fredag, januar 30, 2009

KYSTSTIEN FRÅ JULSHAVNA


Fekk med meg mann
og junior på tur.
Vi gjekk Kyststien
og starta i Julshavna.

Stien svinger seg rundt og
opp bergknauser.

Restane av ei sprengt mine frå 2. verdenskrig
som ligg tett ved vegen.

Er utrent etter vinterens "sjuker",

så det er kjekt å ha med seg selskap

for å teste formen og mine kne.

Vi snudde ved lykta
og fekk sjå kor fint
sola skein i isen.
Sola var på vei ned

Disen legg seg rundt Teistklubben
der filmane om selen Selik blei filma.
Fjella på Tustna vises bakom.

Hadde eg snudd og teke bilde
den andre vegen ute
på lykta hadde eg fått med
meg fjell på Sunnmøre.
Her ute ser ein riktig langt.
................

torsdag, januar 29, 2009

PÅ VENT.........

Vente......
vente......
Ser ugraset i hagen
er på vei opp.

Ventar på
trekkfuglane,
varmen,
lyset,
fargane
og
sommaren.

Tilstår at eg ventar.

#####

tirsdag, januar 27, 2009

LABBER PÅ LANGS

Endeleg fekk eg kjøpt
meg Fabel garn
og starta å stikke
labba på langs.
No ville eg ha rette garnet til
mønstret og strikka i vei.
Då eg var ferdig og hadde sydd saumen
var det berre å prøve dei.

Minst 5 cm for lang sjølv
for meg som brukar 42 i sko.
Etter litt undersøkelser
var det strikkepinnane som
var eit nr. for tjukk.
Dei ligg litt i bero
før eg bestemmer meg om eg skal
prøve ein gong til
eller strikke vanlige labbar.

søndag, januar 25, 2009

VÅRFØLELSEN ER GOD

Laurdag prøvde eg meg på
trening studioet igjen.
Det gjekk greit og reknar meg som
frisk, utruleg kor lenge denne influensa
med ei vanvittig hoste held stand.
I dag var det vår stemning
då vi gjekk årets første skikkelege tur.
Kjente sola varma ørlite på kinna.

Blåe svanar.

Greier ikkje å gå forbi "hundeslengjå"
uten å ta bilde.

Morgonstemning frå ferge turen
frå Molde til Vestnes,
ein laurdag før jul.

-------------------

fredag, januar 23, 2009

INSPIRERT TIL Å LAGE.......


Har besøkt danske Inge

på hennes blogg over lengre tid
og fekk slik lyst til
prøve å "lage stoff" som ho kalla det.

I desse nedgangstider er det greit å

brukt opp restane frå

i fjor og alle åra før.

Fekk også øve meg på frihandsquilting.

Har du lyst til å sjå meir av denne
tekstilkunstneren klikk inn på
og nyt det ho har laga.

Ønsker alle ein fin fredag!

No skal eg på syrommet og lage ...........

*****************


torsdag, januar 22, 2009

TOALETT VESKE

Har brukt ein del tid på
sy rommet dei siste dagane.
I helga kjem det eit nytt bord
som skal dit inn
og det gav eit ekstra puff
så ryddinga har gått sin gang.
Har også sydd litt
og då får tankane dra fritt ut.
Kom da på ei veske som eg hadde starta på i haust,
har no leita huset rundt etter bladet der
oppskrifta står, til og men mannen engasjerte seg i leitinga.
Men har da fått rydda i alle bladbunkane rundt
om i huset, noko er kasta, noko er sortert
og noko skal sjekkast før dei skal kaste.
Rydda i quilteblada på sy rommet
der var det ikkje.
Men i dag over ei veke inn i leitinga
kom både bladet og resten av veska fram.
Berre to armlengder frå maskina
under ein juleufo låg den og lurte,
den er no under behandling av symaskina.

