mandag, august 31, 2009

EIN LITEN LYD


Ein velkjent liten lyd,
massasje i vente.
Tassande lyd,
smale auge.

Sofaryggen blir til veg,
massøren nærmar seg.
Lett på tå,
innstilt på å gjere sitt beste.

Først ein liten tur rundt nakken,
så er det framsida.
Auga blir flylt,
ser ingen ting.

Så er massasjen i gang,
5 kg med pels.
Klørne er ute,
ilt for kvart eit tak.

Katten James,
er vak.
Halen rett i veret,
kasta ut av sofaen.
______


torsdag, august 13, 2009

HAUSTJAKT?


Då er jakta igang.
Det skal pussast opp i huset.
Nye rom skal innreiast.

Så i dag har vi (igjen) besøkt byggjefirma.
Merkeleg,
alle sel det same.

Trygt og godt.
Same leverandør og same utstilling,
berre ny adresse.

Er ikkje den tøffaste innan interiør,
men å få sett det lille ekstra
hadde vorre kjekt.

Trur eg (igjen) pussar opp rett før ein ny trend
kjem på marknaden.
Same visa kvar gong.

Men no kan eg ikkje sitte på
gjerdet og vente lenger.
Vi må bestemme oss.

Golv, vegger, fargar og stilar.
Vindauger, dører og innreiing.
Alt surrar rundt.

Er det rart ein (igjen) tyr til handarbeid!

*****