fredag, januar 18, 2008

Fremdeles uten Browser

Greide med ein del kunstgrep å redde mine innstillinga, men får framleis ikkje til å leggje til bilete sidan menyen på "nytt innlegg" er borte.

Var så heldig at eg fann min pose med stikke-pinnar og hekle-krokar, og ein ein del garnnøste frå den gang da eg strikka då i rosa og lilla til vår dotter då ho var baby (har greid å overføre min rosafobi på ho).

Garnfunnet resulterte da i ein genser til babyborn dukke, tenkte eg skulle strikke bukse til. Då eg hadde komme over halvveges då eg oppdaga at den fargen var det slutt på, rekte eg like godt opp alt.

Så no har eg kasta meg over heklinga og er godt i gang med tøffel nr. 4.
Prøvde å smiske meg inn på mannen min om han ville ha med seg tøflar sidan han dreg på båten neste veke og blir vekk i minst 6 veker. Han himla med augo og rista på hovudet og sa litt oppgjett: I ska nå t Filippinene, båten e der å d e hett der. Treng nå vell ikkje tovatøfflå der i da".

Så no har eg da eit par tøfler til overs, kanskje han vil ha dei når han kjem heim.

Ingen kommentarer: