fredag, oktober 23, 2009

BURSDAGSGAVE



 Fekk besøk, 
og ho 
ville ha noko av det 
eg har laga på dagen sin.
Ein eigen komponert hals
med hekla roser som knappar.
Fingervottar og
ei hue ville ho og ha.


 

 Det hekla sjalet ville ho og ha,
eigaren står modell.



Greit sjal å hekle,
starta øverst og 
endte nederst i spissen.
Alt er i same garn som
er kjøpt på Europris,
det gjekk med fire kjempe nøster.




 Hadde eg berre huska 
kor på nettet eg fann oppskrifta :-S.

Aktiviteten her

inne er litt slapp for
tida.
Men oppstart av alle aktivitetar,
jubileumsfestar, 
50 års selskap
reiser, møter på skulen 
og oppussing av badet,
og pluss alt anna har tida 
ikkje strekt til.
Låne PCer har kome og blitt bytta i nye.

Ventar ennå på min lap-top,
no driv dei vist å 
skiftar 
innmat i heile maskina.
Eg får ikkje lagt 
på namn på mine bilete,
og har da ikkje så lyst til å ha
dei ut lagt på bloggen til fritt bruk
for alle.
Har kjøpt meg Element 7,
til bilete behandling

men har ikkje fått brukt det 
sidan maskina er hos
Pc doktoren meir enn
ho er hos meg.


********************************************************************************


3 kommentarer:

Janne i Fagerlia sa...

Kjekt at du er i "vinden" igjen. Tiden strekker ikke til bestandig nei - det kan jeg også bekrefte. Deilig sjal du har heklet.

Haldis sa...

Heldig den som får så mykje fint! Eg har og kjøpt meg Elements 7, Har gått kurs 2 av 4 kveldar, synd eg fekk ikkje med dei to siste. Eg vart sjuk og har ikkje orka sy eller noko anna. Har ikkje brukt billedbehandling før så dette virka veldig spennende. Ha ei god helg.

Stubbetufsa sa...

Heldig var ho med bursdag! Ho fikk mye fint av deg!
Du, klart du kan flette av Grønlandspil!
Klipp, sorter og la tørke i tre måneder. Gå på kurs eller kjøp bok, bløyt kvistene og flett!