onsdag, januar 14, 2009

JULA VARER HEILT TIL..........

Skal prøve å oppdatere bloggen min litt.
Har sett ein del slike rundt om
i bloggverden.

Desse julekorgene

og dette snøkrystallet
er over 30 år sidan eg laga.
så ventar ein lenge nok vart dei
"kule" igjen.
Hadde hekla nokon større kvite
snøkrystallar som eg brukte
å henge i vindauget.
Lurer litt på kor dei har teke vegen.
Hadde tova litt julepynt,
dette var det som kom fram i år.

Får satse på at dei kjem fram
til neste år.
Her er det både litt gamalt
og nytt som blei brukt til pynt
på spisebordet.

Jula vart litt ekstra spennande i år,
Mr. Fargerike søkte og fekk
seg nytt arbeid.
Det skulle visst bli mykje reising,
i forhold til den han hadde
der han var borte i 6-8 veker?
Spennande å sjå kva som skjer framover
sidan det var ei av tre nyoppretta
stillingar han fekk.
Han må reise på kort varsel
og jobben er veravhengig,
så kanskje han er heime
når det er styggevær på oljefelta?
Det er vel litt tidleg ennå
å danne seg eit mønster,
så vi får ta det som det kjem.

ØØØØØØØØØØØØØØØØØØØØØ

1 kommentar:

Hannesol sa...

Slike hjerter og stjerner lagde jeg også for 30 år siden. Tar de fram år etter år! Artig å ha blitt kul igjen ja :o) Flotte sitteunderlag du har laget forresten!!