onsdag, april 16, 2008

SLIK GÅR DAGANE.......................



Har ikkje vert så mykje inne og blogga i det siste.
Det har gått litt fort i svingane her i det siste.
I påska feira vi vår dotter og min bursdag,
besøkt ei tante som nyleg hadde 85 årsdag,
og besøkte slekt i Norddalen.

Våre to eldste som begge er på dementavdeling
har begge blitt sjuke.
Min far hadde "små drypp" og svigermor hadde slag.

Begge er gamle og er i Solnedgangen i deira liv,
men det er ikkje lettare for det.
Så mykje av tida har gått til å besøke dei,
og å få ferdig soverommet.

Desse solnedgang bileta minner meg om kor fort ting kan skje.
Ein dag er himmelen blå,
neste dag med mørke skyer,
plutselig ein dag er den den rød
og sola er nesten i havet.

Nytt liv blir skapt,
ei drektig rådyr dame kom spaserande
forbi huset ein morgon då katta ville inn.
I mange år har det blitt født rådyr unger,
mindre enn 100 meter frå huset.
Kanskje det er denne i år.
Gleder meg til å følge med.

Har også vore på kakepynte kurs med Bygdekvinnelaget,
det var artig sjølv for ei som ikkje likar slik "dingel"
det er å pynte kakar.


Some of the things I have done in the last Weeks.

=============================================================================================

Ingen kommentarer: