tirsdag, juni 30, 2009

KURT FRÅ QUILTEBLADET


Då er pinnsvinet frå
quiltebladet ferdig.
Den heiter Kurt og er
riktig så blid.

Pinnsvin var min
store skrekk som
lita taus.


Det var mange
bol under gamal huset,
den tida slo ein ikkje plena,
pappa slo med ljå
mellom bærtrea.

Så når mor
og far pinnsvin
gjekk tur i langraset med ungane
på ei lang rekkje,

så torte eg ikkje
å gå i graset uten sko
fordi eg var redd for
å trappe på dei.


Dei hadde faste stiar,
og det var så
mykje pinnsvin at
vi måtte passe
på når vi hesja
så dei ikkje vart med
høyet når det skulle
på hesja eller
inn i løa.
************

søndag, juni 28, 2009

EIN TUR MED MAKRO LINSA I HAGEN


Med rabarbra blad og
sement kan du lage slike.

Blomster i hagen


Fleire sementblad,
har mange størrelsar
og fasongar.
Hadde håpa dei
vart litt meir rustikk
med åra,
sidan alt anna blir
dekt av mose
før du veit
ordet av det.

Makrobilete av ei fullasta humle,

ein blå blomst

ein raud ein og

til slutt den gule igjen.


Ei natt litt over to
såg eg desse 6 kronhjortane
på veg mot oss.


Sjefs hjorten og
nestkommanderande
ledet an.


Så no har eg ennå
ein grunn til
ikkje å sove,
synes denne sovinga
er litt oppskrytt.
Synes to timer
kunne vert nok,
men av og til må ein
berre sove.

-------

MARKDAG FOR HAGELAGET


Trur eg har baka siste
"gje vekk kake"
før skulen startar igjen.
Denne vart baka
til naboguten
sin konfirmasjon
i mai.
Fann oppskrifta hos
på marengskake ned
puffet-ris hos

jannflat.blogspot.com/

den var kjempegod,
den går
også under navnet
"isoporkake".

I går avslutta eg
"bakinga"
med ei krydderkake
til markdagen
hagelaget hadde
i paviljongen
på Farstad.


Veret var kjempefint
og det var nesten
for varmt.


Vi solgte kaffi og kaker
og sjølvsakt blomster,

Tombola salet gjekk
så bra at vi
måtte
ordne fleire
gevinstar
og lodd.

Alle blomstrane vart
solgt så då vart
det pengar i kassa,
til drift av laget.

Og eg vart skikkeleg solbrent,
så i dag er det skyggen
som er best for meg.

Skal ein tur i Gamalhuset
for no har dei fått
opp ei kiste frå 1904 som har
vorre uåpna så
lenge eg kan huske.
Spennande!!!

******************************************************

torsdag, juni 25, 2009

HEKLA SJAL

Har hekla eit sjal
i Kitten mohair

Farga er sjøgrøn,
den visast med best farge
på det øverste bildet.

Liker fargen kjempegodt
men det klør,
trur det kan bli betre
når skjerfet har blitt varmt.

Når ein ikkje les
oppskrifta
skikkeleg blir det
ikkje heilt det
likt som i oppskrifta,
berre nesten.

Har gjort ferdig
eit sjal som
eg har
prøvd meg på
fleire gonger.
Har blitt ein del
mil i bil
og da er det kjekt
å hekle.

Har to nye labbe "UFOar"
på pinnane
som måtte vente
til sjala vart ferdige.


Har også brukt litt til på
sy rommet i det siste
så no er det tre dukar,
eit vegg teppe og
dei andre UFoane
som "berre" manglar litt
fått konkuranse
av duken med
ekornet Kurt som

det var oppskrift på
i siste quiltemagasinet.

Det er så varmt at eg berre
måtte inn ei ri
og lage eit blogg-innlegg.

XXXXXX

SKATTAR FRÅ GAMMAL HUSET......

No har dei to frå Trondheim,
og han på ungdomsskulen
endelig skule ferie.
St. Hans feira vi
hos naboar,
men får vel ta ei
lita feiring når
mannen kjem heim
kanskje i helga.


God veret kom i går
saman med arbeidslysta.
Nokon er meir
allergiske enn andre
så dottera malar gelender,
(eg har fått forbod mot å male
pga. knea frå mann og barn)
sonen slår plen hos sine klientar
og ein ryddar i gammal huset.
Vi andre stikk innom
og hjelper til og,
trur dei unge likar å
fare på skattejakt
i tinga som er der
etter minst tre-fire
generasjonar.


Hadde eg huska det var to
hekla teppe der
hadde eg ikkje trengt
å lage meg eit sjølv.

Trur det er min mor som
har hekla begge to.


"Mamma, mamma sjå ka i fann,
den passa akkurat, kan i fåån trur du"

Gledestrålende over
å ha funnet
ei jakke/kåpe i terylene
frå tidlig 70-talet.
Husker min mor sydde
kjolar, bunadar
og andre ting til damene
i bygda og familien.
Så dette er vel ei
jakke som mor sydde til
mi eldste søster.

No er dagens skattar
vaska og klare til bruk.

******

lørdag, juni 20, 2009

FOTOTUR PÅ AVERØYA DEL 2

Vi tok oss eit stopp
på Kvernes.

Først tok vi bilete av

Den nyaste kyrkja som er frå

år 1893.

Den er ei utruleg fin kyrkje

med mange detaljar
og fine vinklar

som ein "fotograf " elskar.

Ønsker meg eit slik rekkverk.

Kvernes Stavkyrkje

ligg tett ved den nye.

Den er frå tidleg 1300 talet

og har ikkje så mange detaljar

i eksteriøret som nokre
av dei andre stavkyrkjene
vi har i landet.

Var positivt overraska
over kor fin og lys
ho var inni.

Kom i snakk med guiden frå
fortidsminne foreininga


og av ho fekk vi sleppe
inn mens ho rydda
etter ein gruppe
som kom med buss.


Har både vorre i
konfirmasjon
og gravferd
i ny kyrkja


trudde då at stavkyrkja
var så skral
at ho måtte bli
støtta opp.

Men den vart bygd slik,
og støttene var
bygd for å tole
vær og vind.



Vi starta turen halv sju
på morgonen,
og var både svoltne og trett
då vi kom heim
over fem timar seinare.

Vil takke tausa mi for ein fin dag!
Ønsker meg fleire slike turar.

*****