fredag, oktober 29, 2010

BENTE MALM SITT NYE KURS


Har brukt helga til 
å gå på Bente Malm
sitt nye kurs,
der fekk vi lære å lage 
ny tekstur på stoff.


Pakka alt eg hadde 
av syntetiske stoff,
organza, tyll,
angelina, 
garn og anna stæsj.

Eit kurs heilt utan stress
og at ting skal syes ferdig.
Det vart god tid 
til å sjå
kva dei andre deltakane
hadde med seg til å 
lage nytt stoff.


Det vart delt idear 
og stoffbitar,


 kanskje ei lengre unna 
hadde akkurat den biten med


den rette farga
for at det du laga 
fekk eit løft! 

Vart og kjent med 
nye damer med blogg,
som det skal bli 
"kjøle kjekt" å følge
med videre.

Til dei som skal
på dette kurset med
Bente Malm.
Gled dykk!
***

tirsdag, juli 20, 2010

EIN LYD MINDRE...

Skulle prøve meg på 
å lage noko
med filtemaskina.


Laga to ulike sider
med litt haust preg.
Har brukt bitar 
av ein grønn genser 
og litt ull.


Neste prosjekt
blei firkanta og 
sydd litt anleis i hop.


Eine sida var det
vår på og den andre
var det somar.
Her har eg brukt ull 
og ulltråd til stramei broderi.


Så var det det med lyden. 
Sydde fast hemper
og festa dei på nøkleknipa.
Lage dei til under verste telehiv perioden,
det så var godt å få 
slepe å høyre all
skranglinga av nøklane under bilturane.
Dei vart t.o.m godkjent av karane
i familien, 
og dei er det flest av;-)

>>>(0)<<<

fredag, juli 16, 2010

Syntes eg gjorde
ei bragd
då eg greide å få med
ungane på tur med
vongna,
saman med 
oss gamlingane.

Tausa på 22 år som
eg trudde det blei
vaskeligst å få 
med ville bli med med ein gong. 
Ho som alltid har
nekta å bli med
på ferie.


Guten som alltid vil bli 
med måtte lokkes
med at turen skulle gå om Røros.


Her var det mange fine motiv,
så vi fotogale fekk
virkeleg boltre oss fritt .


Turen gjekk vidre
til Ørebro og Gjøvik,
der var vi 
på shopping og
litt "Harryhandel" på
heimveien.

Turen var fin,
reknar med dette er siste 
turen der alle dreg i lag på mange år.
Litt sjokkert første 
morgonen da tausa sto opp 
klokka 06.00
og lurte på når vi 
skulle stå opp.
Heldigvis sov ho til
klokka var 08.00 resten
av ferien.

mandag, juni 14, 2010

UTSTIILINGAR PÅ TO AV KOMMUNENS SINE BIBLIOTEK


 Her er bilda frå ei av 
utstillingane vi har hatt
etter jul i år.
Først hadde vi 
utstilling ein mnd. på
biblioteket der eg er vikar.
Så var det på hovedbiblioteket 
som ville ha våre lappeting
ein mnd.

Vi er,
Britt, ho som lærte meg 
å sy lappeteknikk
og gleden av å sy ting,
og meg.

Her er Britt sin "Round Robin"
som har vert rund om i verden.


Dette er noko av mine ting,
litt stitchery og litt av det eg har laga 
med filtemaskina.


Det var god plass på lesesalen
så vi fekk henge opp 
ein god del.
Det som er øverst i midten,
og dei to nede er mine.
Det med valmuer har malt bakgrunn.


 

   

 Britt sitt hjerteteppe,
hjerta er sydd
på for hand.

 

 

  
  


Britt sin fantastiske fisk.

  
Det blir litt for mykje
å skrive kva som er Britt
eller mitt,
så stort sett er det som er 
blått og uten hjerter 
 er mitt. 

Dei to neste
bilda er av mine dukar. 

 


 Kjekt å få stille ut
noko av det vi har laga
dei siste åra.

Så no kan dei kvite veggane
få tilbake bilda,
og dukane kom på plass.

**********

onsdag, mai 05, 2010

STRIKKETREFF


Ein laurdag i slutten av April
var det strikketreff.
Har aldri deltatt på slike ting før
så eg var litt spendt,
vi hadde det triveleg og 
strikkepinnane og praten 
gjekk jamt og trutt.


Det var gaveposer til alle,
mykje og god mat.
Trivelig lokale som var
ei lita gammel løe
som var gjort om 
til festlokale.


Det var synd at ikkje det
var fleire strikkeglade som deltok.


Loddsalg var det òg med
mange fine premier.

 
Eg som aldri brukar å vinne noko
var heldig og vant meg mange fine ting.

 
Alt som er avbilda her
var det som eg vant

 
Dei som har skaffa premier
og ordna treffet
har brukt mange timar
                                      for å få til eit vellykka treff.




 
Garn som eg gler meg
til å få sette 
strikkepinnane i.
 
 
Til og med ei stoppenål
vart med heim:-).


Her er det berre å
få fart
på fantasien
og lage 
noko nytt.


