tirsdag, juni 30, 2009

KURT FRÅ QUILTEBLADET


Då er pinnsvinet frå
quiltebladet ferdig.
Den heiter Kurt og er
riktig så blid.

Pinnsvin var min
store skrekk som
lita taus.


Det var mange
bol under gamal huset,
den tida slo ein ikkje plena,
pappa slo med ljå
mellom bærtrea.

Så når mor
og far pinnsvin
gjekk tur i langraset med ungane
på ei lang rekkje,

så torte eg ikkje
å gå i graset uten sko
fordi eg var redd for
å trappe på dei.


Dei hadde faste stiar,
og det var så
mykje pinnsvin at
vi måtte passe
på når vi hesja
så dei ikkje vart med
høyet når det skulle
på hesja eller
inn i løa.
************

2 kommentarer:

Janne i Fagerlia sa...

Du har tydeligvis kommet over skrekken for pinnsvin, for ellers tror jeg ikke du hadde valgt dem som motiv i arbeidet ditt. Kjempeartig!

Stubbetufsa sa...

Det var nok en ganske stor skrekk, siden du kan fortelle om den så detaljert! Men fin løper!