lørdag, mai 16, 2009

HEKLA TEPPET


Har hekla og hekla,
og endelig har eg nådd målet.
Har sikkert garn igjen til eit teppe til.


165 biter ferdig og montert saman.
Litt i minste laget,
har starta så smått
på utvidinga.
Brukte litt over ein månad på dette,
i tillegg til førebuingane til konfirmasjon.


Mitt nye prosjekt er labba
til meg sjølv,

strikket i tove-garn og dei skal
tovast sjølvsakt.

Håpar eg greier å forstå
resten av mønstra.

Har aldri før prøvd meg på mønster
under foten etter diagram.


Vil helse til konfirmanten som
i dag har blitt 15 år.
Ikkje den beste dagen og feire på,
men han vil kanskje feire seinare.
Men han og nokre andre har
vert på stranda å
bada og dukka i dag,
så veret har vorre
kjempefint heile veka.
Har opplevd 17. mai feiringar med
sludd-byger eller sør-vest-kuling med regn,
men i år er det meldt liten bris og 15 grader
så da kan det bli kjempefint.

Har skjedd ein del i det siste,
så blogginga har blitt prioritert ned.
Pluss at min data som kom heim etter
reparasjon nektar å lese minne kort
så det blir så tungvint å bruke både
to og tre maskiner for å få til eit innlegg.

*****

4 kommentarer:

Haldis sa...

Eit flott teppe du har hekla. Rask er du og! Ha ein god 17 mai.

Inger Anne sa...

Så flott teppet ditt er , virkelig fine farger . Har ungdommen bada ,sier du ? Herliga land , for noen vikinger .

MITT FARGERIKE sa...

Hæææ, Inger Anne. Trudde det var normalt å bade før 17.mai. Når vi var ung, slabba vi før 1.mai og bada før den 17. Dessuten så høyrte vi gauken i går, å da er det vist lov å bade.
Trudde "Æssaren" var like tøff så oss frå "Stemma"

lene sa...

For et utrolig vakkert teppe..