onsdag, september 24, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 112 - 120

Etter 20 år i huset vårt har eg no montert
fleire og nye utelys.
Som nybakt mor og eit nytt hus som skulle byggjast, målast,
tapetsere og alt med innflytting,
var det eg som skulle leggje inn straumen i huset
(jada Fru Fargerike har fagbrev som elektrikar).
Tenkte vi at pytt sann fort gjort å leggje opp fleire utelys,
så no i haust 20 år seinare skjedde det.
Mens vi måla huset og skifta farge for fjerde gong,
skrudde vi ned alle utelysa.
Etter tre veker uten utelys var det
godt å få det ferdig.
Ikkje så mykje lys frå ei lyslykt med eit kubbelyspå trappa,
dei nye lyste godt opp.

Så da har eg kasta

Nr. 112
Kasta alle eska som utelysa var i.

Nr. 113
Tre lampeskjermar

Nr. 114
Ein trenings dress.

Nr. 115
Kasta eit sett med maling klede,
reknar med eg greier meg med eitt i vinter.

Nr. 116
Kasta 6 einslege labba
etter å ha fått tak i ein haug med
einslege labbar frå guterommet til poden.
Endte da opp med 23 labbar som fekk igjen
partneren sin og fekk flytte tilbake til labbe skuffa.

Nr. 117
Kasta ein blå løyper som var falma.

Nr. 118
Det gjekk ei ketchupflaske i plasten

Nr. 119
og ei tom sjampoflaske

Nr. 120
Ei gamal t-skjorte.

**************************************

EIN VÅR UFO

Ein duk designet av meg,
som skulle bli ein vårduk.
Men da tausa mi ville ha den
smelta morshjertet heilt,
det er ikkje så ofte det eg
lagar passsar stilen hennar.
Sidan ho reiste til Trondheim før
vi kom heim frå ferie,
tenkte eg ho kunne få den no
når ho er heime på
lynvisitt i morgon

Gjett om eg gler meg til besøket
ikkje berre til at ho kjem
men også dei andre som skal overnatte.

ULLABBER I RAGGI GARN

Etter å ha strikka eit halvt Karius skjerf
og ikkje vart fornøyd.
Tok eg å strikka ullabba av det,
ikkje så rart kanskje sida det er labbegarn.
Min lokale garn butikk har nettopp fått inn garn frå Jarbo,
mykje fint garn der.

Det er Fargerike sin høgre fot som står modell,
aldri for seint å starte foto karrieren.

mandag, september 22, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 92 - 111

På barnerommet er det ein kleskåp som ein
gong i tida var i bruk som lager for det som
skulle under symaskin foten.

Vi skal huse nokon i arrangement komiteen
til studie retninga der tausa vår går,
sidan dei skal på blå tur i området.
Då må vi legge ned 5 stk og barnerommet/ kontoret må ryddast .....
plutselig hadde garn lageret mitt auka til tre store boksar på to år.
Var innom Gill`s og kjøpte meg garn,
stakk innom europris å kjøpte meg eit fullt nett med garn.
Litt seinare den dagen kom Mr. Fargerike heim med 20 nøste med Mor Åse garn,
så han gledestrålande fortalte han hadde kjøpt på Rema,
og dei hadde fleire fargar så han kunne kjøpe når han for forbi.

Så no har eg da kasta, gjeve vekk følgande:

Nr. 92
17 sengesett.

Nr. 93
17 putevar.

Nr. 97
8 fag med stuegardiner.

Nr. 98
10 kapper til stuegardiner.

Nr. 99
2 skjorter.

Nr. 100.
Ein blå kjole

Nr. 101.
Ein rosa kjole frå femtitalet.

Nr. 102.
4 strikka barnegensrar.

Nr. 103.
Ei gardine

Nr. 104.
6 fag med blondegardiner.

Nr. 105.
Ei ukjent mengde stoffrestar av gardiner.

Nr. 106.
Div. barneklær.

Nr. 107.
Ei pute.

Nr. 108.
Kasta og stoffrestar og div. laken som eg
tenkte eg skulle bruke bak på ting eg syr.

Nr. 109.
Kasta og ein gamal sminke pung med div. saker.