 
***


onsdag, april 14, 2010

Pc

PC vart det på meg.
Har bestillt meg ein 
ny modell
som kjem i butikkane
snart.
På måndag skal
den kome,
med ny teknologi og andre 
godsaker som
Mrs. Fargerike ikkje
har peiling på.
Så no skal det bli 
artig å lære seg
noko nytt.
^^^^

HADDE HÅP OM


at det firmaet vi kjøpte pc'en av
no ordna opp.
Bestillte ny maskine før påske,
som skulle komme på slutten
av forrige veke.

Var innom på mandag
da var sjefen i "møte" og skulle
ringe med ein gong møtet var over.

Var innom tirsdag
da kunne dei fortelle at den maskina
ikkje var på lager,
defor var det den ikkje kom,
vi sjekka lagerbeholdninga 
på nettet før vi bestillte 
der var det plenty.
Ikkje rart den ekspeditøren 
vi bestillte maskina med, 
(og vi var innom ein dag og sjekka
om dei hadde bestillt og fekk det bekrefta)
fekk det travelt med å forlate butikken.

Vi bor 45 min. unna to byer med mange el. butikker,
rart at dei tør å behandle kundane sine slik.
Prøver å støtte næringslivet i kommunen,
men med slik sørvis lurer eg på om mine 
penger ikkje er like mykje vedt som andre sine? 

Da går dei glipp av to pc salg for Mr. Fargerike
treng og ny maskine ganske snart.

Så i morgon dreg eg med bussen til byen,
eg skal treffe mr. Fargerike som da går av nattevakt
og vi skal kjøpe ny pc til meg.


Håper dei vil ha mine penger der!

Så kjem det bilder i morgen har det blitt pc på meg.

torsdag, april 01, 2010

VENTING, ER BLITT GANSKE GOD I DET NO.


Har ventet kjempe lenge på ny data,
over påske skal det vist
komme ei ny maskine.
Da nærmer det seg 3mnd. 
sidan vi leverte
den gamle inn og fekk beskjed
om at vi fekk ei ny.

Lånemaskinas kortleser virker ikkje,
så det blir så tungvint å sjonglere
mellom mange maskiner.

Har dirfor valgt å la blogginga 
vente på ny data, 
"som kjem neste veke"
som butikken hadde som motto.

Satser på å få leggje ut 
noko av det som eg har sydd, 
som vi hadde med på utstilltinga.

Skal på eit kurs rett over påske
som eg gler meg til.

Ønsker alle ei fortsatt fin påske! 
*******





søndag, februar 28, 2010

UTE AV TIDEN......................


Svigermor gjekk ut av tiden,
ho sovna stille inn 9. feb. 88 år.


Etter mange år på institusjon 
fekk ho sleppe,
  forvirringa 
og 
alt som 
sjukdommen
Alzheimer forandrar
ved 
eit menneske.

På under seks veker 
har vi mista dei to eldste
i familien vår.

  Utgang på forrige år,
og starten på dette
blei ei trist tid 
for oss
alle.

*******

tirsdag, januar 26, 2010

VESKEKURS


På tide med oppdatering på
veskekurset med 
Andre Wallenborg.

Vi hadde med oss ytterstoffet
og resten av det
nødvendig utstyr og stoff 
hadde han med seg.




Det var lommer med spiler, strikk,
titte-kantar og glidelås. 

Hemmeleg lomme 
og ei lomme med lomme inni
fekk vi og lære oss å sy.


  
Skikkeleg hankar 
og ein solid og stødig botn
fekk vi lære av han også.

Så det var ei helg med mange nye ting,
men han var utruleg flink 
å lære ting frå seg.

Det var ein mann med
mange små finessar som
han delte med oss.

Så eg håpar eg kan få
vere med på fleire kurs med han.


 ***********

tirsdag, januar 12, 2010

EI BESTILLIG....


Fekk ei bestilling på to små dukar på (30x30)cm

 

Som nokre ser er dei sydd
etter inspirasjon etter 
dukar eg har laga før.


Dei vart pakka og sendt til 
Sandnessjøen der ei svigerinne
skulle ha det til julegåve.

Har meldt meg på ein del kurs på nyåret,
så denne veka er det kurs på tysdag,
vikar på biblioteket på torsdag.


Frå fredag til søndag skal
eg på kurs med Andre Wallenborg, 
noko som eg ser fram til med spenning.

Grur-gleder meg fordi eg ikkje
kjenner nokon på kurset,
brukar å få totalt inspirasjons-sperre på kurs
og er ikkje den raskaste å sy når eg er på slike kurs.
Dette er ikkje det første kurset eg går 
der eg ikkje kjenner nokon,
så eg veit det går bra.


25. januar skal eg på eit 
kveldskurs
for å lære å overføre bilete til stoff.


Første veka i Mars og fram til påske
skal eg og ho som lærte meg lappeteknikk 
og inspirerer meg ha utstilling 
på Biblioteket.
Vi har hatt ei utstilling saman før
på hovudbiblioteket i kommunen,
så vi må grave fram gamle og nye "synder".


******

mandag, januar 04, 2010

DET VART STILLE...........





Min pappa sovna inn 22.des. 88 år,
den siste månaden han levde
vart han sjukare
og smertene sterkare enn før. 

Kreften hadde fått overtaket, 
demensen gjorde saken ikkje betre.

Det var godt han fekk sleppe meir
smerte og forvirring.

Jula vart litt annleis hos oss i år.