onsdag, oktober 31, 2007

ENDELIG HAR EG FUNNET DEI ANDRE PÅ BLOGGEN

JIPPPPPPPPPI, har fundert litt og kanskje enda litt meir over kor dei andre kan opphalde seg som har blogg spot side.

Dei fleste er vel innom heime ein gong i døgnet men, det hadde jo vert artig å besøke nokon nye blogger.

Da eg endelig oppdaga kor enkelt det var å finne nokon med samme interesser som meg vart eg litt flau....., men veit ein det ikkje så veit ein det ikkje.


Eg hadde tulla meg inn på "oversikt" sida og gjekk vidare til profil ,der sto det at eg var advokat.
Så staden for å gjer det eg skulle trykte eg på advokaten og da kom det frem alle bloggene med advokater. Såg meg litt ikring men forsto fort at eg hadde havna på feil hylle så eg måtte inn og redigere yrket mitt. Da såg eg at alle hobbyane og interessane mine var blå med strek under og da eg klikka på dei fann eg andre med akkurat dei same interesane som meg.

Så enkelt var det. Eg vart nok litt stolt av ho med datavegringa som får ting til sjølv om det tar tid og tankevirksomheita mi.

Eit plaster på såret for dei som viste dette frå før, skal få sjå på eit kveldsbilde av utsikta frå syrommet mitt.

Ingen kommentarer: