper å få strikka eit par i
kvar støresle, før dei skal gjevast
til dei som skal sende dei til Ukraina.









Det var det som er ferdig til levering no.


*************************************************************************************


mandag, oktober 06, 2008

FØRSTE I HAUST...................

Da har vi fått såpass med hagl
at det gjekk an å lage ein snøball.
Junior hadde eit stort glis
i fjeset då han hadde nok til å lage ein snøball,
og lånte mors fotoapparat for å ta bilete .

Han tok hurtigbåten til Trondheim i går
for å besøke søstera og sambuaren nokre dagar.
Då vi ringte og høyrte om dei huska på at
dei fekk besøk, fekk eg ein god kommentar.
" Da i såg at det hadde snøa,
tenkte i at i dag kjem bror min hit".
I haustferien i fjor då han var
på besøk hos dei snøa det og.
Litt tidleg men... slik vart det.
Turen med hurtigbåten gjekk
fint sjølv med stiv kuling.

Vil ønske min mann


Vil ønske min mann til lykkje med dagen i dag.
Sender han eit bilete av ei av rosene
som han har i hagen.
Gaven får vente til han kjem heim.

Håper han kan ringje i dag,
så eg får ynskje han til lykkje med
dagen over telefonen.

***************************************************************'

onsdag, oktober 01, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 120 - 133

I iveren etter å gi bort eller kaste ting,
gjekk det meg hus forbi at idrettslaget hadde
loppe marked i helga.
Når Mr. Fargerike er heime er det han
som handlar inn maten og da blir ein ikkje
oppdatert på plakatar om ting som skjer i bygda
om ein ikkje er med der tinga skjer.
Tidlegare samla eg saman det eg skulle kaste
av sengeklede og gardiner.

Gav vekk alle sengekleda og stue gradinane.

Fekk i same slengen gjeve vekk

Nr. 121
To storblomstra gradinar som eg sjølv har fått.

Nr. 122
To andre gradinar som eg og har fått.

Nr. 123
Nokre dukar og vart gjeve vekk.

Nr. 124
Kasta ei veske som hadde fått hanken øydelagt.

Nr. 124
Kakefatet til peanøttkaka sprakk og delte seg.

Nr. 125
To inne planter som takke for seg.

Nr. 126
Støvlane til poden som hadde morkna opp.

Nr. 127
Ein del pocketbøker er lagt i gi bort eska.

Nr. 128
Eit svart sjal som min mor har hekla,
ville tausa ha med seg til Trondheim.

Nr. 129
Eit par blåe damesko.

Nr. 130
Eit par svarte damesko.

Nr. 131
Pakka ned 7 mjølkeglas i loppemarknad kassa.

Nr. 132
Ein brun vase.
Nr. 133
Seks par med gamle lysmansjettar.

Samla alle einslege lys og skal no prøve å bruke dei opp,
så får eg ledig plass.

På loppe markedet fann eg ei tysk/nynorsk ordbok og
seks blåe glas frå 70 talet.
Likar glas med farge og struktur
dei er lettare å halde for ein som har leddproblem.



---------------------------------------------------------------------------------------------