tirsdag, juli 15, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG

Var på leit etter ein nål som eg brukar til å feste tråder i strikka ting,
kika ned i ei eske eg har innan rekke vidde til småsaker.
Då kom eg over
Nr. 3, ein folder med program frå VM i skiskyting 2008.
Nr. 4, delar frå eit IQ-spel.
Nr. 5, fleire mageband til ulike nøster.
Nr.6, ei halv fargekrit.
Nr.7, fjøra i ein penn.
Nr. 8, malen til eit dukke boa-skjerf.
og til slutt
Nr. 9, ei blåskjel med feste anordninga på.
Nr. 10 Kasta tidlegare i dag ei lita samling av lyse stumper.
Det er vel åtte ting til saman,
det passar bra sidan eg skal tilbake til vogna
om ein par dagar og det er ikkje tilgang til internett der.
Nåla er framleis borte.
Så kanskje eg kan finne fleire ting å hive mens eg leitar etter ho.

''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''''

2 kommentarer:

Monika sa...

Kor flinke du e :-)
Eg tenkte eg skulle ( prøve ) å kaste ein gang i veka - og samle det opp - rom for rom
Med fare for at til slutt så blir det tomt for rot der ( det er lov til å drømme )
Smil fra monika

Anonym sa...

Så flink du er . Er det ikke litt befriende også , å kaste ting ? jeg har ryddet i klesskap , så nå kan jeg begynne å fylle opp igjen ...