fredag, november 30, 2007

Sommerblomster 30.nov.

Tusla meg ein tur på verandaen i går,
der var det nokre krukker med sommerblomster som ropte om vatn.
Etter litt drikke og gjødsel (skal vel vere snill til jul) flytta eg dei slik at eg kunne sjå dei gjennom vindauget. Lilla er vel adventfargen.




Har overbygd veranda så dei 4 igjenværande krukkane har klart seg bra til no, i dag er det 8 varmegrader.
Det gjer godt til ein sommarblomster, at vi har hatt dagar med heilt opp i 14 pluss grader sjølv om vi har hatt rimfrost og kulde fleire gonger.

Har ei krukke på trappa med stemor men den får vel nådestøtet i helga for da har sonen bestemt at no får det vere nok.
Sauene skulle også inn til jul meinte han, prøvde å nå fram med argumentet om at: "sauen lever om vinteren".
Neste argument var:
"Kan jo flytte dei på veranden, er det ikkje "sauar" i julekrybba da?"
( Lov å prøve seg).
Han scanna harddisken sin men var ikkje heilt overbevist,
får vel svar når han kjem heim frå skulen kjenner eg han rett.
Er sikkert nokon som kan korrigere meg på dette!

Måtte berre prøve meg............ blir jo ikkje noko ellers......

Har surfa på nettet for å finne ei hekla og tova katteseng .
Sidan eg allereie hadde kjøpt meg garn,
og ingen hadde "oppskrift" med same garn måtte eg ta hekle kroken i eiga hand. Fann ei gamal oppskrift på ein gryte klut, og fekk fart på krok og garn.
Hadde ingen aning på størrelsen så eg ende opp med 50 cm i diameter på botnen og 25 cm vegger før eg tova den,
Måtte ha den i vaskemaskina til toving fleire gonger for eg var for pysete med temperaturen.


Då eg var fornøyd med størrelsen vart den plassert foran varmepumpa til tørking.
2 sekund etter var det to kattar oppi og prøvelåg,
måtte berre hive ut kattane så den fekk tørke utan at kantane skulle ligges flat.

Det er katta Jorunn som likar kattesenga best,
ho liker godt å kose seg i den og holde eit auge med tv´n.
Sporten er ein av favorittane, skigåing og handball er best,
Så med skisesong og VM i handball for damer,
kan både eg og katta kose oss framover mot jul og langt utover nyåret.
Da er vi to i familien om å like litt sport,
endeleg er eg ikkje åleine framom tv´n når det er sport.

søndag, november 25, 2007

BLOGGING.... KJEDELIG?


Det er nokon som synes blogging er både unødvendig og kjedelig og at tida kunne brukes til noko meir fornuftig.

Som for eksempel eg James, er så lei av å vente på klapp og oppmerksomheit.

Sjå kor eg kjedar meg!

Slutt å blogg!

Eg vil ha klapp!

ØNSKEKURSET...... RESULTATET ER HER


Dette er bilde som vart ferdig men mangler ramme.


Endelig... Endelig kom helga med ønskekurset over alle ønskekurs.
Susan Dahlberg sitt kurs.

På ein ferie tur til Sverige i 2005 kom eg over boka ho hadde laga i ein bokhandel og fekk nesten sjokk da eg opna ho. Trudde nesten ikkje mine egne auger då eg såg innholdet, at nokon kunne lage så fine bilder av ved hjelp av ciffong, maling og symaskin var heilt utruleg. Trur du eg hadde lyst til å snu og fare heim igjen da eg hadde kjøpt boka.

Har i det skjulte prøvd å påvirke familien slik at ferieturane skulle inkludere ein Sverigetur + besøk i bokhandel der, så no er min takktikk avslørt. Men ho hadde ikkje laga fleire bøker fortalte ho så da kan vel årets ferieturen gå utenom Sverige.

Som den oppvakte lesar av mine blogger har eg allereie sydd to bilder på egenhånd fra boka hennar, men ho var veldig flink til å gje oss tips og oppmuntring. Det enkleste og kanskje noko litt "sære" rådet ho gav oss var å ta med oss det vi sydde på og stille seg framom spegelen. Det hadde ein god effekt, da såg vi bildet vårt på nytt og det som ikkje var så bra kom tydelig frem. Prøv det om du lagar noko og du ikkje får det til å stemme men veit ikkje kva det er som mangler.



