søndag, juli 13, 2008

ER JAMMEN IKKJE SIKKER PÅ KVA EG HAR GJEVE MEG UT PÅ NO...


Har fått eit enklare blogg liv etter at dottera fekk meg til å abonnere på bloggar som eg likar å stikke innom.

Det var enkelt, eg berre oppretta ein google konto og vips hadde eg full oversikt over alle nye innlegg.


Skal etter fattig evne prøve å forklare korleis ein går fram.

1. gå på google si side.

2. gå inn på sign in i høgre hjørne.

3. legg inn e-mail adresse og kode ord og så har du tilgang på dette.


Da er det berre å trykkje på abonner mår du er inne på ei side som du likar, du kan ordne dei i ulike mapper og få skikkeleg orden i sakane.


Denne abonner greine har fått uante følgjer, etter å ha vert borte ei veke og måtte eg sjekke alle "mine abonnentar", det var nestan 300 innlegg på ei veke.


Då eg var innom Monika frå Bud vart eg nysgjerrig då ho hadde meldt seg inn i "hiv ein ting kvar dag greie". Etter litt tid heiv eg meg på for har alt for mykje "dingel" liggjande i skåp og skuffer, håpet var det at når ungane var større skulle alt bli så mykje betre.


Så her er sida til ei som du kan melde deg på om du vil bli med på dette eller berre sjå innom.

-------------------------------------------------------------------------------------------------

1 kommentar:

Monika sa...

Ja det er utrolig kva som samlar seg i skuffer og skap :)
Og IKKJE lett å hive
Du har den mannen din jobb på ferga her ??
dattra prata noe om ein fergemann der ute :)
Er du her - så kan du jo finne vegen opp
morgensmil fra monika