fredag, februar 27, 2009

EIN UFO TIL SOM ER "FERDIG"

Har gjort "ferdig" eit bilete
frå kurset som
Susann Dahlberg
hadde på Molde for ei
"evigheit" sidan.
Ramma kjem vel på etter kvart
når eg har "følt" litt på det.

Liker godt å lage slike ting,
har fleire materialpakker
frå kurset som ligg og
blinker og gjer seg
fin for meg.

Er mest inne for tida
då eg og kneet mitt vart
uenige om retnina for 2 veker sidan.
Eg ville ein vei
og kneet ville det andre.
Heldigvis gjekk det ikkje ut av ledd,
men det gjer sabla ilt for det.
Så då er det berre å vente
på at eg kan kaste krykkjene,
og at snøen som kom i dag forsvinn
så eg kan ta meg ein tur ut.

***********

torsdag, februar 26, 2009

DUK OG BOKMERKA

Har fått sydd ned kanten og
duken er kommet fram til Trondheim.

Laga eit hus til bokmerke
og då vart det i filt og
filtemaskina gjorde jobben.

Fekk sendt bileta frå
Trondheim då eg gløymte
å ta nokre før vi for oppover.
************

onsdag, februar 25, 2009

FILTEMASKINA OG EG

Har hatt eit lite samvær med
filte-maskina i dag.
Har ikkje vert så flink til
å bruke den
men i det siste har eg prøvd
meg litt.

Sidan eg ikkje har prøvd meg
på Stitchery, men kjøpte meg
AnnaKa sitt mønster "spåblomst",
prøvde eg meg like godt filte-maskina
og filta blomen med garn.

Sidan stoffet blir dratt litt saman,
tok eg å filta heile bakgrunnsstoffet.
Syntes det vart ein fin
"skvett-murpuss"
effekt som resultat.

********

onsdag, februar 18, 2009

HEKLING


Har heklet eit bokmerke etter innfallsmetoden.


Botnen av ei hekla korg.

Hadde trengt ei korg til brød og knekkebrød på frokostbordet.

Men ei som var hekla?
Nei takk:-))

********************

RESTEN FRÅ RESTEKASSA

Resten av bileta frå oppryddinga
i restekassa.

Ikkje alle fargane det var like mykje av.

Det er ei stund sida "alt" skulle vere plomme farga.

Ein ting er sikkert
remsene vekker minner
om "gamle synder".
Ting som ein har sjølv
eller endt som gaver hos andre.

Prøver meg på Mr. Fargerike
sin "handveske data".
Den var liten og uvant
og tre ganger mindre enn min.
Men utruleg lett å ha på fanget da.
Får kose meg på ein par runder
med ordspill sidan eg har maskina på fanget.

************

tirsdag, februar 17, 2009

KOMMENTARER..........


Har ikkje greidd å leggje igjen
kommentarar på dei bloggane som har
ei bokstavkode som skal skrivast inn.

Greier ikkje å lage innlegg med bilde og
fargar når eg brukar firefox som søkemotor.
Desse problemet problemet oppsto i januar i fjor.
Er det nokre andre som har det?
Linje avstanden lever sitt eige liv,
fargevalet kjem og går.
Alt ser bra ut og då eg skal publisere mine "briljante"
innlegg skjer det seg ofte.

Må inn både to og tre gonger for å rette på skrift og bilete.
Er eg åleine om dette?
Er det min "fantastiske" PC som sjekkar at mine datakunnskap
er på eit akseptabelt nivå.

Må eg berre leggje meg flat og bytte blogg igjen?
Er det nokon som kan anbefale nokon?

På Explorer kan eg lage innlegg og lese bokstavkodene,
men då kjem ikkje blogg navnet mitt fram.
Frustrasjonen har eit godt grep på meg for tida.
Litt tungvint å bruke både to og tre maskiner for eit enkelt innlegg.

Får prøve meg her ei stund til sjå får vi sjå kva eg finn på.

God natt til som er innom, alle dei som har fått kommentarar og dei som har fått ein utan at eg har fått lagra dei.

fredag, februar 13, 2009

KALENDER LÅVE

Vart litt sjokkert då vi såg gjennom
kalendaren som lokalbanken hadde laga.
og såg delar av den gamle knallgule løa vår der.
her er linken til bildet.

