mandag, juni 09, 2008

DU GJØR DAGEN MIN BEDRE

Da eg kom heim frå korps stevne i Stryn,
låg denne og venta på meg.
Vil takke Inger Anne for den.


Det var ein fin tur,
på vei nedover stansa vi og besøkte
kjent folk i Stranda området.
Vil helse til dei og takke for kaffe og kake,
og håper dei kjem på besøk til oss ganske snart.

Vi var faktisk så tidleg ute at vi tok ein tur
gjennom Norangsdalen og til Øye.
Der var det kjempe fint og kameraet vart flittig bruk
både av meg og dottra.
Men no har det seg slik at min bilete
blei lagra på Macen til dotttra.
Derfor må eg vente til ho kjem heim igjen,
kanskje eg må vente heilt til helga.
Hint... Hint...om at ho må komme tidligare heim...

Vi var så heldige å treffe igjen eit par
som vi gjekk på skulen i lag med og som budde i
same blokk som oss, då vi gjekk
på Maritime i Ålesund.
Det var nesten på dagen 25 år sidan på dagen
sidan sist vi hadde sett kvarandre.
Trur vi vart like glad alle saman over å treffast etter så lang tid.

Vi hadde hytte og dei hadde bobil,
vi mangla fyrstikker og spurte dei om å få låne med dei,
og då kjente vi kvarandre igjen.

Ei spennande helg med alle barna våre og nokre av barnebarna,
pluss å få treffe igjen nokon som vi ikkje hadde sett på lenge,
og for min del ei trivelig dame som eg tilbrakte
tre dagar med i Trondheim mens karane var på kurs.

Så noko bilete frå Stryn turen blir det ikkje
før eg får dei over på min maskin.

%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%5


Ingen kommentarer: