tirsdag, januar 26, 2010

VESKEKURS


På tide med oppdatering på
veskekurset med 
Andre Wallenborg.

Vi hadde med oss ytterstoffet
og resten av det
nødvendig utstyr og stoff 
hadde han med seg.




Det var lommer med spiler, strikk,
titte-kantar og glidelås. 

Hemmeleg lomme 
og ei lomme med lomme inni
fekk vi og lære oss å sy.


  
Skikkeleg hankar 
og ein solid og stødig botn
fekk vi lære av han også.

Så det var ei helg med mange nye ting,
men han var utruleg flink 
å lære ting frå seg.

Det var ein mann med
mange små finessar som
han delte med oss.

Så eg håpar eg kan få
vere med på fleire kurs med han.


 ***********

tirsdag, januar 12, 2010

EI BESTILLIG....


Fekk ei bestilling på to små dukar på (30x30)cm

 

Som nokre ser er dei sydd
etter inspirasjon etter 
dukar eg har laga før.


Dei vart pakka og sendt til 
Sandnessjøen der ei svigerinne
skulle ha det til julegåve.

Har meldt meg på ein del kurs på nyåret,
så denne veka er det kurs på tysdag,
vikar på biblioteket på torsdag.


Frå fredag til søndag skal
eg på kurs med Andre Wallenborg, 
noko som eg ser fram til med spenning.

Grur-gleder meg fordi eg ikkje
kjenner nokon på kurset,
brukar å få totalt inspirasjons-sperre på kurs
og er ikkje den raskaste å sy når eg er på slike kurs.
Dette er ikkje det første kurset eg går 
der eg ikkje kjenner nokon,
så eg veit det går bra.


25. januar skal eg på eit 
kveldskurs
for å lære å overføre bilete til stoff.


Første veka i Mars og fram til påske
skal eg og ho som lærte meg lappeteknikk 
og inspirerer meg ha utstilling 
på Biblioteket.
Vi har hatt ei utstilling saman før
på hovudbiblioteket i kommunen,
så vi må grave fram gamle og nye "synder".


******

mandag, januar 04, 2010

DET VART STILLE...........





Min pappa sovna inn 22.des. 88 år,
den siste månaden han levde
vart han sjukare
og smertene sterkare enn før. 

Kreften hadde fått overtaket, 
demensen gjorde saken ikkje betre.

Det var godt han fekk sleppe meir
smerte og forvirring.

Jula vart litt annleis hos oss i år.