Det som er ferdig sydd er denne toalettmappa,
har ei Tilda pakke som eg har brukt mønstra i.
Om det rosa stoffet blir brukt,
så blir det nok ei gave.
Når mor eller dotter ikkje "heler"
rosa må det gå slik.


Den skal til Trondheim og passe på
sminke pungen i same stil.


****************************

onsdag, januar 21, 2009

HEIMELAGA KONFEKT......... E GODT ALTSÅ

Jula 2007 fekk vi smake på
konfekten som Nina i Norddalen hadde laga.


Den var så god på smak
at vi like godt ønska
oss konfekt til jul.
Det fekk vi til gangs, tre store posar!
Det var tre ulike variantar vi fekk
og alle like gode.

Den kvite er med cointreau.
Lysebrune har kakao utenpå og baileys inni.
Den mørkebrune med krymmel
uten på hadde karamell inni.

Dette var ei av julegavene som smakte godt.

Fekk også denne jula ei "annarleis"

julegåve, det var kyllingar frå

ungdommane i Trondheim.

Då har eg eit ganske godt utvalg av dyr,

Grisen Mette, gjeita Kjellgjeit og no kyllingar.

Det er lettstelte dyr og enkle i kosten

og nokon andre har gleda av dei saman med meg.

MMMMGODTMMMM

POSE TIL PEPPERKAKEFORMANE

Som tidlegare nemnt
at eg har fått ordna meg ein
slik reader funksjon,
og har pr i dag 382 blogger
som eg får følgjer, og eg legg til nye kvar dag.
Det kjem opp ei liste over dei som
lagar nye innlegg.
Kjempe enkelt og greit,
artig å sjå kva som rører seg i bloggverden
både av fine og triste historier.
Så på ein blogg såg eg ei som hadde laga
seg ein pose til peparkakeformane sine.
Den var det lagt ned mykje arbeid
med fint stoff og applikasjonar.
Ungane her i huset er blitt så stor
a dei vil ikkje ha mat som var tillaga
med hjelp av peparkake-
formar til jul i år,
så då vart det ein rest som måtte
under symaskina.
Den er no lagra saman med julepynten,
får håpe eg huskar det om
den trengs før jul i år.
Da har eg fått pakka vekk all julepynten
..............trur eg.
xxxxxxx

søndag, januar 18, 2009

Himmelsk blanding

Himmelen var kjempe fin i dag,



sola laga fine skyer.


Der solstrålane ikkje nådde så tidleg
var det mørkare stemning.

Mens eg var oppteken med å ta bilete

høyrte eg ei velkjent kakling.
Da kom ein liten flokk med svanar frå sjøen
som skulle litt lenger opp mot fjella.
Dei kjem på same tid kvar morgon
og dei brukar å fly rett over husa,
men i dag svinga dei utanom
men eg greidde å få med nokre av dei.

Jorunn er svert fornøgd med at eg har vert sjuk lenge.

Ho har ikkje så store "plesproblem" som James
men eit lite forsett på nyåret hadde ho og.
1. Ho skal ikkje bli så ivrig under klappinga
at ho slepper pelsen i yr glede.

-------------------------

torsdag, januar 15, 2009

NYTT ÅR OG FORSETTER

Har hatt god til til å
kose meg med kattane mens eg er sjuk.
Er aldri så pop som når dyna kjem på stua,
då sprett begge kattane opp og vil ha plass.

Artig for James at matfar hadde teke
seg ein tur innom Ikea
då han kjøyrte studentane til Trondheim.
Kjekt at det vart så mykje
pappkassar
på det som blei kjøpt.

Hadde ein "prat" med James
ang. nyttårsforsetter.
Vi var einige om tre enkle men gode forsett.
1. Halde seg unna langt gras når det regnar.
2. Halde seg inne når det snør
3. Det er ikkje nødvendig å sove under granhekken,
når ein har opp til fleire katte hus
strategisk plassert på eigendomen.
Desse var tenkt for at pelsen skulle halde seg fin og
vi treng ikkje fleire grannåler og grasstrå inne.
JA, det vart ei Liatorp avlastningsbord
på meg frå Ikea.
Har endelig fått "hammondorgelet" ut av huset,
gjett om det var godt.
-----------------------------------------------

onsdag, januar 14, 2009

JULA VARER HEILT TIL..........