"Bra vi hadde mala kårhusa"
var kommentaren til junior.
Rart kor andre ser på dine ting,
eg ser ei gamal gul løe som skal
få ei ansikts løfting i år.
Og andre sender inn bildet av
ein snev av løa vår gjennom skodda
saman med nabohusa og biletet
er jo riktig fint.
Huset som vi bor i her blitt borte i tåkehavet
saman med gamlehuset.

tirsdag, februar 10, 2009

MEIR AV RESTE DUKEN

Har sydd på dekor

spørs om

mottakaren vil

ha snorer av garn på

eller om den skal vere slik den er no?
Har hatt kulde i mange veker
og no snøer det jamt og trutt.
Då greier ikkje ledda så mykje
så vi får ta det litt med ro
ei stund framover.
Handsaumen får vente litt no.
*******************************

lørdag, februar 07, 2009

ASKVÅGEN


Etter treninga på torsdag
tok eg meg ein liten tur uti
Askvågen på jakt etter vinter bilde.


Mens eg prøvde meg som

fotograf såg eg ein

storspove.

Litt tidleg og kaldt til den vel,
no med snø og kuldegrader
...stakkars liten.


Svaner ved gravrøysane på Male.


I dag skal eg på Aleksandra hotel i Molde
på inspirasjons kurs gjennom
Bygdekvinnelaget.

Gleder meg både til kurset og maten,
kjekt å gjere noko nytt.

*******

fredag, februar 06, 2009

NAKKEVARMER


Har sydd meg ein nakkevarmar,
av bomull med ris inni.

I mikro ovnen min på 1 minutt,
så var det å leggje den på ønsket plass.


Brukte katte stoffet junior
kjøpte til meg for nokre år sidan.
Mr. Fargerike kunne tenkt
seg ein som var lengre.

Den varma godt og
risen held lenge på varmen,
kjenner meg lettare rundt nakken allereie.


XXXXXX

ARTIG...

Som tidligare nemnt har eg ordna meg
ein "reader" funksjon,
som gjer at eg kan abonnere på blogger
og få automatiske oppdateringar.
På min vei gjennom quilteblogger på nettet
er jo ikkje alle bloggane på norsk sjølv om dei
er frå same land som eg.


Derfor vart eg så glad då eg fann ein knapp
i min "reader-dings" som automatisk
oversetter andre språk til norsk.
Det var artig å lese dei "skikkeleg",
føler det er lettere å lese dei på norsk enn engelsk.
Sjølv butikkane som det var linka til i ein blogg vart på norsk.
Da skal eg kose meg og lese litt i bloggane som
eg tidligare berre har kika på.

Ønsker alle ei fin helg!
<<<<<<<<<->>>>>>>>>

tirsdag, februar 03, 2009

RESTE LØPER

Laga ein duk av dei svarte
restane eg hadde sydd i hop.
Så da spørs det om dei
i Trondheim liker det dei ser
og om dei vil ha noko
i midten på duken.
Det er halve duken som
ein ser her.
'''''''''''''''''''''''''''''''''

søndag, februar 01, 2009

OPPRYDDINGA FÅR UANTE FØLGJER

Sidan eg har fått nytt sybord
har eg rydda og flytta om
på sy rommet mitt.
I restkassa var det mange lange
stoff remsar.
Har på mine bloggrunder
sett dei syr kalenderar rundt om kring.

Der syr dei på ei stripe for kvar dag.

Det går litt for tregt for meg
så eg sydde alle med ein gong.


Har gul/oransje- og raude/plommefarga
remser ferdig sortert og strøkne
som ventar på tur med symaskina.
Det store spørsmålet er da.
Kva skal eg bruke dei til?
Har nokre tankar men det hadde vore
kjekt med litt hjelp
Nokon som har gode forslag?
<<<<<->>>>>

MOBILVESKER

Rester av toalettveska
måtte under kniven
då eg skulle prøve
meg på mobilveske.

Då mobilen og
I-poden har
same fasong og farge
er det greit med to ulike fargar.
Det er meir enn ein gong eg tar
I-poden og leitar etter peike
reiskapen til mobilen
eller når det ringer
hiver den på øret.
Litt vanskelig å få tak i meg når
mobilen ligg igjen heime og
berre musikken er med på tur.
Kanskje den øverste blir med
toalettveska til Trondheim
om ho vil ha ho.
-----