Nr. 110.
Kasta toalettmappe frå Natusan som vi fekk på sjukehuset etter fødselen,
ups...... over 14 år sidan sist vi var der.

Nr. 111.
Kaste ei knall gul jakke med ditto bukse,
skulle vere slik på 80- tallet.

Gangen vart full av ting.......
ennå er det tre skåpar igjen på rommet........
så her er det fleire godsaker å sette tenna i.

Får vel plass til noko av garnet no da.....

No må eg slutte å skrive, det luktar ball,
som vi skal ha til middag og magen skrik etter mat.

----------------------------------------------------------------------------------------------

torsdag, september 18, 2008

JOOOOHOOOO....


Fekk telefon om at dataen min

var ferdig til henting i dag

jippiii..

Da kunne vi bruke den under messa i dag,

vi viste filmen " Slakting i mellomkrigstida".

Det var vi som hadde den mest blodige standen,

det som var artig at vi greide å fange nokre av elevane

si interesse når vi sa vi hadde ein blodig dvd.

Vi fekk mange fine tilbake meldingar om at vi hadde den finaste standen.

Ikkje alltid like lett å konkurere med dei store

bedriftane i kommunen.

Tine Meierier som her i kommunen produserer Jarlsberg ost

og all brunosten i Norge, pluss sikkert enndå meir.

Dei hadde smaksprøver, frukt, kjeks, pennar og linjalar å dele ut,

andre bedrifter hadde hadde sjokolade og diverse anna reklame ting.

.......og vi lokka med blodige sener.

Her var det tydelig store forskjellar på å nærme seg målgruppa.

------ &&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&& ------

onsdag, september 17, 2008

VAKT PÅ MESSE

Ei sliten Jorunn pus kom inn i dag,
tok seg litt mat og utnytta at pusen James Bond
ikkje hadde lagt seg i kattesenga ennå.

Det såg ut som ho berre hadde bikka seg over kanten og sovna.

Får håpe ikkje eg blir så sliten som Jorunn
etter å sitte vakt frå på ei messe i morgon,
det er lokale lag og foreiningar samt
næringslivet i kommunen som skal delta.
Skuleklassa frå heile kommunen kjem,
"så vi blir vel den mest populære standen"
vi som skal representere Bygdekvinnelaga i kommunen.

Den skal vare over tre dagar så Poden skal innover fredag og laurdag
og representere 4H klubben sin.
Så det er berre å ta krykkjene fatt og ta det som det kjem.

KARIUS SKJERF

Har kasta meg over ein farsott så går
og starta å strikke Kariusskjerf,
iver og evne går framom valg av garn.
Strikka først eit halvt skjerf i Regina Aveny Color,
med strikkepinnar nr. 3.
Det klødde litt mykje så det rekte eg opp igjen,
mykje arbeid som gjekk opp i lufta.


Huska plutselig på at eg hadde kjøpt MYKJE
fint garn på ferie turen til Danmark
.
Lærte litt sjekka om garnet klødde
og strikka i vei....
Då eg skulle hente nøste nr. 4
var det borte vekk.
Så no ligg skjerfet på vent i håp om at panduro
butikken i Molde skulle ha eit nøste.
Desse fargane passar så godt til mi nye jakke.


I mangle av eit nøste og at krykkjene måtte fram,
starta eg med godt mot på eit nytt skjerf.
Når det vart så langt at eg fekk det rundt halsen,
Var det brukt litt for tjukt garn så det var litt klumpete.
då var det bare å ta turen ut på verandaen og rekke også dette opp.
( Å nøste opp er i grunnen ein fin trim og godt for motorikken)


Mellom alle skjerfa strikka eg eit par labba til eit barn.


Så no er eit skjerf til ferdig,
Bris garnet som eg kjøpte hos Gill`s
det klør ikkje, ikkje for tjukt og Gill har fleire nøste.

Må innrømme at eg har starta på eit nytt,
får sjå om det blir noko vart litt lei "shø".

mandag, september 15, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 83-91


Gjestesenga vi bestilte blei levert på
døra mens vi var i Kristiansund fredag.
Søndag fekk eg dopa ned kneet,
forserte lofttrappa med krykkjer
for å sjekke om senga var forsvarlig montert.
Mr. Fargerike og eg reidde opp
og la på sengeteppe på senga
som står på loftstua
(mor har tatt eit soverommet til syrom).
Då måtte eg innom skåpet der sengeklea er lagra
og nytta høvet å kaste

Nr. 83
Eit tynnslite dobelt sengesett med brune blomstrar
så Mr. Fargerike brukte då han køyrte trailer.

Nr. 84
Kasta også eit dobbelt sengesett med ryskjer og blomstermønster,
hadde likedanna gardiner (lurer på kor dei er forresten)

Nr.85
Kasta to putevar av ukjent oppringing.

Nr. 86
To dukar som aldri blir brukt meir.
Dette var det eg såg fremst i skåpet,
så her er det store muligheiter til å kvitte seg med noko.
Trur eg skulla glatt ha hosta fram ti dyner, puter og sengesett
uten å bli sveitt. Trur nokre babyar og småbarn
og kunna fått utstyr til overnatting.
Det er nok verst med senger.

Nr. 87
Ei krus fekk reisepass då ho hadde fått skade.

Nr.88
Fann ein pose med tacolefse som var knall hard.

Nr.89
Rydda i talglysa
(min far likar ikkje at eg seier talglys.....
fordi dei no for tida er laga av stearin og ikkje dyretalg,
noko som vist er ein stor forskjell både på lukt og lys)
og kasta ein del tom emballasje og lysestumpar.
Fekk samla alt lysutstyr i to skuffer.

Nr. 90
I ei ledig skuffe samla eg serviettane mine,
og kasta noko som var både stygg og knørva.

Nr.91
Kasta nokre labbar som ikkje hadde partner.
Har ikkje kasta krykkjene men brukar tida til å tenke på neste
plass som skal sjekkast.
Må vere hardare når eg kastar,
ting som ikkje har vert i bruk på fleire år
må ein berre ta tak i og kaste.
Håper at i løpet av nokre dagar så er eg i gang igjen for eigen motor.

lørdag, september 13, 2008

KVELDSBILDER I SEPTEMBER

Kom på at sidan eg no brukar Mr. Fargerike
sin data, så skulle eg sjekke eit program
som eg fekk med eit fotokurs for nokre år sida.

Vart litt imponert over at eg fekk det til på første forsøk,
er ingen dataguru.

For dei som lurer på korleis det gjekk på sjukehuset med kneet mitt:
overlevde undersøkinga,
kunne ikkje gjere noko,
må berre vente til det går over av seg sjølv,
det kjem att.
Dette var det han fekk ut av bileta
som vart tekne for eit år sidan.
Det som skjedde med kneet på tysdag
brydde han seg ikkje om.
Han meinte at eg var flink som trena på treningsstudio.

Så da sitt eg her igjen med foten i sofaen,
må vel ringje fastlegen min da.
Hadde ikkje tenkt meg dit med det første,
trudde eg skulle greie meg med eit besøk i år.

ccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccccc

torsdag, september 11, 2008

TIL KRISTIANSUND FOR UTEN..................


Er ikkje sikker på om eg gler meg eller
kvir meg til turen til Kristiansund i morgon.

"Knedoktoren" har satt av tid til meg og mitt/mine kne,
det har vert mange år med
smerter og periodevis bruk av krykkjer.

Tysdag flytta noko på seg inni der,
og vips måtte eg ta fram krykkjene igjen.


Gruar meg til sjølve undersøkinga,
har ein sjeldan sjukdom og da har
legar ein viss tendens til å bestemme
kor sjuk eg er og/eller dei trur
dei har rett til å undersøke meg
på andre plassar enn det det er søkt time for.
Eg er ofte det første tilfelle med den diagnosen
dei ser... men likevell?
Likar rett og slett ikkje at dei på død og liv
skal drive å flytte på kneskjela.
Har nemlig hatt den ute av ledd då eg var 13 år,
og har ikkje noko stort ynskje om å få det ein gong til.

Litt syting seint på kvelden....
Kvir ein seg så kvir ein seg......