Skal prøve å oppdatere bloggen min litt.
Har sett ein del slike rundt om
i bloggverden.

Desse julekorgene

og dette snøkrystallet
er over 30 år sidan eg laga.
så ventar ein lenge nok vart dei
"kule" igjen.
Hadde hekla nokon større kvite
snøkrystallar som eg brukte
å henge i vindauget.
Lurer litt på kor dei har teke vegen.
Hadde tova litt julepynt,
dette var det som kom fram i år.

Får satse på at dei kjem fram
til neste år.
Her er det både litt gamalt
og nytt som blei brukt til pynt
på spisebordet.

Jula vart litt ekstra spennande i år,
Mr. Fargerike søkte og fekk
seg nytt arbeid.
Det skulle visst bli mykje reising,
i forhold til den han hadde
der han var borte i 6-8 veker?
Spennande å sjå kva som skjer framover
sidan det var ei av tre nyoppretta
stillingar han fekk.
Han må reise på kort varsel
og jobben er veravhengig,
så kanskje han er heime
når det er styggevær på oljefelta?
Det er vel litt tidleg ennå
å danne seg eit mønster,
så vi får ta det som det kjem.

ØØØØØØØØØØØØØØØØØØØØØ

mandag, januar 05, 2009

IKKJE NO HELLER


kjem det velformulerte innlegget.....
Det er ikkje meir enn 14 dagar sidan siste runde.
Har nesten 40 i feber
og er litt tufs da og sofaen er heilt grei.
Hostar og nys.
Lurer litt på kvifor
eg berre er sjuk på eine sida.
Det soklar i høgre sida av brystet.....
Auget og nasen renn det av på høgre sida....
Held det med halv dose av medisinar?
eller
skal eg vere glad det ikkje er valg no?

lørdag, januar 03, 2009

DÅ SKULLE DET KOMME EIT VELFORMULERT INNLEGG MEN.......

Valgte i staden å vise
kossen eg har laga
sitte underlaga eg ga vekk til jul.
Strikka utan mønster
og endte opp med eit fyr igjen.



Etter tovinga vart det meir likt
det eg hadde sett for meg.


Ein liten runde med filtenåla,
kom fuglane på og gjerdet rundt toppen.
Kunne jo ikkje risikere arbeidsulykker på tur.
Dørhandtak måtte og på.

Dette blei eigentleg strikka først,
det gjekk så bra at
eg vart meir ivrig strikka meir motiv på
det øverste.
Huska ikkje kor mange maske eg la opp,
og sidan begge hamna i same hus
måtte eg hekle på svarte kantar før eg tova dette.

Fekk inspirasjonen frå eit bilete frå internett,
og sette igang.
Kunne sikkert ha stoppa filtinga litt før,
men smaken er som baken-
den er delt.
Sidan det var den som skulle dit
fekk det berre vare slik det vart.

vvvvvvvvvvvvvvvvvvvvv

fredag, januar 02, 2009

PLANER

KVELDAS PLAN............
Hadde store planer om eit langt og vel formulert innlegg no på nyåret.
Finne fram bilete og bruke dei som illustrasjon.

Tenkte å melde meg på eit bloggtreff med kopp og handarbeid,
surfe rundt på alle dei bloggane eg abonnerar på og få litt inspirasjon.

MEN...
Hadde gløymt både klokka og at mannen i huset,
skal køyre ungdommane til Trondheim i morgon,
saman med junior.

Dei skal innom IKEA og fekk beskjed om å skrive liste over innkjøp ønske,
så da får eg gjere som eg får beskjed.

Da får eg skrive eit innlegg i morgon, når eg har huset og kattane for meg sjølv.