fredag, januar 04, 2008

FRA UFO TIL DUK

Laga ein duk før jul
brukte lang tid på den.
Var vel ein UFO som eg
ikkje fekk til å "stemme".
Den var ikkje "meg" så eg sleit litt
med å få den til.
Fekk den då omsider ferdig.


Var så heldig at eg fekk besøk av mi tante,
syskenbarn og svigerdotter,
ho er så imponert av det eg har laga.
Eg såg da mitt snitt til å få gjeve vekk duken.
Sa tante kunne få ta den med seg mot
at ho fjerna tråkle-tråd og klypte av trådendane.


Nei, da var ho for gammal til å ha ein slik duk,
litt att og fram så tok ho med seg duken.
Ho kunne gi den til den ho ville om ho ikkje ville ha den sjølv.

Stakk innom syskenbarnet mitt på nyttårsdagen,
og der låg duken på bordet.
Da såg eg mitt snitt til å ta bilete for det hadde eg ikkje gjort,
sidan den fekk reis før eg hadde fått fiksa
den skikkeleg og den var fotoklar.
Bra nokon likte den betre enn meg.

********************************************************************************************************************************************************************

3 kommentarer:

Inger Anne sa...

Det er hver sin smak og jeg syns den var helt nydelig . Vet flere plasser den kunne passet ......

lillemy sa...

Duken var jo flott den! Godt at den kom til rette en plass da iallefall!!!
Ha en flott helg!

Monika sa...

Heia
Duken var fine den :-)
Morgensmil fra monika
som har mye vind - og sne som flytter på seg = godt inne ver