tirsdag, juli 17, 2012

UT PÅ TUR


Då er det berre
 å pakke, 
og gjere seg
 klar til 
ferien.
*************************************
*************************************
Mr. Fargerike har
 vore fire dagar i heimen
 sia midten av Mai.
Mykje arbeid
 for tida,
 så på torsdag
 får vi vete 
om han må ein 
tur ut
 igjen eller det blir
 ferie. 
********************************

mandag, juli 16, 2012

CAMPINGVOGN VESKE


Sommar er ferie
og camping.




Tenkte det kunne 
vare artig
 å prøve å lage
 min eigen design.
 Lagar ei 
sommarveske,
ei campingvognveske.

***** 



lørdag, mai 26, 2012

SOLOPPGANG


Litt før klokka viste
 02.00
 i natt,
 var sola 
på vei opp igjen.
På dagen 
låg skodda tett.

 

Lista meg ut på
 sokkelesten
og fekk med meg dei
 fine fargane,
men det var kaldt.

Øverst på bildet kjem
 nordavindsskodda
 sigande igjen.

-###-
 -------------------------------------------------------------------

fredag, april 27, 2012

TÅ-OPP LABBER


Mine første tå-opp labber.


Syntes dei var artige å laga,
og dei var
 enkel og tilpasse 
foten til den som
 skulle bruke dei.

Har fleire på pinnane så
 det blr vel kanskje fleire 
bilder seinare
av tå-opp labber.

Håper våren kjem med 
godt ver for gikta,
 det hadde vore 
greier for kroppen
det.

*****



tirsdag, mars 06, 2012

MITT FØRSTE PAR MED


SELBUVOTTER 

Tenkte eg skulle
 prøve  meg
 på selbuvotter som så
 mange andre.
Det vart nok
 litt av
 den kjente sporten 
"opprekking" 
blandt strikkefolket.

Dattra som skulle
 ha dei
 godkjente førsteutgaven,
sjølv om dei 
ikkje vart heilt slik 
som dei skulle. 

 

€€€€€

fredag, februar 17, 2012

"JULEBUTIKK"




Dårlig med blogging i det siste,
 men sjukdom, 
"oppussing med 
kjempe 
god tid",
 ustabilt internett
 ( nettet nede 133 ganger på ein mnd)
og besøk av 
diverse damer 
med uvær oppi ermet
får eg satse på
 fleire blogginnlegg framover :-).

 


Desse to pungane hamna
 inni Norddalen 
til ei jente,
 tante Pia fylte den med 
"arvesmykker".
Kjekt å ha til utkledning.


  Før jul blei
eg med på
 "julebutikken"
 som to driftige
 damer 

 sto bak.


Handarbeid av ulike
slag fekk
 prislapp
 og lagt ut for salg.

 

Her er litt av det
 eg hadde med ,



kjempe spanande
sida eg aldri har
gjort noko slikt.


 

Var "butikkdame" 
nokre dagar,
og salget gjekk over
 all forventning.


Vi fekk låne eit


 ledig 
butikklokale
midt i 
Eide sentrum.


Innredninga hadde
 dei driftige damene
frå før.


Butikken var kjempefin
 og dei bytta på 
utstillinga 
heile tida.
Får håpe at det 
blir til jul igjen. 
 
*******