mandag, november 23, 2009

TRE ENKLE SAKSE ETUI



Må prøve å komme
etter med 
å leggje ut bilete
av det eg har laga det 
siste halvåret.
Her er tre saks etui eg laga,
mens eg var i tenkjeboksen
på eit anna prosjekt
som vart ferdig i dag :-D.

 

*****

fredag, november 20, 2009

INSPIRASJONSKURS PÅ VEI TIL DANMARK

 Var tidlegare i 
haust på eit artig inspirasjons kurs 
gjennom bygdekvinnelaget,
ture gjekk med "Pearl of Skandinavia" 
frå Oslo til København.
Hadde nokre timar
i Oslo på tur nedover
etter at flyet landa,
og på Grønland var
det innvandrar butikkar 
med mykje stoff mm.

 

Kanskje dette raude og svarte 
kan brukast 
til ein "alternativ" jule duk.



 Mykje fint å få kjøpt,

 

 men hadde ikkje 
plass til 
så mykje trudde eg.


 

 Tenkte eg kunne prøve
meg på å bruke loddebolten på
desse stoffa,
får håpe det blir
slik eg hadde tenkt meg det.




Dette sjalet var og å 
finne på Grønland
i same butikk.
Eg brukar det som
duk på spisebordet foreløpig.


 

Det er ein 20 kroner butikk
i København,



  fann vi stoff bitane med 
mange fine mønster.


 

Tenker på kor tulla eg 
var som 
ikkje kjøpte alle
bitane når eg først var der.

********


onsdag, november 18, 2009

STOFF MED PERLER OG MOULINÈGARN

I august i år
var på vår første
"sydentur".

 

Der kjøpte eg 
meg dette stoffet
med perler,
og litt fleir farga
moulinégarn.

 

Litt usikker på
kva stoffet kan brukast til,
blei vel fanget litt i augeblikket.


oooO0Oooo


fredag, november 13, 2009

LITT MACRO IGJEN..........



Med litt småtteri frå -Nille
og konditorfarge,



 og vatn kan ein leike seg litt.
Litt grønt og blått,

 

og til slutt min brune katt James.
Som alltid kjem fram frå intet,



GOD HELG TIL ALLE!
--------------------------------------

tirsdag, november 10, 2009

NÅR "NETTENE" BLIR LANGE OG KULDA SETTER INN................

Har brukt natta 
til å lage meg eit nett.
Den kan brukast på begge sider.
 


 Har ein tendens
til å få "søvnproblem"
når sommar tida er over.

 

I natt var eg på sy
rommet til  klokka var 
over halv to,
kom meg i seng litt over to.
Vakna igjen i fem tida, 
men låg på trass 
til klokka var halv sju.




  Er eg åleine om 
dette eller er det fleire som meg?
Når dagane blir lenger,
ein gong i februar,
blir eg "normal" igjen.
Slutta til og med å røyke,
trudde eg kunne gje tobakken skylda
då eg berre røykte 
etter at ungane hadde lagt seg.
Det hjelpte ikkje det grann.
 


****************************

fredag, november 06, 2009

HEKLA NÅLEPUTER


Har hekla meg 
nåleputer av reste garn.
 


 Den øverste i lime,
blå og rustraud.
Den under er i
ein variasjon av 
den over,
  det rustraude garnet
er bytta ut med
fersken farga som her 
ser rosa ut.



Pc-en er i heimen
og fotoapparatet er i hus igjen
etter eit lite utlån.
Så da håper eg nye
innlegg blir enklare å lage framover.
Har brukt litt tid på syrommet siste dagane
så eg håpar får ferdig nokre ting,
men fingrane samarbeider ikkje så godt for tida
så handsaumen går tregt. 
***