fredag, april 24, 2009

HUMOR HJELP DET.......?

På tysdag hadde eg tilbudd meg å bake ei
kake til det felles hagemøte mellom
Averøy-, Eide-,
Bud-, og Hustad hagelag.
Dag Arneson frå "Grønn Glede"
kjent frå NRK kom på Averøya og
skulle halde eit foredrag for oss.

Det viste seg at dette ikkje var dagen
for å bake den eine av dei "sikre kakane".
Endte opp med til og med to stk.
Konklusjonen blir da bruk ALDRI hurtig
stivnende gele som i etterkant skal
blandast med krem.
Gele kaka saug utover kakefatet,
men det var så mykje folk som kom
på møtet at dei berre måtte
ha kaka mi fram,
ei glup dame
bytta ut kakespade med skjei
og eg fekk skryt av den gode
"desserten" eg hadde laga.

Midt i baking av katastrofe kaka
ringte telefonen.
Ei som bor to hus og 1,5 km lengre
ut lurte på om eg ville bli med å grille.
Eg:"Nei, jo, jau, slit litt med ei kake som skal
på hagemøte".
Den andre: "Har du ikkje haurt sirenane".
Eg:" Nei har Staus Que på full guffe".
Den andre:"Det er lyngbrann rett utafor husa mine
så eg tenkte vi kunne grille".
Kika ut vinduet og såg røyken velta
opp på andre sida av haugen.
Ekkel følelse men heldig vis bur det ingen
uti der det brann.
Tenk og ta seg tida og ringe og prate "tull"
når flammane er ca 200m frå huset.

<<<<<<<<<<<<>>>>>>>>>>>


torsdag, april 23, 2009

DET LIKNAR PÅ NOKO

Det går framover med heklinga,
syns eg greier meg godt.
Noko skal ein jo gjere sjølv om kneet
ikkje er heilt som det skal.


Det er under 40 ruter igjen,
Det skal vere to rekkjer i breidda
i tillegg til det som visast her,
og i "holet" skal det heklast
fleire oldemor ruter.



No er det ikkje så mykje igjen før
eg kan starte saman heklinga.

Trur ikkje eg kan det 100 %
men det må vel ikkje vere all
verden å få dette til.


Har hatt eit utruleg fint ver i dag,
varme, vindstille og sol.
Første "utemiddagen" er ete,
og vi har fått ordna litt i hagen.
vi har klippet, raka og luka litt.
Så i kveld har eg fått meg "rakearmar",
solbrent og støle vart dei.

Då er det litt over ei veke til konfirmasjonen,
trur eg skal vaske bunadskjorta i morgon
og la ho få henge litt i sola så ho
kan få seg litt naturlig "grønn" bleiking.
Ellers er det meste i boks.

XXXXXXXX

torsdag, april 16, 2009

I REDSELEN FOR Å

gå tom for håndarbeid
og at ufo avdelinga kan minka
har eg no starta å hekle meg
eit teppe av oldemorruter.
Hadde noko bomullsgarn som
eg tenkte å bruke opp.
Kjøpte meg svart og starta med godt mot.
Etter eit par ruter og diverse garnbytter,
var rutane ulike i sorleiken og
var i det heile ikkje fornøyd med resultatet.
Så då eg skulle til Molde,
måtte eg berre kjøpe meg nytt garn
for det hastet for "ånden" var sterk
og ville starte med ein gong.
Etter eit nytt "fylle" opp med fleire fargar
har eg da brukt godt over tusen lappen
så langt på noko som skulle bli
"eit teppe av det vi har".
Er det fleire enn meg som har
det slik?
*****************

onsdag, april 08, 2009

TULIPAN MED NOKO ATTÅT

Har leika meg med
makrolinsa

ein tulipan

og litt til....


Ynskjer meg litt sol i påska
så eg får prøve makrolinsa ute.

******************

søndag, april 05, 2009

VÅRONNA HAR STARTA


Då kom dagen då eg var ferdig med eit år til.
Dagen starta med ei rebusløype
som guten hadde laga og premien
var eit påske-egg med litt godt i
Mange gratulasjonar frå fjernt og nært.
Ein del uventa telefoner og sms med helsingar,
men då eg såg at poden hadde sendt inn
ein helsing i avisa forsto eg litt meir,
Ein må berre innsjå at verda
ikkje er så stor lenger då eg
fekk telefon frå "junainten".
Men det som fekk håka til å gli
ned var når leiaren i Bygdekvinnelaget
kom med ei kake på døra.
Det passa bra med ei kjempe god kake,
får vel feire litt seinare då mannen kanskje
kjem heim seinare i påska.
Fekk fine tulipanar frå naboane
og eit gavekort gartneren.

Småbruks gartnaren vår
er like ivrig,
her er hekken som skal fikses.
Han fekk god hjelp frå nabotausa
som samla greinane i haug.

Våren er i full gang,
litt tidleg i år.

Krokusen som er i solveggen
er avblomstra.
Andre har nett starta blomstringa no.

Denne lilja kjempar kvart år
ein hard kamp mot liljebillane.
Kanskje det er derfor den er
oppe 1mnd før normalen.
Hadde vert artig å sjå den blomstre for fullt,
uten billeskader.


Ønsker alle ei fin påske.

lørdag, april 04, 2009

Har laga ei toalettmappe


og gått til innkjøp av nye europris briller
som forstørrar så mykje at nåla er på
storleik med ein kinaspikar.

Forstørrelses glasset fekk eg
av dottra tidlegare.
Så no er det berre å
sette igang med å sy sticthery.