søndag, juni 29, 2008

Ålesund igjen

Onsdag morgen ringte klokka 4.15,
ein time seinare starta vi turen.
Vi skulle til Ålesund og ha sørvis på bilen.
Ungdommane ville bli med
så turen gjekk først på Aksla,
så blandt turistar frå Island og andre land
fekk vi sjå den fine utsikta over Ålesund.


Den høgste blokka bodde vi i mens vi gjekk på skule.
Har aldri hatt så fin utsikt frå ein bopel,
men vi bodde i 11. etasje så det var vel ikkje så rart.

Det kom turistskip og la til kai,

noko som gledar Fru Fargerike.

Må nok berre innrømme at "båtar" er ein av mine ting,

har også skumle planar om å besøke Måløy i august

då det er "Tall ship Festival" der.

Håper det blir noko sia eg har gledd meg i over to år.


Atlanterhavsakvariet måtte sjølvsakt besøkast

sjølv om vi har vore der fleire gongar.

Reknar med dette er "Dame" varianten av berggjyltane.

Ikkje enkelt å ta bilde gjennom glas.

Denne annemona såg ut som ho hadde strikka genser på seg.

I eit hjørne låg denne flate saken som sendte

meg skumle blikk etter den blei fotografert.

Her er det rolig før dykkarane kjem og skal mate fiskane.

Det vart skikkeleg liv då dykkaren kom og skulle mate fisken.

Både stor og små fiskar kom fram,

dei kunne tydlegvis klokka.

Alt ein halv time før tidspunktet byrja fisken å samle seg

i store stimar.

Vi var og såg på årets nykomlingar,

pingvinar er nokre artige dyr.

From our visit in Ålesund and the saltwater-aquariums,

"Atlanterhavsparken".






2 kommentarer:

Marie sa...

Flotte bilder frå Ålesund!
Du må ha hatt litt av eit utsyn frå ellevte etasje! Ålesundstur står på ferieønskelista mi. Men det blir ikkje i år, eg har berre ferie ei langhelg frå torsdag ettermiddag til og med mandag som mannen min også har fri.
Eg har hatt fri store deler av juni, brukt mykje tid i hagen. No skal eg jobbe i barnehagen til uti august då kyrne skal kalve.

God søndag :)

Anonym sa...

Flotte bilder fra Ålesund! Skal du til Måløy må du nok om Eid,da må vi møtast.Kaffi hos meg da!