Er ikkje den raskeste å sy ting på kurs, får litt sysperre og tar ting med ro, så eg greide å få eit til halv ferdig. Det skal vere eit hus og noko grønt framom, men etter å ha sett på det på avstand så kunne det sjå ut som sjøsprøyt på det kvite. Må gå i modnings boksen så får vi sjå kva som kjem ut av den.


Her er det noko av det eg berre måtte kjøpe med meg heim, pluss mange fine mønstre sjølv om ein har boka. Så om eg skrantar uti og skulle mot all fornuft miste litt vekt, sidan eg har har fått akutt kjøpesjuke, som du veit så må ein ofre seg kunsten.



God kveld og ha ei fin vinterveke til mine trufaste lesarar,
mens adventstida kjem nærmare for kvar dag.

torsdag, november 22, 2007

Oppussinga i Kårboligen er ferdig

FERDIG........................

Her ser du korleis det var før og slik det vart etter oppussinga.
Lurer litt på kva han meiner han som er på bøljan blå og måtte reise før det vart ferdig.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤




Gangen før malinga tok til, fint eksempel på tidlig 70-talls moter. Alle romma vi har pussa opp til no hadde "kina panel" eller vanlig panel så det var ganske tidkrevende å male i alle spora.

















Gangen ferdig til bruk.


¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤
¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Stua har fått grunning og det ser likar ut allerede.


Stua i all sin prakt.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Eine soverommet har fått maling men det vakre knall grønne teppet og dei gule dørane er endå urørt.
Det er vel ikkje i tvil at min mor likte grønt, vi hadde også ei tid få 70-tallet grønn/gult kjøkken. Kanskje det er grunnen til at eg ikkje er så flink å lage mat.

Regner med gardiner og møbler blir det koselig, rommet vegg i vegg har fått samme fargetoner men i motsatte farger


¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤


Loftstrappe trong også litt omsorg.



Resultatet blei bra synes eg.


No har vi malt kinapanel til den store gullmedalje og skiftet ut alle teppa i heile huset.

Så no vil eg ønske dei som leier hos oss velkommen til gards, og håper dei vil trives her ute på kysten med alt den kan tilby.

Joooooooooooooho no skal eg ha malingsferie (trur eg) til over jul. Har lyst til å male gangane her i huset, får sjå om "onna" kjem over meg før jul ein veit jo aldri.

Ka sines du Spinntel?

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤


Tåkebilder

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨


Tirsdag morgon i forrige veke, var det tåke, minusgrader og glatte veger. Da var eg kjempeglad vi skulle til Ålesund. Så eg hadde med meg strikking og ei bok å lese i så eg slapp å skremme sjåføren med mine gisp og stønn.








¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨



Måtte berre å stoppe å ta bilde på Tverrfjell. Det var så fint da tåka kom sigende frå Eide.



¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨
På Sjøholt stoppet vi litt og eg benytta anledninga til å ta fleire bilde.

Syntes denne nypa (eller knipe på dialekt) var så fin med rim på.


















¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

Løfta eg blikket var det dette eg såg, tek du av inn ved det mørkaste fjellet til venstre kjem du deg heilt inn til Geiranger med båt. Har teke Hurtiruta to ganger inn i Geirangerfjorden og det er berre å anbefale alle å dra dit.

Heldigvis var det ikkje tåke på andre sida av fjellet så det var mykje fint å sjå på på turen videre til Ålesund. Turen gjekk fint og vi fekk levert julegavene og snakka med dattra til mannen og den eldste barnebarnet hans. Vi gjekk rundt alle sammen og kjøpte julegaver. Dei kjem oppover neste helg så da får vi snakkest bedre. Er heldigvis ferdig med dei fleste gavene til jul, han som bor heime skal kjøpe noko til sine venner så er det meste i boks.

Haust duk


Haust duk, som nesten ikkje har fått sett dagens lys før juledukene skal på bordet.

onsdag, november 21, 2007

NYE OG UVANLEGE OPPLEVELSAR I DET SISTE

Dei siste vekene har eg opplevd ein del ting som eg aldri trudde skulle hende meg.

Har hatt besøk av ein rovfugel som satt på plena og åt på fangsten sin, trur det var ein falk sidan den var så liten. Den satt under ti meter fra husveggen atmed granhekken og åt, har dei siste åra observert ein del rovfugel men ikkje sett at dei har fest i hagen hos oss.

På mandags morgen i halv sju tida, då vi ( eg og sonen) hadde kjaurt mannen på flyplassen, og var på vei heim igjen då såg vi eit "stjerneskudd" som for over himmelen. Det var ei ganske stort "ting" som kom inn i atmosfæren, halen var lang og grønnaktig bak ei lyskule. Vi såg den lenge og det var ikkje berre eit lite lysglimt, det var eit kjempefint syn. Det måtte vere takken for at ein står opp kl. fem om morgonen og er sjåfør.

På tirsdagen då eg skulle gå heim etter å ha ordna i kårhusa haurte vi eit volsomt skrik rett over oss. Det var ei stor ørn som gjekk til angrep på ei gås så fjøra fauk, sonen som sto rett under fekk fjøra over seg. Heldigvis kom gåsa seg unna ørna og ho flaug kaklande bort. Ho høyrer sikkert til ein flokk med gås som flyg rundt her i plog og har vel mista retningssansen og årstida totalt sidan dei er her ennå.
Har tidlegare sett at ein hauk har teke ein måse i lufta men ikkje ei ørn har gått til angrep og fanga noko i lufta. Det er ein god del ørn her og vi ser dei dagleg.

mandag, november 19, 2007

Kunst?


Bondens kunstverk? Kom ned bakken og lyset var så fint i balljane, eller som nokon kaller dei og: Silosaurus egg.

Det hadde vært eit syn på frokostbordet, på ein heldig dag kunne ein gjemt seg i skallet. Kunne egentlig bedd heile nabolaget og vel så det på kokt egg.

Bilder frå strandturen


Prøver å laste ned bilde, dette var det som "gjekk" igjennom og ikkje det eg egentlig hadde tenkt meg. Men får nøye meg med bilder fra Farstadsanden igjen, dette er tatt på dagen men i motlys sjølv om det ser ut som det er skomring.



Vi har ikkje så mange steiner på stranda vår, dette er den største som ungene gjerne klatrer opp på.



Skulle tru det var trea i ein skog men det er tegninger som blir laga i sanden. Dei er ulike frå kvar gong vi er på stranda.

onsdag, november 14, 2007

Sopp med "rulle sveis"



På tur forrige helg, kom eg over denne soppen i ein nabohage. Heldigvis voks han berre eit par steg frå veikanten, så eg for ikkje å sneik langt inne i hagen hennar.

Den voks samman med mange andre, men da eg beskar bildet vart denne soppen med "rulle sveis" som utmerka seg. Han minte meg om ei frisyre som var så tøff på slutten av 70-tallet, da mange gjekk rundt med ein rull med hår rundt fjeset. Det var det som var tøft den gangen.

onsdag, november 07, 2007

Lynraske katter

Astrid og James var lynraske til å utforske skapet med ein gong dørene blei åpnet.

Har vært på styremøte i hagelaget og lagt strategien for neste år, så det blir fra vinlegging, ost og hageturer til blåtur og visning av bilder fra gamle hageturer og besøk i fine hager.

tirsdag, november 06, 2007

Turkis grein


På søndagens formiddagstur gjekk vi opp i skogen, eller det vi kaller for skogen, det er ikkje så mykje skog her. Det som er her ute mot kysten er for det meste plantet i lebelter for vinden.

Men dette er barndommens skog, der vi leika oss, byggde hytter og laget tipi telt av staur og tomme mjølsekker som var av papir.
Passende langt heime frå og ikkje for langt unna, det som gjorde den skogen ekstra spennande er at det er ein tyskerbunker og skyttergraver der og fleire ligg bunkerser etter tyskerne ligg berre nokre hundre meter unna.

Mjølsekkene var verdt si vekt i gull, dei kunne brukas til tak, vegger, underlag, ligge inni og bruke dei når vi rulla ned bakker. Var vi så heldige å få snø var det kjempeartig å stikke fotane inni og ake seg ned bakke. Dei var laga av fleire lag med gråpapir så dei var slitesterke og romma 50kg mjøl eller kraftfor til kyrne som det egentlig heiter.

Tilbake til bildet, da poden knakk ei grein kom denne nydelige farga fram, og mor måtte berre ta bildet. Har aldri før sett slik fin farge på ei grein før.

Mine bilder........


Hadde med meg desse to bilda til konkuranssen på møtet i Fotoklubben i går kveld.


Dette bilete gjekk ikkje vidare.









~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~


Dette var det som kom lengst, trur det kom heilt til finalen men det var ikkje mitt bidrag som stakk av med seieren.



Bildene her tok eg på søndag 4 nov 2007.

fredag, november 02, 2007

Går det så går det


Har prøvd å få til web sida til fotoklubben, hadde besøk av sektretæren, deilig å vere leder i fotoklubben og ha sin eigen sektretær, høyres unektelig fint ut.
Vi starta i fire i dag og vi var ferdige i sju tida, men her sit eg framleis. Må lære meg photoshop, ei heilt ny web. side samtidig med at eg sjølv har bytta blogg. Lurt å ta alt på ein gong..........

Må berre hive meg på, sidan dataekspertane er heime på besøk frå Trondheim. Fekk toppen ein halv time med opplæring før ho drog til frisøren. Har no greid å lage navn på mine bilder men slit med å "down size" bildene så dei ikkje blir for store på fotoklubb sida.

Tek du ein titt der får du sjå "verdens" største Snøbær under Oddruns bilder. Har greid å få eit bilde i brukbar størrelse, så her er det prøve og feilemetoden som gjelder ennå både på utsjånad og utforminga på hovedsida. Litt artig er det og når to stykkjer sitter i kvar sitt hus og prøver ut layuoten på sida så den er stadig i endring. Plutselig er ho grønn og i neste augeblink er det eit meir rørlegger- preg på ho, i går fekk eg til at det dryssa løv nedover sida. Vi er berre i starten så vi er jammen ikkje heilt sikker på kva vi egentlig gjer, får oss nokre overaskelser når vi held på.

Det er vel på tide å tusle seg inn på stua og sjekke skapvaskeren min, gjekk inn ei ny prøveording i år. Eg vasker tak og vegger mens han vasker skåpa. Må vel vare enklest det sidan eg løfter nærmare to tonn pr. veke på fysikalske, har gjort det i nesten tolv år og eg har best rygg av oss. Så no har vi vaska mesteparten av kjøkkenet og halve stua der det er mest dall- så over helga blir det den lettaste delen av stua og dra fram kjøleskåpen og dra over der, så no har vi gjordt det meste. Han reiser snart og kjem ikkje heim før den 18.desember og da orker ikkje eg å styre så mykje så nærme jul, så vi får ta eit tak no.

Fekk så lyst til å henge opp julegardinene sidan det var vaska og fint, må vel vente til Adventshelga kjem, men neste veke skal vi ordne eine julekalenderen då tausa ville ha det lell om ho hadde flytta, skal oppover på besøk snart så da er det greiest å få den med seg da.

Ønsker alle ei riktig god helg frå Romsdalens ytre strok.

torsdag, november 01, 2007

Hagen i oktober


Dette bedet er det som eg ser fra stuevinduet, Kinasøten lyser godt opp om hausten, den tålte ikkje så godt alt det regnet som har kommet som ei elv frå himmelen til tider.

Føler meg som Tornerose some tider når eg ser kor fort hekken vår veks. Det er deilig at den tek vekk noko av vinden sidan nærmaste tre er fleire hundre meter unna huset.

Her vi bor er det dyrket mark på alle kanter. Området her blir også på folkemunnet nevnt som "Prærien", sjølv om vi har fjell er dei litt lenger unna. Sola er til gjenngjeld oppe til klokka er halv tolv på kvelden om somaren og den titter vel opp igjen nokre timar seinare.