Det er godt å ha heimen for seg sjølv igjen,
Mr. Fargerike har reist ut på havet,
det er vist viktig å seie at han er på havet og ikkje på sjøen.
Er han på sjøen er han fisker og det er han jo ikkje.
Han ringte heim og da hadde kokken laga til grillselskap på dekk,
og her haglar det, lyn og torden flerrar himmelen.
................. litt urettferdig?
I kveld har eg og guten kosa oss med
Løvebiff (løvbiff) med chips og god saus.
Sidan han ikkje har vert heime,
har eg tilbrakt både laurdag og søndagen på syrommet.
Måtte byrje med å ha ei skikkeleg opprydding
og fann ennå fleire ufoar.
Har no gått laus på ein veskeufo
som berre manglar hankar no, bilete
kjem seinare av helgas produksjon.

Sola skein for første gong i år på kjøkkenet,
då vart alle beordra på kjøkkenet for å sjå underverket.
Merkar godt at sola har kommet seg bortom fjella
før ho går ned og tek kveld.
No er det berre snakk om dagar før sola går over alle fjelltoppane,
etter at ho har kara seg over det første og nærmaste fjellet.
Sit og høyrer på den klassiske radiokanalen og kosar meg.
Tidlegare i kveld høyrte eg på balett, likar best musikken og ikkje dansen.