lørdag, mai 16, 2009

ÅKER BLIR TIL ENG OG UVANLEG BESØK


Våren kom tidlig og sommaren er her
før vi får sukk for oss.
Blomster og tre har fått
ein pang start,
varmen og sola har
gjort grovjobben.
Pryd-eple treet som er vårt 1000-års tre
står i full blomstring.

"Drengen" som har jorda
har snudd all
jorda vi har rundt husa,
det same er nesten
all jord til
naboane
så her er det litt som
å bu i ein ørken.
Sidan jorda rundt oss
består av sand,

så det fyk godt med sand no når
det er så tørt.

Biler, husvegger og
hagemøblar
har alle eit fint lag med
sand på seg,
så da er det berre å finne
fram tvoga
og vaske skal ein sitte ute
og nyte fin veret.


Dei siste vekane har det
blitt fjerna greiner,
pløgd, horva, kalka,
spreidd beinmjøl
og horva igjen
før det
blei sådd
og kunstgjødsel til slutt.


Så mor i huset har stått bak
gardina og sett på
traktorane på marka,

føler meg som ein liten unge då
det var
tre traktorar
som susa rundt
om på marka vår.

Kan ikkje skylde på at mor må passe
på når ungane vil
sjå på lenger heller,

når den siste er konfirmert i år.



Ei feststund for meg.
Mykje nytt og spennande
reiskap i landbruket

sidan drifta vart avslutta
for 21 år sidan hos oss.

Måsane har boltra seg på åkeren,
så verandaen er godt
dekorert av
måseskit.

Gauken kom før helga
og sommar blomane
i grøfta
har komme fram.

Ein mini gris kom springande i god driv
over eigedommen i går,
med ein av nabo våre etter seg med kamera
klart til bruk.
Den hadde vist kome nedover
hovedvegen og over brua,
så er det nokon som manglar
ein mini gris
så har vi observert ein i går kveld.

********

1 kommentar:

Maggi sa...

Beautiful photos. Thank you