fredag, mai 09, 2008

HANDLENETT. NETT

Tilegare i vår kom eg over noko garn som var på salg,
da greip " bare må ha det" syndromet inn.
Blandt anna kjøpte eg noko turkis garn,
vart litt usikker på bruksområdet.
Plutselig ein kveld slo "kunstneren" til,
fann fram mine tjukkeste pinner og strikka i vei
men bruksområdet var ennå ikkje klarlagt.
Nokre veker seinare tok eg å sydde strikkinga fast på svart stoff,
ikkje fornøyd då heller.
Vart no redd for at dette vart ein heilt ubruleleg UFO.
Men fekk spørsmål om eg kunne lage handle nett til tausa,
tenkte litt....tenkte ennå meir.
Veit ho ikkje må ha det "alle" har
så eg tok ein sjangse og sydde ei veske av "kunstverket".


På årsmøtet i april kjøpte eg
meg ein kniv som skar ut rundingar.
Er ikkje kjent for å ta i bruk nye
ting eg kjøper meg raskt.
Så eg overraska meg sjølv med
å stå og skjere ut rundingane,
med det nye apparatet.
Fungerte faktisk!
Nettet ville ho ha.

For å vare på den sikre sida laga eg eit nett til,

det vart fleire ringar.

For å få glamorfaktoren opp på handlinga

tok eg og sydde fast nokre gull farga paljett blomster,

som var frå den tida ungane dreiv med klipping og liming.

Kom på at kjærasten kanskje ikkje ville bruke

oppstasa vesker så han fekk eit som var berre svart.

Shopping bags for our daugther.

-------------------------------------------------------------------------------------------------

2 kommentarer:

annemariesquilt sa...

Så flott handlenett, veldig kunstnerisk!
Er i tenkeboksen for å lage et til meg selv. Har hvertfall vært å kjøpt meg stoff i dag.
God helg.

Anonym sa...

Kjempeflott handlenett du har sydd, heldig er hun som får det....
likeså det flotte penalhuset.
God Pinse :-D