mandag, august 15, 2011

ORGANISERING


Fant
framgangsmåten
hos 
Quilt and Pieces


på denne 
kjekke saken
som
skal passe på tinga eg
bruker på 
skjærebordet
eller
i strikkekorga.


Greide som 
vanlig ikkje å lese
frangangsmåten 
skikkeleg
(den var jo på "ytenlandsk").


Her har eg studert mønstra godt
og det vart bra til slutt.


Dei henger over ei fotoramme
som gjer at den bli enkel 
bruke.
Det går fint an å bruke IKEA sin
"Fantastisk serviettholder"
til støtte den opp, 
denne
seviettholderen
er også fin til å sette
frå seg linjalane i.
Så løp og kjøp;-)



Her er dei eg har laga til no,
det blir sikkert fleire
slike resteprosjekt.


torsdag, juli 21, 2011

SKILT AV FILT



     Har lenge jakta på
eit skilt med
"er i hagen",
dei eg har sett
har stått på "utenlandsk".
Men ville aller helst ha eit på norsk.

Vil gjerne ha
inngangsdøra låst,
når eg er i dei
delane av hagen der
eg ikkje ser
inngangspartiet: 

Det er høgsesong for "tegnere",
bokselgere,
ukjente som tilbyr meg sin
arbeidskraft 
og dei som vil frelse meg.


Har brukt filtemaskina,
frihåndsquilta litt 
og brodert fritt
etter innfallsmetoden.

Har ikkje fått bruke denne
så mykje ennå,
men seinsommeren 
og hausten kan 
bli fin.

Har laga fleire,
med dei har flytta frå meg
før dei som framom
kameraet.

***

lørdag, juli 16, 2011

GJENBRUK AV KJOLER

 Har "arva" kjoler til gjenbruk
frå min datter.


 Litt pongponger på den eine halsen,


denne fekk vare som den var.

Godt med noko som ikkje klør rundt nakken.

*****

fredag, juni 10, 2011

GULFLANKEDELFIN PÅ ATLANTERHAVSVEIEN


Bor ei lita mil frå Atlanterhavsveien,
der det har vorre to
Gulflankedelfin (Delphinus delphis)
som vart oppdaga 5.Mai.


I dag først tok
eg fram
fotoapparatet
og stoppa for å sjå om eg
kunne sjå dei, 
sjølv om 
eg har 
bila mange turar forbi
den siste tida.


Dei var der ennå,
og litt spas og tull måtte til, 
for alle som 
håpa på eit glimt av dei
i dag.


 Hopp og sprett,
pusting og slag med halen.


Artig å sjå dei gjere så mykje rart.


Ein runde på ryggen.


 Hadde berre
17 bilder
igjen på minnekortet,



så eg har tenkt meg
ein tur til 
med tomme
minnekort og god tid.

Kanskje du har lyst til å oppleve delfinane i pinsa?
God tur!

*******

torsdag, juni 02, 2011

MOTIVSTOFF



Kom over ein heil 
del med motivstoff som eg
heilt hadde gløymt
at eg hadde.


Laga ei
toalettmappe, 
den vart
ikkje akkurat lita...

Dens vidare skjebne
kan ikkje
avklares på det noverande
tidspunkt her,
sidan den som skal få den
kanskje, kanskje 
kan finne på å kike innom bloggen min.

 Gaven vart overlevert
og
godt modtatt. 
Det var Hilde som
hadde ordna med ein super
tur til Ona, 
som fortjente denne. 
Ona er kjent for sitt fyrtårn, 
så valget av stoff 
var enkelt.



tirsdag, mai 31, 2011

GAUKEN OG EG


Før i tida satt
gauken i
trea og gol,
greide ein å koma
seg under treet
der han satt 
var vist 
lykkja gjort.
 (Biletet er lånt frå Internett)

Har både sett og 
haurt gauken
i mange dagar no,
 på dagens tur
gjekk eg under strengen
mens den satt og
""ko-koa"
til stor frustrasjon for
småfuglane 
som prøvde å jage den vekk.

Var litt spendt på
om strengen hadde samme
virkning som trea
hadde før.

***
 
Vart fornøyd med det
postmannen
(joda, det var ein mann, eg såg han)
hadde lagt i 
postkassa mi i dag, 
både
katalogar, blad, reklame, 
og det beste ein heilt rekningsfri dag;-) 
**********