søndag, juni 29, 2008

HEKK OG REGNBUER...............

Det nærmar seg at vogna og vi skal på tur,
og måtte få opp farta.
Vi skal ha ho på ein campingplass i nærheita av ei fergekai,
der Mr. Fargerike skal vere vikar
medan han ventar på ein annan båt.
Vi blir nok litt til og frå, må klippe plen, passe huset
og mate kattane litt og.
Det tek for lang tid å kjøyre heim og stad til ferga,
så vi får prøve dette ei stund.
Det er ikkje hagen som har fått førsteprioritet
mens vi har måla hus.
Så etter litt att og fram vart det bestemt hekken
skulle plantas her for å prøve å stenge ute nordausten,
den er både hard, kald og langvarig når den kjem.
Fekk hjelp til å grave hola,
her er plantane kome i jorda.
Litt vatn og klipping blir den nok fin om nokre år.
Det skulle vere sergent eple om eg ikkje tek heilt feil,
skal tåle alt "godveret" her.
Som inneheld både kraftig vind og regn frå alle kantar,
lufta har både finsand og salt i seg.

Skyane frå sør.
Det gjekk torever lengre inn i Romsdalen tidlegare,
og fekk då ein fin regnboge som takk.

Fargane blei sterkare då veret trekte seg tilbake,

heldig er naboen som fekk "gullgryta" denne gongen.


New hegde and a visit from the rainbow.

<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<

1 kommentar:

Mita`s hjørne sa...

Heisann...
Håper dere får noen fine dager i campingvpgna...