torsdag, januar 22, 2009

TOALETT VESKE

Har brukt ein del tid på
sy rommet dei siste dagane.
I helga kjem det eit nytt bord
som skal dit inn
og det gav eit ekstra puff
så ryddinga har gått sin gang.
Har også sydd litt
og då får tankane dra fritt ut.
Kom da på ei veske som eg hadde starta på i haust,
har no leita huset rundt etter bladet der
oppskrifta står, til og men mannen engasjerte seg i leitinga.
Men har da fått rydda i alle bladbunkane rundt
om i huset, noko er kasta, noko er sortert
og noko skal sjekkast før dei skal kaste.
Rydda i quilteblada på sy rommet
der var det ikkje.
Men i dag over ei veke inn i leitinga
kom både bladet og resten av veska fram.
Berre to armlengder frå maskina
under ein juleufo låg den og lurte,
den er no under behandling av symaskina.

Det som er ferdig sydd er denne toalettmappa,
har ei Tilda pakke som eg har brukt mønstra i.
Om det rosa stoffet blir brukt,
så blir det nok ei gave.
Når mor eller dotter ikkje "heler"
rosa må det gå slik.


Den skal til Trondheim og passe på
sminke pungen i same stil.


****************************

Ingen kommentarer: