onsdag, oktober 01, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG 120 - 133

I iveren etter å gi bort eller kaste ting,
gjekk det meg hus forbi at idrettslaget hadde
loppe marked i helga.
Når Mr. Fargerike er heime er det han
som handlar inn maten og da blir ein ikkje
oppdatert på plakatar om ting som skjer i bygda
om ein ikkje er med der tinga skjer.
Tidlegare samla eg saman det eg skulle kaste
av sengeklede og gardiner.

Gav vekk alle sengekleda og stue gradinane.

Fekk i same slengen gjeve vekk

Nr. 121
To storblomstra gradinar som eg sjølv har fått.

Nr. 122
To andre gradinar som eg og har fått.

Nr. 123
Nokre dukar og vart gjeve vekk.

Nr. 124
Kasta ei veske som hadde fått hanken øydelagt.

Nr. 124
Kakefatet til peanøttkaka sprakk og delte seg.

Nr. 125
To inne planter som takke for seg.

Nr. 126
Støvlane til poden som hadde morkna opp.

Nr. 127
Ein del pocketbøker er lagt i gi bort eska.

Nr. 128
Eit svart sjal som min mor har hekla,
ville tausa ha med seg til Trondheim.

Nr. 129
Eit par blåe damesko.

Nr. 130
Eit par svarte damesko.

Nr. 131
Pakka ned 7 mjølkeglas i loppemarknad kassa.

Nr. 132
Ein brun vase.
Nr. 133
Seks par med gamle lysmansjettar.

Samla alle einslege lys og skal no prøve å bruke dei opp,
så får eg ledig plass.

På loppe markedet fann eg ei tysk/nynorsk ordbok og
seks blåe glas frå 70 talet.
Likar glas med farge og struktur
dei er lettare å halde for ein som har leddproblem.



---------------------------------------------------------------------------------------------


1 kommentar:

Anonym sa...

Dette kan jeg virkelig lære noe av - kaste eller gi vekk en liten -eller stor- dubeditt hver dag.
Flink er du - både til å kast og sy