torsdag, april 23, 2009

DET LIKNAR PÅ NOKO

Det går framover med heklinga,
syns eg greier meg godt.
Noko skal ein jo gjere sjølv om kneet
ikkje er heilt som det skal.


Det er under 40 ruter igjen,
Det skal vere to rekkjer i breidda
i tillegg til det som visast her,
og i "holet" skal det heklast
fleire oldemor ruter.



No er det ikkje så mykje igjen før
eg kan starte saman heklinga.

Trur ikkje eg kan det 100 %
men det må vel ikkje vere all
verden å få dette til.


Har hatt eit utruleg fint ver i dag,
varme, vindstille og sol.
Første "utemiddagen" er ete,
og vi har fått ordna litt i hagen.
vi har klippet, raka og luka litt.
Så i kveld har eg fått meg "rakearmar",
solbrent og støle vart dei.

Då er det litt over ei veke til konfirmasjonen,
trur eg skal vaske bunadskjorta i morgon
og la ho få henge litt i sola så ho
kan få seg litt naturlig "grønn" bleiking.
Ellers er det meste i boks.

XXXXXXXX

Ingen kommentarer: