mandag, mai 25, 2009

FIN AVSLUTNING PÅ HELGA


Kveldsmaten vart ekstra
god i går kveld,
då eg såg kva guten

hadde skreve med gul
paprika på knekkebrøda
han hadde laga til meg.


" I e gla i d",
på skikkeleg frening.

Ganske fornøgd med den,
det er ikkje første gong
og det varmar eit
morshjerte godt.
-----

søndag, mai 24, 2009

MYGGEN TRENG OGSÅ


hus å bu i,
så dei kan få
ungar og ha
eit fint og rolig liv.

Så vi ønsker oss
to barnefamiliar
som kan flytte
inn i husa.
------

MAKROBILETE


Tok med meg makro-linsa
ut for å ta bilete av
valmuane som
har starta blomstringa
i helga.


Litt "spesial effektar" måtte prøvast ut.

Så kom regnet og vi måtte flytte under tak,

Lei av å gå på krykkjer no,
så det var litt godt
å få eit avbrekk i
strikking
og stitcherya som eg held på med.

I helga har eg og sett på
"The Jane Austen collection
"
det er 6 dvder,
Av kjente og litt meir ukjente serier.
Dette er sommar seriar
for meg då
BBC ofte sender
dei om sommaren.

Sidan eg måtte trekke under
tak måtte det litt
kunstig vatning til,
for å få til litt
regn .

Artig med makro,

sjølv om bevegeleg heita
mi ikkje er heilt god ennå.

--------

søndag, mai 17, 2009

MELODI GRAND PRIX

JIPPI NORGE FEKK MEST POENG.....

GRATULERE

lørdag, mai 16, 2009

ÅKER BLIR TIL ENG OG UVANLEG BESØK


Våren kom tidlig og sommaren er her
før vi får sukk for oss.
Blomster og tre har fått
ein pang start,
varmen og sola har
gjort grovjobben.
Pryd-eple treet som er vårt 1000-års tre
står i full blomstring.

"Drengen" som har jorda
har snudd all
jorda vi har rundt husa,
det same er nesten
all jord til
naboane
så her er det litt som
å bu i ein ørken.
Sidan jorda rundt oss
består av sand,

så det fyk godt med sand no når
det er så tørt.

Biler, husvegger og
hagemøblar
har alle eit fint lag med
sand på seg,
så da er det berre å finne
fram tvoga
og vaske skal ein sitte ute
og nyte fin veret.


Dei siste vekane har det
blitt fjerna greiner,
pløgd, horva, kalka,
spreidd beinmjøl
og horva igjen
før det
blei sådd
og kunstgjødsel til slutt.


Så mor i huset har stått bak
gardina og sett på
traktorane på marka,

føler meg som ein liten unge då
det var
tre traktorar
som susa rundt
om på marka vår.

Kan ikkje skylde på at mor må passe
på når ungane vil
sjå på lenger heller,

når den siste er konfirmert i år.



Ei feststund for meg.
Mykje nytt og spennande
reiskap i landbruket

sidan drifta vart avslutta
for 21 år sidan hos oss.

Måsane har boltra seg på åkeren,
så verandaen er godt
dekorert av
måseskit.

Gauken kom før helga
og sommar blomane
i grøfta
har komme fram.

Ein mini gris kom springande i god driv
over eigedommen i går,
med ein av nabo våre etter seg med kamera
klart til bruk.
Den hadde vist kome nedover
hovedvegen og over brua,
så er det nokon som manglar
ein mini gris
så har vi observert ein i går kveld.

********

HEKLA TEPPET


Har hekla og hekla,
og endelig har eg nådd målet.
Har sikkert garn igjen til eit teppe til.


165 biter ferdig og montert saman.
Litt i minste laget,
har starta så smått
på utvidinga.
Brukte litt over ein månad på dette,
i tillegg til førebuingane til konfirmasjon.


Mitt nye prosjekt er labba
til meg sjølv,

strikket i tove-garn og dei skal
tovast sjølvsakt.

Håpar eg greier å forstå
resten av mønstra.

Har aldri før prøvd meg på mønster
under foten etter diagram.


Vil helse til konfirmanten som
i dag har blitt 15 år.
Ikkje den beste dagen og feire på,
men han vil kanskje feire seinare.
Men han og nokre andre har
vert på stranda å
bada og dukka i dag,
så veret har vorre
kjempefint heile veka.
Har opplevd 17. mai feiringar med
sludd-byger eller sør-vest-kuling med regn,
men i år er det meldt liten bris og 15 grader
så da kan det bli kjempefint.

Har skjedd ein del i det siste,
så blogginga har blitt prioritert ned.
Pluss at min data som kom heim etter
reparasjon nektar å lese minne kort
så det blir så tungvint å bruke både
to og tre maskiner for å få til eit innlegg.

*****

fredag, mai 01, 2009

SISTEMANN UT

Tida går fort, fort,
på søndag er det junior som
skal konfirmerast.
Gjestane har starta å komme,
og fleire blir det.
Har fiksa og ordna alt ferdig i dag,
så det var godt å få vere vikar
på biblioteket.
Veret var så fint at eg hadde berre to
innom i dag.
Fekk hekla litt fleire oldemor ruter,
no er det vel berre ein 15 ruter
som manglar så kan eg starte monteringa.
Skal bake ei kake og lage ein dessert
og resten av tida skal eg slappe av.
Håper på like fint ver som på bildet,
men meldingane er ikkje så fine ennå.


Gleder meg litt til tysdag også,

for då er eg ferdig med operasjonen i kneet,

og kanskje eg får vite kva som gjer det så

kakkande "#¤%&/()=?` ilt.

Håper det blir soppast bra at eg kan klare meg sjølv på

flat mark og i lettare kuppert terreng.

Vil ynskje alle meir eller mindre stressa

"konfirmasjonsforeldre" lykkje til

og resten av dei som stikk innom ein fin vår.

Og er det nokon som vil ha kakerester over helga er det

berre å ta seg ein tur innom.