torsdag, mars 26, 2009

OPPDATERING PÅ HEIMEFRONTEN

Det har gått litt fort i svingane i det siste,
har feira 70 års jubileum for bygekvinnelaget mitt.
Bytta til ny mobil igjen sidan eg kjøpte
gjekk i svart etter to dagar.
Pc-en blir på verstaden i 3 veker.

Fekk ein avbestillt time på Medie 3 i Ålesund,
og er no booket inn for at dei skal kike inn i kneet
dagen etter konfirmasjonen.
Så då blir det vel to nye veker på krykkjer.

Denne månedens hagemøte er avvikla,
foreldre samtalen på skulen er ferdig
og har i kveld var vi på informasjonsmøte
om "naturfengselet" her i bygda.

På siste møte i fotoklubben fekk vi sjansen igjen
til å bedømme ein fotokonkurranse frå ein fotoklubb.
Det gler eg meg til å få vere med på.

I helga blir eg heime aleine igjen då kallen skal på
eit "riggflytt" igjen og guten skal på leir med konfirmantane.
Så plana er å bruke tida på syrommet,
om ikkje sola lurer meg ut for å samle D-vitamin.

Dette bildet er frå Atlanterhavsveien
og ei av dei mange bruene der.
Storseisundbrua ein laurdagskveld i mars 2009.

Det spirer og gror godt i hagen,
så her er våren godt i gang.
Då er det vel på tide med
"litt" hagearbeid igjen.

Denne låne Pc-en lever eit eiget liv.
Nesten verre enn den som er innlevert,
kvifor eg får eit lilla felt i hjørnet
nederst til venstre må
nokon andre svare på.
Jippi trur eg greidde å fjerne det sjølv



1 kommentar:

Nina In Norway sa...

Flott rapport og flott bilde. Ja er det ikke deilig å kjenne at vi lever. Det er ikke målet i seg selv som er det største, det ver veien vi går for å komme dit.
Ha en fortsatt travel tid og kos deg med aktivitetene dine enten det er inne eller ute.