mandag, desember 31, 2007

Ein blomster til alle på årets siste dag.


Vil gje dei som tittar innom ein blomst..

Likar du rød........



Vil du ha ein kvit...

Med støvberarar som gjev bud om nytt liv..



Eller er du litt rosa............

Min aller første julepynt.
Det var ikkje så mykje julepynt å få kjøpt på 60-talet.
Kanskje ikkje den finaste julepynte,
men fram skal den kvart år.

Årets siste stråler,
om 28 dagar går sola over alle fjelltoppane hos meg.
Det gler eg meg til.... jippi.... ikkje så lenge igjen....


Vil takke for mange og fine kommentarar
på min første blogg tradsnella inne på sprayblogg
og denne som eg dro i gang i haust.

Takke til alle som legg igjen spor
og dei som berre er innom og ser.

Håpar dykk vil ta ein tur innom neste år og.

Nytt års ynskjer:
  1. At eg kan greie å gå meg ein tur kvar dag.
  2. At eg må forsone meg at i nynorsk skal det skrives dotter og ikkje datter, og bilete i staden for bilde.
  3. Ein fin sommar
  4. Få tre fine ting kvar dag, det kan vere ei fin sky sol- opp/nedgang, eit fint bilete eller eit smil.

Vil ynskje alle mine besøkande
eit fint, roleg og eit framgangsrikt
2008

************************************************************************************************************************************************************************'

Julegåver i år

Etter at eg fekk ein gris til fødselsdagspresang i vår,
ville eg ha fleire i "fjøset" så julegåve ønsket i år var eit nytt dyr.

Venta spent på julekvelden då gåvene skulle opnast.
Ei tynn pakke med mystiske former skulle pakkast ut.

Det var denne søte skapningen kom ut av papiret,
ungane hadde tegna den til meg.

Har gitt den namn og som den romsdalingen
eg er så måtte det bli noko med Kjell.
(Kjell Magne Bondevik, Kjell Inge Røkke osv.)
Etter litt tenking kom eg fram til Kjellgeit,
Har vert ute og lufta den og gjett den fersk mat kvar dag.
Heldigvis held nokon av sommar blomstrane stand endå,
skulle det knipe har eg høy på løa.

På baksida av geita var det festa ein pose
som inneholdt beviset på at geita er kjøpt og betalt.

Har klaga min nød i fleire kommentarar rundt om på bloggar,
at det er så trist å ikkje å få "heimlaga" ting lenger.

Men vi fekk det lell.
Her er det akvarellar fra poden,
som han har laga på skulen der dei har akvarell i valgfag.

Ein til meg


og ein til far.


Her er dagens produksjon frå poden,
Han har vert oppteken av hus, hage og fine ting
heilt sidan han var liten.
Plana hans no så langt er å bli arkitekt.


Vår dotter hadde dekorert julekuler til oss,
her er eit lettare utval av kuler.
Kjærasten hadde og laga nokre.


Kule 1


Kule 2.


Kule 3.


Kule 4.




fredag, desember 28, 2007

På tur .......

Fleire bilete frå strandturen.

På turane våre på stranda bruker vi å kåre dagens "funn".
Det kan vere alt frå "fine skattar" til søppel.
Dette kjem vel under det siste.

Dette er vel og søppel,
men det var det mest fargerike tinga på stranda den dagen.

Dette er/var deler av eit bølgjekraftverk som vart
installert men sleit seg når det første uveret kom.

Når vi kom på stranda var det endå tre timar til full flo.


Her er sjøen kome opp på land.


Vi var heldige som kom oss heim før sjøen gjekk over vegen,
men måtte berre ned ein tur når floa var på sitt høgaste.
Bilen måtte vi sette frå oss langt oppe i vegen.

Eit uklart bilete men sjøen er langt oppe på land.

Her har sjøen kome seg heilt opp mot graskanten.


Familiens håpefulle sykla seg ein tur
på stranda på føremiddag på julaftan.
Då han kom heim kunne han fortelje at sjøen
var mykje mykje lengre oppe enn i dag,
men så var det jo fullmåne i tillegg.

torsdag, desember 27, 2007

På tur- kvitte oss med..


Måtte berre ta oss ein tur ut
og lufte av oss litt julelukt.

Været var og på vår side og ei stund.



Vi kom på stranda da det var "halvflødd"
(eller kva det heiter andre plassar i landet),
så med stormflo med 50-70 cm over normalt,
vart det meir og meir sjø.


Fekk med meg nokre av bøljgane,
Men dei finaste blei sjølvsagt ikkje fotografert
da fotografen såg ein annan veg.
Fekk 5 min. med solgløtt så det var berre å knipse i veg.


Stormfloa har gått opp på marka og
enda er det ein og ein halv time til det var full flo.


Måtte berre pakke ned kameraet og komme oss heim,
da det kom noko vått ned frå himmelen.

BESØK?

Ser Jorunn nokon vi ikkje
fekk besøk av på julaftan?



søndag, desember 23, 2007

GOD JUL..............

JULA HAR ENDELEG STARTA

*******************************************************************************************************************************************************************
Nissane har kosa seg i gyngestolen i fleire veker,
har ein nisse til som sitt og høyrer på radio.
Han ville ikkje bli med på bilete for det
var noko som han berre måtte høyre på radioen.

Nissana sydde eg etter oppskrifta frå eit kurs
eg var på med Lise Bergene der vi laga engel med bastvingar.



Solas siste stråler på årets lengste og mørkaste dag.
No går det mot lysare tider og godt er det.

Julgavane er levert.
Treet er pynta.
Spekematen er eten.
Grevinna og hovmesteren er ferdig.

*******************************************************************************************************************************************************************************************************
Vil ønske alle som er innom på besøk her i Mitt Fargerike
ei riktig fin og god jul.

*************************************************************************************************************************************************************************

torsdag, desember 20, 2007

JULEFROKOST FOR FOR 257 STK.


I dag har bondekvinnelaga her og i nabobygda
laga julefrukost for elevar lærarar og dei tilsette på skulen.
Det er elevar fra 1-10 klasse.
Til saman dekte vi på til 257 stk. i bygda sin eigen drettshall.

Vi ordna borda og dekte på kvelden før,
Dette brukte vi 1 time på,
så her var det team arbeid.

Elever fra 9. klasse hjelpte til
å sette opp bord og å ta dei ned igjen i dag.

Så det var berre for oss å leggje på dukar og sette fram koppar og kar.

I dag møtte vi opp kl.07.00 og starta med å smørje
ca. 500 rundstykkjer og å koke kakao.


Her er bordet heilt ferdig og vi ventar på gjestane.
Dette har vi gjordt i 15 år.

Her er alle gjestene samla,
dei hadde vert innom kyrkja først.

Dei samla seg først på på tribuna klassevis
og tok av seg ytterklea og finstasen kom fram.

Avgangs-klassen hadde pynta seg med bunad og dress.
Dei leide dei frå første klasse ned frå tribuna
og fram til plassane deira.

Mellom trinnet hadde laga underhaldning og det var dans og song.

Det er stil over julefrukosten vår,
elevane er så flinke
dei held seg i ro
og ikkje rotar dei heller.

Elevane takkar fint for maten og klappar for oss,
avgangs klassen kjem og takkar oss i handa.

Elevane gler seg slik til julefrukosten,
så dei som har kjenningar i bygdekvinnelaga
blir spurt tidleg om det blir i år og.

Så eg vil ønske alle som hjelpte til
god jul og godt nytt år
og vi treffest til neste jul om ikkje før.

tirsdag, desember 18, 2007

Isfjell på rømmen?


Månen var oppe.


Sola var på veg ned.

Skodda kom sigande tidlegare på dagen.

Då var det eg kom på at skoddebanken som låg ute i havet,
likna ei kjempe isbre som måtte vere på rømmen.


Det var eit flott syn.
Det såg ut som nokon hadde
skore i skodda i øvste kanten med kniv.


Skoddeveggen blei berre større og større
jo lengre nord eg tok bilde.

Det er ikkje ofte det er så vindstille
her at skodda ser ut som marengs.

mandag, desember 17, 2007

Pepperkakehus boks

Hadde sett på denne kakeboksen hos
-Nille både her i kommunen og på Molde.

Likte den godt
men det var ikkje før vi var
i Trondheim eg tenkte "skitt au" ,
då slo eg til og kjøpte meg den.

No treng eg ikkje å lage pepparkakehus lenger,
-ikkje får eg det til
-ikkje likar eg å lage det heller.
Syns ikkje blemmer på fingrane fremmar mine beste trekk.

****************************************************************************************************************************************************************************************************************************'

søndag, desember 16, 2007

Meir julepynt


Denne broderte eg mens eg såg på OL på Lillehammer.

Har brodert ein del bilete,
mest jule bilete
men greier ikkje å halde nåla skikkeleg lenger
så det har blitt lite brodering dei siste åra.
Men sidan eg greier å strikke og hekle i små dosar,
så kan det jo hende eg kan bruke nåla igjen.


Dette sydde eg på eit kurs med Lise Bergene,
pluss ein engel med bastvinger.


Dette var ei teppegåte


I morgon startar jula her i heimen,
då kjem jenta vår og sambuaren heim.

Mannen kjem heim frå båten
enten i morgon natt eller på tysdag.

Derfor hadde eg lyst til å gjere mest mogleg ferdig.

Hadde store planar om å bake all gjærbaksten i dag,
måtte ty til naboen for å få nok mjølk
for det hadde eg sjølvsagt gløymt å kjøpe.

Laga to "dengjer" med anis kringler og to med bollar.
Julebrød får vi ta å lage når butikken opnar igjen
så eg får kjøpe meg meir mjølk.

lørdag, desember 15, 2007

ADVENT

Ein advent duk som eg laga for nokre år sida.

Advent staken kjøpte vi første året vi budde i lag,
då vi gjekk på den Maritime høgskulen i Ålesund.

Det var til advent i 1983,
syns den var så fin
at eg berre måtte ha den.
Den kosta nærmare hundre kroner,
det var mykje pengar den gongen.

Har pfiffet den opp litt med pynt og sett den på ein spegel,
Då slepp eg at stearinen kjem på duken.


fredag, desember 14, 2007

Resultatet vart...........

I Trondheim hadde eg kjøpt meg garn.


Hadde vore innom nokre quilte butikker,
kjøpte med advent farger,
julestoff og halloween stoff samt
nokre som ikkje var så sesong prega.

Trudde eg skulle ha litt lilla stoff,
men fann det ikkje på sy rommet.
Ikkje så rart når det låg i lag med julegåvene,
er vel litt seint å lage ein advent duk for i år.

Kjøpte også utstansa filt figurer,
og litt filt blei det på meg da eg var i Molde denne veka.

Så pengane har ikkje fått ligge sår hos meg i det siste.

Då er eg glad eg fekk etterbetalt lønn
for data opplæringa på biblioteket.

Penger og godt mot har reddet mang ein kar,
men no vart eg litt usikker.