fredag, mai 01, 2009

SISTEMANN UT

Tida går fort, fort,
på søndag er det junior som
skal konfirmerast.
Gjestane har starta å komme,
og fleire blir det.
Har fiksa og ordna alt ferdig i dag,
så det var godt å få vere vikar
på biblioteket.
Veret var så fint at eg hadde berre to
innom i dag.
Fekk hekla litt fleire oldemor ruter,
no er det vel berre ein 15 ruter
som manglar så kan eg starte monteringa.
Skal bake ei kake og lage ein dessert
og resten av tida skal eg slappe av.
Håper på like fint ver som på bildet,
men meldingane er ikkje så fine ennå.


Gleder meg litt til tysdag også,

for då er eg ferdig med operasjonen i kneet,

og kanskje eg får vite kva som gjer det så

kakkande "#¤%&/()=?` ilt.

Håper det blir soppast bra at eg kan klare meg sjølv på

flat mark og i lettare kuppert terreng.

Vil ynskje alle meir eller mindre stressa

"konfirmasjonsforeldre" lykkje til

og resten av dei som stikk innom ein fin vår.

Og er det nokon som vil ha kakerester over helga er det

berre å ta seg ein tur innom.


2 kommentarer:

Kjersti M sa...

Award til deg hos meg. Håper den faller i smak :-)

Lotte K strik sa...

Hej. Nu har jeg meldt mig som fast læser af din blog. Glæder mig til at følge den, jeg kan se, du også læser min. Jeg har været inde på et kort, og se hvor du bor henne, det ser ud som et dejligt sted. Jeg har kun været i Norge en gang, men det var ikke ret langt oppe.
Jeg bor på Fyn, som er en ø, men der er både broer vest, syd og østpå. Ringe ligger 20 km syd for Odense, som er byen, hvor Eventyrdigteren H.C. Andersen blev født. Det er jo ikke, de store højder, vi har her i landet. Vi kan se både svensk og norsk tv.