Kanskje eg blir litt betre til slutt.

################################

onsdag, september 10, 2008

Demolution day... Discovery Channel ..... På verandaen

Då var dagen her at gamlehuset på
nabogarden skulle rivast.
Gravemaskina kom forrige veke.

Først måtte det gravast eit stort hol
til å ha huset i etter rivinga.


Så starta "showet",
eg har gledd meg til å få sjå korleis
dei riv hus med gravemaskin
"in live".


Hadde kamera,

med zoom linsa,

stol og teppe klart.

Sette meg på verandaen
og nytte rivinga og lydane
som følgde med.


To og ei halv time tok det å rive huset
og grave det ned.


Trur nok dei brukte mange år på å bygge
dette tømmerhuset for hand,
dei måtte langt etter trevirke.
Min far på snart 87 år fortalte at då han var liten
var det berre eit tre på heile Farstad.

Det gjekk fort når dei starta på taket.
Var litt spent på kor langt opp i fjellet vi fekk sjå.

Her rasa det saman.


Gravemaskina har starta oppryddinga.


Slik vart det når maskina for.
Vi fekk sjå langt opp mot fjellet,
no da ikkje blikket stoppa i huset.



Sidan desse bileta vart tekne
har tomta blitt rydda og gravemaskina
var her igjen, grov over og pynta opp.

********************************************

mandag, september 08, 2008

LITT AV DET EG HAR LAGA I DET SISTE


Strikka eit sitte underlag,
tova det og pynta det med ull
og festa det med filte nåla.

Eit lite naudrop kom fra tausa mi i Trondheim.
Sminkepungen hennar hadde gått heden.
Sydde då ei forminsking utgåve etter eige hoved,
det var Tilda sin toalettmappe som var grunnlaget.

Håper den fell i smak,
ho likar like lite rosa som meg
eller rettare sakt ikkje i det heile.



På ferie turen strikka eg ein duk i Punto bomull garn,
skal finne ein egna plass før trådane blir festa.
Kanskje den er for kort.


Tok å brukte opp ein rest av stearin strimlar
som låg i lysskuffa.


Min bærbare er hos Pc-doktoren,
det såg ut som den hadde fått raude hundar.
Den har vert umulig ganske lenge,
når eg lagar innlegg på bloggen
blir det ofte store mellomrom mellom linjene
når eg kjem eit stykkje ned på sida.

Greidde heldigvis å starte den igjen
og fekk ta kopi av alle bileta og
mappa som var lagra der.

Så no er det Mr. Fargerike som
må låne ut si bærbare til meg.

>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>

lørdag, september 06, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 62-82


Driv og målar gelendret på verandaen,
og i mangelen av reiskap til å røre i målinga med,
kika eg i kjøkkenreiskap skuffa for å finne
noko som kunne egne seg.

Nr. 62
Ei gamal og godt brukt ause var heilt
greit reiskap å røre i målingsspannet med.

Nr. 63
Poden måtte etter hardt press rydde
i teikne skuffa si i Apoteker-benken på kjøkkenet.
Han kasta div teikningar.

Nr. 64
Tre teiknebøker

Nr. 65
Ein del leiker som hadde hamna nederst.

Nr. 66
Og ein del rot av ubestemt art.

Nr. 67
Leita etter nokre pyramidelys som er rydda vekk,
og kom da på at eg kunne bruke opp noko stearin
pynt som eg har hatt liggjande i årevis.
Emballasjen var kasta i plasten.

Nr. 68
Rydda i matskapet og kasta eit lite
utval av einslege pølsebrød.

Nr.69
Kika innom kjøleskapet og kasta
maten som skulle i matavfallet.

Nr. 70
Ei tom pumpesåpe

Nr. 71
Kasta endå ei tom parfymeflaske
denne gongen var det
"attraction" som var tom.

Nr.72
Kastar alle tomme telys i metallavfallet.

Nr. 73
Kvitta meg med ein tom peeling krem,
rett i plastikkavfallet.

Nr. 74
Sjampoflaska fekk flyttemelding.

Nr.75
Kasta seks utgåver av familien.

