søndag, august 24, 2008

BESØK

Var ein tur innom min far på
omsorgs boligen.
Tidlegare i sommar fekk vi
vete at dei hadde mistanke om at han har kreft.
Han er ein gamal mann og sterk dement.
Allmenn tilstanden hans gjer at det ikkje er
tilrådelig med store undersøkingar,
for å finne ut nøyaktig kvar den er.
men prøvane fortel vel oss eigentlig nok.


I dag viste han oss kor han
har store smerter i magen,
og at det blir ilt om han bøyer seg
over armlenet og det klemmer på magen.
Han har blitt så tynn.
På rommet hans har dei måtta
plukke vekk nesten all pynt og bilete.
Ingen matter eller tepper,
dukar, pyntegjenstandar og blomster i vindus kanten osv.
Han plukkar, pillar og flyttar på alt
så dei må berre sette vekk tinga hans.
I dag måtte eg ta med meg brudebiletet
av han og mamma heim,
det vart knust i natt.
Så det er litt tungt og leit i dag,
men livet blir ikkje alltid slik ein hadde tenkt.
Dei passar godt på han der han er,
så han får den beste pleie vi kan ønske.

=========================================

1 kommentar:

Inger Anne sa...

Tøffe dager skjønner jeg , Klem fra meg .