fredag, oktober 23, 2009

BURSDAGSGAVE



 Fekk besøk, 
og ho 
ville ha noko av det 
eg har laga på dagen sin.
Ein eigen komponert hals
med hekla roser som knappar.
Fingervottar og
ei hue ville ho og ha.


 

 Det hekla sjalet ville ho og ha,
eigaren står modell.



Greit sjal å hekle,
starta øverst og 
endte nederst i spissen.
Alt er i same garn som
er kjøpt på Europris,
det gjekk med fire kjempe nøster.




 Hadde eg berre huska 
kor på nettet eg fann oppskrifta :-S.

Aktiviteten her

inne er litt slapp for
tida.
Men oppstart av alle aktivitetar,
jubileumsfestar, 
50 års selskap
reiser, møter på skulen 
og oppussing av badet,
og pluss alt anna har tida 
ikkje strekt til.
Låne PCer har kome og blitt bytta i nye.

Ventar ennå på min lap-top,
no driv dei vist å 
skiftar 
innmat i heile maskina.
Eg får ikkje lagt 
på namn på mine bilete,
og har da ikkje så lyst til å ha
dei ut lagt på bloggen til fritt bruk
for alle.
Har kjøpt meg Element 7,
til bilete behandling

men har ikkje fått brukt det 
sidan maskina er hos
Pc doktoren meir enn
ho er hos meg.


********************************************************************************


mandag, oktober 05, 2009

GAMLE GLEMTE TING...


Har i løpet av somaren
rydda og rydda.

Ungdomane rydda og kasta ting,
som generasjonar før dei
har samla på og 
oppbevart i "gamlehuset".


Mor samla på "alt" då ho levde,
så hennar 1,5 meter lange stabel
med tomme 1/2 l yoghurt-boksar,
plastikk posar og alle andre "plastikkartiklar",
pluss mykje, mykje anna

gjekk rett i containeren eller søppelsorteringa.


Kjellaren her i huset var heller ikkje tom,
så to container vart fulle.
På sy-romet samla eg
alt innan broderi,
og fann nokon 
gamle synder og andre
har eg laga i sommar.



 Har store mengder
med rester av garn til stramei bilete.

 






Så kva skal ein bruke alt garnet til?

 







****************************************************