Nr. 76
Eitt Se og Hør

Nr. 77
Fire andre vekeblad.

Nr.78
Ein "button" frå fiskeklubben.

Nr. 79
Ein ubrukeleg lighter fekk fyken.

Nr. 80
Siste biten på eit kubbelys.

Nr.81
Rydda i krydder lageret då eg baka
krydderkake forrige helg til hagedagen
med hagelaget.
Kasta ein pose med anis spiker som var verneverdig.
(anis spikerane ligg no i ei skål og gjev frå seg fin julelukt ei lita ri.)

Nr. 82
Greidde å kaste alle papirposane som eg hadde fått då eg kjøpte
blomster både til inne og utebruk.
( Har ein lei tendens å brette dei fint i hop og leggje dei på laet)

Trur det var alt for denne gongen,
det kjem vel meir.

Det kjem seg!

**********************************

HAGENS DAG...


Forrige laurdag var det hagens dag,
då brukar Hagelaget å lage kaffi, kake og bakels.
Det får vi da selge saman med med tombola
på eit av hagesentera i kommunen.
Den trivelige eigaren gjav og gratis gevinstar
og vi får bruke ein stor paviljong som er i hagesentret,
til å traktere kundane hans.
Det var ei fin forteneste for hagelaget den dagen.

Skulle egentlig ikkje ha noko i år,
men endte opp med

sommarfugelbusk
2 blåbærtre
1X6 pack med ulike heber
kvit kule primula
røsslyng
pynte kål
+++ mange fine haust blomster
det var litt løkar og.

Gevinstar hadde vi med oss heim og.

No er det fint ver så no er det berre å starte gravinga.

````````````````````````````````````

søndag, august 31, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 54 - 61

I morgon går vi inn i ei ny fase i livet vårt
her i familien Fargerike.
tidlegare i sommar var Mr. Fargerike på
sjukehuset for undersøking
fordi han er stor snorkar av rang.
Han har berre ein time med kvile søvn kvar natt,
så no håpar vi at han får sove
betre no når han får tilpassa ei "puste maskin".
Kanskje eg og får sove no
og ikkje blir vekt av puste stopp, risting, sprellemann
og gisping etter luft.
Håper av heile mitt hjerte at tilpassinga går greit,
og at maskina er til hjelp for han.
For dette påverkar heile familien.

Sendte med Mr. Fargerike
litt elektrisk utstyr som han kan kaste når han skal til Molde.

Nr.54
den '¨%¤&# kaffitraktaren
her i huset blir det nok aldri meir NBH Nordica produkt.

Nr. 55
Ein nasehårs klippar.

Nr. 56
Ein trådlaus telefon.

Nr. 56
Base stasjonen til telefonen.

Nr. 57
Ladaren til telefonen.

Nr. 58
Videomaskina som har slutta å virke.

Nr. 59
Ein klokkeradio.

Nr. 60
Ein del andre ladarar som ikkje har
partneren sin lengre.

Nr. 61
Ei patrone til skrivaren.

Små tinga låg i ein pose som det no var på tide å kaste.

Ønsker alle ei fin blogg veke og fint haust vær.

VINTERPYNT 2



Her er litt meir vinterpynt.
Nåla fast ulla på isopor stjerner.

Viste at eg skulle få bruk for noko av isoporen
eg har hat liggjande i sikkert ti femten år.

Denne måtte eg reparere før eg festa på ulla.

Til tausa mi,
synes du dette var noko for deg?
Kan jo ha på litt perler, band og slikt,
slik at det blir litt lik den forrige vinterpynten?

Her er heile samlinga

Håpar du likar det.
>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>

fredag, august 29, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 40-53


Har ikkje vorre så flink å skrive kva eg har hiva i det siste,
det eg kjem på no er

Nr.40
Ei tannbørste som hadde sett sine beste dagar med fekk
nådestøytet då eg tok feil av tannkremen og fot kremen.
Heldigvis såg eg det før eg putta ho i munnen.

Nr. 41
Fire plastikk boksar som unngjekk siste
opprydding.

Nr. 42
Kasta ei tom parfymeflaske
av typen Organza.

Nr. 43
Har endelig kjøpt meg ein "plastikk rull ut maskin",
slik som gjer at det er lett å få ut plasten
utan at det er fare for mat og hender.
Då kasta eg med glede den gamle
varianten eg hadde som var...... og rett i bøtta.

Nr.44
Kasta og den tomme eska til "Glapakk" rullen.

Nr.45
Kasta det eine oskebegeret som er i skåpane våre,
slutta for 4-5 år sidan.
Har kjøpt eit nytt som står ute for gjester.
Har fleire på lageret i kjellaren.

Nr.46
Eit par stripete sommar sko
som dattra eigde og no var øydelagt.

Nr. 47
Har rydda i klesklype posen og kasta
alle klesklypene som var øydelagt der.

Nr. 48
Kasta ei øydelagt sprayflaske.

Nr. 49
Tømte ut innhaldet i ei anna sprayflaske,
for å nytte den i prosessen med å male stoff.
Innholdet var så tjukt at eg kasta heile greia.

Nr.50
Har rydda i katthuset og kasta tre handdukar som var der.

Nr. 51
Då kunne eg ta tre slitte handdukar frå badet,
som ikkje er noko til å tørke seg med lenger.

Nr. 52
Har gått gjennom ein del papir som vart kasta.

Nr.53
Rydda ut matrestar av kjøleskåpet,
og putta dei i matavfallet slik at søppelbilen
fekk litt "mat".

Har fleire ting på gang men det er ikkje kasta før det er ute av huset.

::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::.

onsdag, august 27, 2008

MALING PÅ STOFF


Rigga meg til på den øverste delen av verandaen
i går då eg skulle male ute.
Måtte berre gje opp å stå ute på plena,
då de bles frå alle kantar.

Denne skulle likna litt på den under,
då siste handa skulle leggjast på den var den borte.
Det var eg og katten James Bond som var heime.
Leita og leita.......borte var den.
Ikkje inne....
Ikkje på verandaen der vi var.
Men då eg skulle sjekke tørkestativet på nederste nivå
låg han og kosa seg i regnet som hadde samla seg
i ute møblane som eg måtte ut å snu
om natta sidan det blåste slik.

Får prøve på igjen seinare i dag

blir nok aldri noko målar

men prøvar meg likevel.

Kan jo skjere det opp i bitar og bruke det slik.

Slik såg blada ut då eg var ferdig med dei.
Kanskje det finaste eg laga?

Ein lang rest vart frihands måla,
mens eg spekulerte på kor stoff biten
kunne ha teke vegen.


Her vises meir av mønstra.

@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@

NÅLEFILTING

Har ei filtemaskin på sy rommet,
og da eg prøvde å finne andre som har laga
ting med ei slik maskin kom eg
over ei side eg likte innmari godt.

Vart så imponert over det ho laga at
eg kjøpt meg utstyr til nålefilting
under ferieturen i Danmark.
Var så heldig at eg dumpa borti
Panduro sitt salg.
Eg kjøpte meg ull som i Norge ville
kosta meg over tusen kroner,
eg betalte 150 Dkr.
Mitt aller første forsøk med filtenåla
er denne kaninen,
den vart litt flat stakkar
og litt "vassinj" i auga.
Det skal eg prøve å ordne med
dei nye tynne nålane eg kjøpte i
Molde.

Har også laga ein snigel.

Eg kjem nok ikkje frå urbane strøk,
med brunsnigel og andre ukjente ting.
Var derfor litt forundra over at
den skulle ha øyra.

Denne tenkte eg skulle ha på ei veske

som er blitt til ein sommar ufo,

og mangla berre det lille ekstra.


Er man på salg så er man på salg,

så då eg fann ein strå vev kjøpte eg ein

og laga denne prøva.

Kunne vist laga både belte og hanker til vesker,

så vi får sjå kva som skjer framover.


¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

LABBA

Har ikkje berre strikka huver i det siste,
her er nokre laggar.
Dei to i midten er av garn med aloe vera og jojoba olje,
så dei er mjuk og god på foten.
Når du strikkar blir fingrane fine og ikkje å tørre lenger,
den tørre huda under hælen forsvinn litt etter litt.