onsdag, september 30, 2009

LITT TIDLEG....



Hadde tenkt å nyte
ein haust med fint ver
og varme dagar.

MEN......


Uveret har herja
langs kysten utan stans
i vekesvis.
Regn og kuling,
regn og storm
har avløyst kvarandre
utan opphold.




I dag gjekk uveret
over til
snø på fjella
og hagelbyger.

Så rosane vart avbilda
med snø som bakgrunn.
''''''


tirsdag, september 29, 2009

EIT PAR TIL.....

Har ei "brun" svigerinne,
ho likar brune ting
aller best.



Prøvde å gje ho
eit par som var blå.

Men dei ville ho ikkje ha.



Hekla då eit
par i brunfargar
til ho.



Ho var kjempefornøgd
med fargane.

---^^^^^^^^^^^^^----

mandag, september 21, 2009

TIDLEG EIN SØNDAGS MORGON....

I Ålesund kom eg
over dette danske
handarbeidsbladet.

Der var det ei adresse
til ein nettbokhandet.




Den første boka
eg søkte meg på var denne.
Denne har eg
sikla på lenge no.

Så dukka det
opp bøker om hekling
så eg måtte ha.



Så var det ei
med strikking som
eg lenge har
tenkt på å skaffe meg.


Då kom eg
over bøkene med
maskin filting.




Så langt,
så bra
.
Fekk då beskjed
frå forlaget at
boka med
strikkede kaker
var utsolgt.

Ein dag seinare
kom ny beskjed:
no var boka
med kakene kommet.
Då vart det
litt fleire bøker
med på den
nye bestillinga.

Då desse

bøkene

var


bestillt,

kom det ny mail om
at "knitted cakes"

var det ventetid på igjen.
Men resten av bøkene kom.


Så da spørs
det om eg greier
å få tak i
strikkeboka med kaker.
Såg fleire interesante bøker,
kanskje eg heldigare neste gong
eg er innom bokhandleren på nettet.
Ei bok som skulle koste meg 69,-kr
endte opp med 11 andre
nye bøker til no.

Skal sette meg
ned å studere dei betre når
oppusinga er ferdig.
Men så langt såg det bra ut,
må berre huske på å kjøpe
meg ein loddebolt.
For det treng eg når skal
eg prøve ut noko
av det som sto i eine boka.

Tidleg ein søndagsmorgon,
kan alt skje.....

>>>>>O<<<<<

søndag, september 20, 2009

OPPUSSINGA GÅR SIN GANG

Lite med blogging
i det siste.
Vi er godt i gang med
oppussinga av
badet.
Drømmer om
å ta ein dusj
om natta.

Har haurt rykte at det skal
komme ein dataekspert
i heimen i morgon.
I 2009 har min pc
bodd meir hos
reperatøren enn
hos meg.


Tenkte at no når
skulen byrja

skulle


symaskina brukast.
Får vel vente til
snekkar, rørleggjar,
"fiks gulvet mannen"
og eg med straumen
er ferdig.

Bilda har eg "lånt" frå internett.

OOOOO

onsdag, september 02, 2009

AWARD FRÅ HAGEMOR

Fekk meg ein påskjønnelse
frå Hagemor,
der eg skal
fortelje 10 ting
om meg sjølv.




1. Har gått på husstell
linja men har ikkje
"husmor" talent,
så eg har lært mannen
min å lage mat.

2. Er ein kløper i å vaske klede,
synes eg.
Så når døra til
vaskerommet går opp,
ropes det i heimen
"har ikkje skjetne klede no".

3. På denne datoen
04.04.04
var eg 40 år!

4. Eg var første jenta
som gjekk på
elektroautomasjons linja
i Ålesund.

5. Eg var første(?) jenta
som tok fagbrev som elektriker gr. L
i Møre og Romsdal.

6. Har ein sjeldan sjukdom.
På grunn av den
er eg uføretrygdet.
"Kjempeartig"

7. Har hatt samme mannen
i over 27 år.
Som ennå greier å
overraske meg etter
så mange år.

8. Har 15 års bryllupsdag
i september.
I fjor var første gong
eg huska datoen.

9. Liker å fotografere,
hageting og alt
innen handarbeid.
Så eg gler meg til å få
nytt syrom i kjellaren
med full takhøgde
og god skapplass.

10. Liker ikkje å
snakke i telefonen
i det uendlige.
Max 5 min før eg
startar å trø rundt
om i huset.

***

tirsdag, september 01, 2009

GODFØLELSEN KOM


Måtte berre rydde
på syrommet.

Starta ved symaskina,
gjekk runden rundt
og rydda.
Nærma meg filtemaskina,
det er eit litt dårlig forhold
mellom meg og den maskina.
Får det liksom ikkje til,
det blir aldri som
eg hadde tenkt.


Endeleg fekk eg
godfølelsen :-)
Klipte ut stoff,
la lag på lag
med ull i ulike fargar.

Er så fornøyd med resultatet
og meg sjølv.
(JIPPI)

^^^^^^^^^^^^