mandag, august 18, 2008

KAST EIN TING KVAR DAG

Da var det på tide med ei oppdatering
på kaste ein ting kvar dag hos meg.

Nr. 25
Pengeboka som eg baud på og fekk tilslaget på,
under mitt besøk
på Netthandelen tidlegare i vår.
Den var nok best på biletet
og ikkje i den verkelege verden.
Fin uten på og berre billig plastikk inni.
Slike ting treng eg ikkje så då flytta den i søppelkassa vår.

Nr.26
Etter hardt press under ferien kasta mannen
ei godt brukt t-skjorte.
Etter enda hardare metodar
kjøpte han seg seks nye t-skjorter.
Så kanskje, kanskje han han hive fleire etter kvart.

Nr. 27
Junior Fargerike har også kasta ei t-skjorte,
han fekk akutt behov for ei ny skjorte
då vi var på handletur i Strømstad.
Plutselig tok skjorta seg den ufine fri heita
at ho byrja å bite guten så han fekk
illraude merke på halsen.

Nr.28
Mr. Fargerike kasta og eit par labbar
under ferien, då dei skifta til
hudfarge på tåa.

Nr.29
Har starta å måle huset vårt,
da skrua eg ned lampa over trappa
og den skal ikkje opp igjen.

Nr.30
Då den eine lampa vart kasta,
vart vegg lampa også godt vurdert
og funnet moden for utskifting.

Nr.31
Gav vekk eit par tova tjukk labba
til nabo karen sidan han var så snill
og hjelpe meg med å få laus dei fast rusta
skruane på vegglampa.

Nr. 32
Har også kasta ei pakke med familie burgarar
som på mirakuløst vis har unngått
Mr. Fargerike sine romstering i frysaren.
Han er sjefen i frysaren og burgarane var ikkje
utgått for nokre mnd. men mange år sidan.
Merkeleg at slike ting berre glir fredelig rundt i frysaren
og lever sitt eige liv i kulde og mørke.
Det er ikkje mange mnd. sia den var
avrima og all maten sjekka.
Ein glipp er ein glipp.

Nr. 33
Var på mini dugnad på kirke garden i dag,
der vi klipte avblomstra roser
og plukka ugras.
Det vart to fulle sprettoppbøtter.
Og alt i dei blei kasta.

Nr. 34
Ein del "pynte" ting som var med vogna
då vi kjøpte ho vart kasta,
då eg var på leiting etter ein av to ting
eg hadde gløymt å pakke før vi drog.
Det var naglebørste og lommelykt
som vart igjen heime.

------------------------

Ingen kommentarer: