torsdag, juli 30, 2009

STRIKKA SJAL


Har strikka meg eit sjal

i eskimo

med tjukke pinnar

går det fort.

Heilt typisk gjekk eg

tom for garn dei siste 25 cm.


Vart litt overraska
over fasongen på sjalet
.
Hadde set for meg ein trekant.
Trudde ikkje det skulle likne
på ei flyndre.

Prøvde ut sjalet
i går kveld,
under litt tørrfisk konsumering
saman med gode naboar ute på verandaen,
og det var godt og varmt.


Har starta på eit nytt sjal
i "cotton viscose"
og eit nytt mønster trudde eg.
Men så langt er dei prikk lik
det eg nett har laga.

#####


3 kommentarer:

Monicas sa...

dette ble vel fint du:)....ja fasongen var ikke helt sjal likt, men det virker vel...fint var det lell...ha en flott torsdag

Tingelingeling sa...

Nydelig sjal, og når det varmer er alt bra!! Vakker veske i innlegget under også!! Ha en fin dag!!

Inger Anne sa...

Flyndre eller ikke , lekkert var det nå.