tirsdag, august 26, 2008

TRANAR, HUND OG EIT ØNSKE OM Å...............

Har fleire tidlege morgonar blitt vekt av
tranane sine "trompet" lydar.
Da har Mrs. Fargerike stupt ut av senga
og bort i vindauget,
for å sjå om dei er hos oss.
Har sjekka alle vindauger men ikkje sett noko.
Men ein morgon stod dei utom huset vårt,
dei var så nære at hekken ser ein på bileta.

Det meste eg har sett er åtte traner på ein gong,
under hundre meter frå husa.
Dei er så fine og elegante fuglar.

Dei er veldig sky så sjølv om eg greidde

å snike meg rundt hekken,

tok dei til vingane då ein bil starta opp.

Får håpe dei kjem igjen snart.

I helga hadde vi besøk frå Stranda

og dei hadde med seg hunden sin.

Er ingen hundeelskar men skal eg ha hund
må det bli ein slik ein.
Likar best dyr som er under knehøgda.


Har byrja å plukke fram ting,

eg skal ha meg ein ute dag,

med å male på stoff, prøve ut nokre trykkje teknikkar og

litt andre uortodokse metodar.

Dei gongane eg har bestemt meg før for ein rote dag ute

har det "skjedd" noko så planane måtte endrast.

"Men det blir ikkje noko på ein ikkje prøver seg."

Så eg får sjå kva det blir til.

Ha ein fin dag.

1 kommentar:

chevostar sa...

Flotte bilder av både hund og fugler :)

Ha en flott uke videre :)

ps : jeg er tidligere lillemy som har fått ny blogg, og nytt navn :)