torsdag, juli 31, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG

Har i dag kasta ei knust krukke
som stod på benken når vi kom heim i går kveld.
hmmm............... lurer litt på kva som har skjedd?
Reknar det vart litt tulling og fliring
i heimen før overnattinga i teltet.
Hadde sikkert ikkje oppdaga det om ikkje støvsugaren sto ute.

Har kasta tre inneblomster som ikkje kom seg,
sjølv om eg hadde gjeve vekk ansvaret til dottera.

Da er eg vel ferdig med å kaste ting som til svarar dag 20-24.

Vil ynskje alle ein fin, varm og knott fri sommar.

@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@@

onsdag, juli 30, 2008

Meir strikking i vogna

Greidde å strikke to par labbar
også mens vi var i vogna.
Det eine paret gav eg vekk og det andre
selte eg.
Har strikka nesten ein labb til
men den blir ikkje avbilda før begge er ferdige.

################################################################

FLEIRE HUVER TIL UKRAINA

Campinglivet endte i fleire huver,

det vart litt rester til overs,

som vart brukt i desse huvane

Prøvde meg på noko anna garn eg hadde,

det er kjempemjukt og godt.

Så då vart det eit panne band.

Hadde investert i huve mønster tidlegare,
og måtte berre prøve dei.


Har da nådd målet mitt med å lage 20 huver til Ukraina,
er totalt oppe i 25 stk.
Peder ville ha den som eg strikka tidlegare
med flammer på.
Kanskje det blir fleire huver seinare?
****************************************************

tirsdag, juli 29, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG

Er innom heimen nokre dagar
før ferden går vidare.
Har vel egentlig ikkje kasta noko men gav vekk
6 stk. stue gardinfag,
2 pocketbøker
Eg gav også Mr. Fargerike ein suss på
kinnet då eg lista meg opp av senga i dag tidleg,
men den kjem vel ikkje med i teljinga.
Då er eg ferdig med dag 12-19 med kasting og rydding.

ØRNESVINGEN OG BÅTAR



Vår første tur etter at vi kom til Eidsdalen,
gjekk overrakande nok til Geiranger.
Utsikta frå den fine utsiktsplassen i
Ørnesvingen var fantastisk.
Det var nok ikkje utsikta og landskapet som dro meg,

det er ting som flyt på vatn som er Fr. Fargerike's favoritter.

Det var to båter av eldre årgang,

dette er "Saga Rose",

som sjømannen i huset

villig fortalte så var den gamle "Sagafjord".

Her er ei gamal storheit "Saga Rose" på veg ut av fjorden.


Dette er "Princesse Danae".

Denne båten heiter "Vistamar".


Det kjem vel fleire båt bilder seinare reknar eg med.

torsdag, juli 24, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG


Dagens kast vart ein lime grøn
djuptallerken med hakk i.
Den var kjøpt under eit besøk i
Rottneros Park i Sverige for nokre år sidan.
Den var no egentlig tenkt som matfat til kattane,
men dei har vel så dei klarar seg dei og.
Dag 11 med kasting er ferdig,
ligg vel litt på etter skot
men får ta det igjen seinare.
Her skal finværet nytes.

onsdag, juli 16, 2008

HUVER I TRAPPA 2


Nokre gløymte huver i trappa.
Mens eg venta på at bileta skulle laste seg opp,

tok eg likegodt å rekte opp den gule og raude huva,
den hadde ein merkeleg fasong.
Då er eg oppe i 17 huver.
>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>>

HUVER I TRAPPA


Ei veke i campingvogn,

gjer noko med ein,

Til saman 15 huver som vart strikka pr. i dag.

:::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::

STRIKKING OG HEKLING

Kjøpte "litt" mykje turkis garn tidlegare,
så tausa i Trondheim får med seg det.
Dette skulle vere ein lang hals,
men fekk ikkje dreis på mønstret så eg avslutta før det vart ein ufo.
Går godt an å bruke det i halsa eller som pannebånd.
Det første eg laga som skulle til Ukraina,
det pannebandet ville guten ha.
Då var eg like langt.

Hekla ei hue,
kjenner ingen med slik hau fasong.....

Har ikkje bestemt meg om

det blir til hue eller til ei.....

korg til å ha strikke saker i ?

************************************************************

tirsdag, juli 15, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG

Var på leit etter ein nål som eg brukar til å feste tråder i strikka ting,
kika ned i ei eske eg har innan rekke vidde til småsaker.
Då kom eg over
Nr. 3, ein folder med program frå VM i skiskyting 2008.
Nr. 4, delar frå eit IQ-spel.
Nr. 5, fleire mageband til ulike nøster.
Nr.6, ei halv fargekrit.
Nr.7, fjøra i ein penn.
Nr. 8, malen til eit dukke boa-skjerf.
og til slutt
Nr. 9, ei blåskjel med feste anordninga på.
Nr. 10 Kasta tidlegare i dag ei lita samling av lyse stumper.
Det er vel åtte ting til saman,
det passar bra sidan eg skal tilbake til vogna
om ein par dagar og det er ikkje tilgang til internett der.
Nåla er framleis borte.
Så kanskje eg kan finne fleire ting å hive mens eg leitar etter ho.

''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''

mandag, juli 14, 2008

Dag 2

Har i dag sett gjennom nokre permar med utklipp av hagar,
og der var det ein del katalogar frå hagesentra rundt om kring.
Ein var frå 1972 så den har eg nok fått frå min mor,
veit ikkje at det var så mange ulike gartneri i nærområdet.
Så dagens beste kast var nok innholdet av permane.
Ferdig med dag nr. 2

Huer til Ukraina?

Fekk ei utfordring av ei eg trenar i lag med,
eg var ikkje verre enn at eg tok ho.
Det var å strikke huer ol. til ungar i Ukraina.

Har aldri laga huer før så det har blitt litt for opprekks avdelinga igjen.
Men har komet fram til ein modell som skulle passe fleire.
Under fotball EM kom eg på eg skulle laga
dei i fargane til det ukrainske flagget.

Men då vi fekk besøk av "beste ungane" såg Markus at fargane passa
godt til det lokale idrettslaget,
då for hua opp i nabo dalen og fekk seg ein ny heim der.
Hue nr. 1.
Maria ville ha denne.
Hue nr. 2.

_____________

Dokka fekk ny garderobe

Dokkeklee til Marias dokke,
putter vi på kortbokse i blått blir det til ein gutt.
Vart ikkje så fin bakgrunn,
men har ikkje så store utvalget i campingvogna.

Artig å strikke dokkeklee,

men det var litt "knøle" å til.¨


^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^¨

søndag, juli 13, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG NR.1.

Har vaskerom vegg i vegg med kjøkkenet,
og da blir det lett å "berre" leggje ting fra seg der.
Noko må eg ha der for det er ikkje kvar
dag kneea mine vil at eg skal bevege meg i tapper.
Har hatt ei skummel plan om å gå gjennom nokon av permane
som er blitt lagra der i lengre tid.
Så no har eg kasta nokre papir som eg trudde eg måtte ha,
det er over 15 år sidan eg prøvde meg på omskulering
og gjekk handel og kontor.
Då var eg i gang og ferdig med dag 1.

ER JAMMEN IKKJE SIKKER PÅ KVA EG HAR GJEVE MEG UT PÅ NO...


Har fått eit enklare blogg liv etter at dottera fekk meg til å abonnere på bloggar som eg likar å stikke innom.

Det var enkelt, eg berre oppretta ein google konto og vips hadde eg full oversikt over alle nye innlegg.


Skal etter fattig evne prøve å forklare korleis ein går fram.

1. gå på google si side.

2. gå inn på sign in i høgre hjørne.

3. legg inn e-mail adresse og kode ord og så har du tilgang på dette.


Da er det berre å trykkje på abonner mår du er inne på ei side som du likar, du kan ordne dei i ulike mapper og få skikkeleg orden i sakane.


Denne abonner greine har fått uante følgjer, etter å ha vert borte ei veke og måtte eg sjekke alle "mine abonnentar", det var nestan 300 innlegg på ei veke.


Då eg var innom Monika frå Bud vart eg nysgjerrig då ho hadde meldt seg inn i "hiv ein ting kvar dag greie". Etter litt tid heiv eg meg på for har alt for mykje "dingel" liggjande i skåp og skuffer, håpet var det at når ungane var større skulle alt bli så mykje betre.


Så her er sida til ei som du kan melde deg på om du vil bli med på dette eller berre sjå innom.

-------------------------------------------------------------------------------------------------